🏘️ SENTRUMSPLANEN FOR TREUNGEN – BLI MED OG PÅVERK!

Korleis skal Treungen sentrum utviklast i åra som kjem?

Omstillingsprogrammet Lyft har finansiert ein utvida medverknadsprosess i arbeidet med ny sentrumsplan for Treungen. Prosessen bygger vidare på arbeidet som blei gjort i 2018, men som dessverre blei stoppa under covid.

No tek vi opp att tråden – og vi treng innspela dine!

Det blir arrangert fem temabaserte møte. Sjølv om møta har ulike tema og målgrupper, er alle møta opne for alle. Du treng altså ikkje vere invitert til ei bestemt målgruppe for å delta.

👉 Jo fleire som møter opp, desto betre blir grunnlaget for ein god sentrumsplan!

 

📅 MØTE 1 – Barn og unge / eldre og funksjonsnedsette
25. november 2026 | kl. 09.00–11.30
📍 Biblioteket
Tema: Korleis kan Treungen sentrum bli tryggare, meir tilgjengeleg og attraktivt?

📅 MØTE 2 – Utbyggjarar, entreprenørar og grunneigarar
25. november 2026 | kl. 12.00–14.30
📍 Bankbygget
Tema: Bulyst

📅 MØTE 3 – Næringsliv, handelsstand og samferdsel
26. november 2026 | kl. 09.00–11.30
📍 Bankbygget
Tema: Korleis kan Rv. 41 og ny Tveitsund bru bidra til eit tryggare, meir attraktivt og meir levande sentrum?

📅 MØTE 4 – Frivilligheita, idrettslag, turlag, reiseliv og hytteforretningar
26. november 2026 | kl. 17.00–19.30
📍 Bankbygget
Tema: Korleis kan Treungen sentrum bli ein naturleg møteplass for fastbuande, fritidsbebuarar og besøkande?

📅 MØTE 5 – Lokalpolitikarar og kommunalsjefar
17. desember 2026 | kl. 09.00–11.30
📍 Bankbygget
Tema: Korleis går vi frå visjon til gjennomføring – og kva grep må prioriterast først? Korleis kan kommunen bidra?
Dette møtet bygger direkte på resultata frå dei fire første møta.

 

💬 Har du meiningar, idear eller tankar om framtidas Treungen sentrum? Då håpar vi du kjem!

 

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål:
Pål Mæhlum – Feste – Landskap – Arkitektur
📧 pm@feste.no | 📞 415 54 096
Thea Fjørtoft – Programleiar Lyft
📧 thea.fjortoft@nissedal.kommune.no | 📞 913 89 516
Gunhild Austjord – Kommunalsjef plan og teknikk
📧 gunhild.austjord@nissedal.kommune.no | 📞 488 67 026
Olav Kiland – Næringssjef
📧 olav.kiland@nissedal.kommune.no | 📞 410 45 480


Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?