Veke 44 er nasjonal beredskapsveke.
I heile landet vert det formidla korleis du kan vere førebudd på uventa og kritiske hendingar.
Målet er å verne liv, helse, miljø og viktige samfunnsfunksjonar, slik at konsekvensane av ei krise blir så små som mogleg.
I Noreg er det Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) som har det overordna faglege ansvaret for sivil beredskap på nasjonalt nivå.
På www.dsb.no Lenke til et annet nettsted. finn du mykje nyttig informasjon om beredskap.
På Nissedal folkebibliotek har vi ei utstilling som viser døme på kva du bør ha i beredskapslageret ditt og vi viser deg kvar du finn informasjon i kommunen og nasjonale råd.
Vi har laurdagsope 31. oktober.
Velkomen
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE