Vedkomande er folkeregistert i Nissedal og har avlagt positiv prøve her.

Personen er isolert, og alle nærkontakter er satt i karantene. Smittesporingsteamet har kontroll på situasjonen. Kriseleiinga fylgjer situasjonen tett, og smittevernlegen har ansvar for håndteringa lokalt.

Vedkomande har vore innom legekontoret. Vi ber personar som har vore på legekontoret måndag 13.09. etter kl. 10.00 vere observant på symptom og ha låg terskel for testing.

I samband med dette vil legekontoret vere stengt onsdag 15.09 fram til kl. 12.00 grunna nedvasking og desinfisering.

Telefonen er open som vanleg mellom kl. 08.00 og 15.00. Ta kontakt på telefon for å bestille test eller dersom du har andre spørsmål.

Dei som har time til vaksinering i morgo tidlig, 15.09, vil bli kontakta av legekontoret for nytt tidspunkt.

Telefonnummer legekontoret: 35 04 84 20.