Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Reduksjon eller fritak for skatt (ettergjeving eller nedsetjing av skatt)

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Som hovudregel skal alle betale den skatten som er fastsett. I visse tilfelle kan du søkje om å få utsett betalinga, få redusert skatten eller sleppe å betale skatt.

Målgruppe

Skattepliktige som ikkje er i stand til å betale heile eller delar av den skatten dei skuldar.

Kriterium/vilkår

Du kan få utsett innbetaling av skatte- og avgiftskrav dersom du er mellombels ute av stand til å betale skatten. Årsaker kan vere dødsfall eller alvorleg sjukdom. Skattekravet kan bli sett ned eller fråfalle dersom betalingsevna di er varig svekt.

Skattedirektoratet har gjeve retningsliner for praktisering av reglane om 'lemping av billighet'. Vilkåra for lemping kan stikkordsmessig samanfattast i følgjande fire punkt:

  • det må liggje føre 'tilstrekkeleg billighetsårsak'
  • det må liggje føre 'tilstrekkeleg 'billighetsverknad'
  • det må vere årsakssamanheng mellom årsaka og verknaden
  • lemping i den aktuelle saka må ikkje vere eigna til å svekke den allmenne betalingsvilja

Kort om dei einskilde vilkåra

  • Vilkåret 'tilstrekkeleg billighetsårsak'
    Dette tyder at det må vere ein eller fleire konkrete tilhøve som gjev grunn til å lempe kravet. Som hovudregel må årsaka ha oppstått etter at skattekravet oppstod. Årsaka må normalt vere uforutsett og av ein viss grad av alvor. Som døme nemner skattebetalingslova 'dødsfall, særleg alvorleg eller langvarig sjukdom, varig invaliditet'. Dette viser at det skal mykje til før vilkåra for lemping er oppfylde. Høg gjeld og/eller dårlig økonomi er i seg sjølv ikkje nok. Skatt er ilagt i høve til inntekt og formue, og det blir gjeve frådrag for spesielle utgifter. Det er ingen 'billighetsårsak' dersom betalingsvanskane skyldast skattytaren sine eigne økonomiske disposisjonar og prioriteringar. Det er heller ingen billighetsårsak' at skuldnaren har vore utsett for lovleg pågang frå kreditorar, til dømes utleggsforretning eller konkursbegjæring. Det er som nemnt bare dei utilsikta og sterkt urimelege utslaga av regelverket som kan gje grunnlag for lemping. Sjukdom er i seg sjølv ikkje tilstrekkeleg. Som det går fram av døma frå lova, er det eit krav at sjukdomen må vere særleg alvorleg eller langvarig. Sjukdom må dokumenterast. Sjå dessutan nedanfor under vilkåret 'tilstrekkeleg billigheitsverknad'.
  • Vilkåret 'tilstrekkeleg billigheitsverknad'
    Dette tyder at årsaka må ha hatt ei følgje som gjer at det er rimeleg å lempe kravet. Det krevjast som hovudregel at betalingsevna er svært svekka i høve til situasjonen då skattekravet oppstod. Eit døme: 'Billighetsårsaka' er langvarig, alvorleg sjukdom som gjer at skattytaren blir varig ufør og ikkje kan arbeide. Dette medfører at inntekta blir redusert, eller fell bort. Dersom årsaka (til dømes sjukdom eller uførheit) ikkje har påverka inntekta, er det ikkje grunn til å lempe kravet. Dette er tilfellet dersom pensjon eller forsikring medfører ein tilnærma lik økonomi.
  • Vilkåret 'årsakssamanheng mellom årsak og verknad'
    Tydinga av omgrepet 'årsakssamanheng' ligg i sjølve ordet. Det inneber at 'billighetsverknaden' (til dømes tap av inntekt) må ha kome som ei direkte følgje av 'billighetsårsaka' (til dømes sjukdom).
  • Vilkåret 'ikkje svekke den allmenne betalingsvilja'
    Vurderingstemaet her er om ei ettergjeving i dette tilfellet, dersom det blei kjent, vil kunne føre til dårlegare betalingsmoral for skattekrav hjå folk flest. Det kan seiast å ha ein samanheng med rettvis- og likskapsvurderingar. Det er svært mange tilhøve som kan vere relevante i denne vurderinga. Eitt av de sentrale spørsmåla er om det er noko spesielt ved søkjaren sin situasjon som tilseier at lemping likevel ikkje bør skje, sjølv om dei andre vilkåra er oppfylde. Moment som ofte blir tillagt vekt i slike tilfelle, er søkjaren sin økonomiske situasjon og søkjaren sine skatte- og likningsmessige forhold frå tidlegare år. Økonomiske forhold er relevante fordi det kan gje uheldige signal dersom ein person med høg inntekt og/eller høg formue får ettergjeve skattekrav, medan andre må betale. Dersom dårleg betalingsevne skyldast overforbruk av dyre varer, til dømes dyre bilar eller reiser, gjev det dårlege signal om han skal sleppe å betale skatt på grunn av sine ufornuftige økonomiske disposisjonar. Skattemessige tilhøve kan vere at søkjaren har vist liten vilje til å innrette seg etter reglar og praksis på skatteområdet. Dersom ein person ikkje har levert sjølvmelding, ikkje betalt restskatt gjennom fleire år, eller bevisst har hatt for lågt forskotstrekk/forskotsskatt, må vedkomande sjølv ta ein stor del av ansvaret for skattegjelda si. Då kan det verke støytande om gjelda blir ettergjeve. Skatteytarar har sjølv eit ansvar for å sørge for rett forskotstrekk eller forskotsskatt, og manglande aktsemd på det feltet vil kunne vere eit motargument. Dersom søkjaren tidlegare har søkt om, og fått medhald i 'lemping av billighet', skal det svært mykje til for at ein ny søknad blir innvilga.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Samarbeidspartnarar

Skatteoppkrevjaren (kemner/kommunekasserar), Skatteetaten

aaa

Lover og retningslinjer

Sjå skattebetalingslova kapittel 15.

Lover

Skattebetalingsloven

___

Rettleiing - korleis få utført

Skatteoppkrevjaren vil kunne hjelpe deg med å setje opp ein søknad. Den skal innehalde

  • namn
  • stilling
  • sivilstand
  • inntekt (ev. inntekta til sambuaren/ektefellen/partnaren) dei siste to åra
  • kor mange som blir forsørgja og alderen deira
  • opplysning om skatten er basert på skattemelding eller skjønnsfastsetjing
  • kva for krav som blir søkt ettergjevne
  • opplysning om eventuell sjukdom
  • melding om faste utgifter
  • grunngjeving for søknaden

Alle opplysningane bør vere dokumenterte.

Vedlegg

Kopi av skattemelding for dei siste to åra, eventuelt siste skjønnsfastsetjing

Saksbehandling

Skatteutvalet avgjer ettergjeving av skatt inntil kr 200 000. I saker som gjeld summar over kr 200 000, har skattekontoret avgjerdsmyndet. Skatteoppkrevjaren kan avgjere søknader om ettergjeving/nedsetjing som gjeld forseinkingsrenter på inntil kr 50 000.

Klagemulighet

Det er ikkje høve til å klage over vedtak som er gjort av skatteutvalet. For vedtak som er gjort av skatteoppkrevjar eller skattekontor, kan du klage til overordna organ etter reglane i forvaltningslova. Du kan likevel søkje på nytt dersom du meiner at saka ikkje har vore tilstrekkeleg opplyst eller at situasjonen har endra seg.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Skattekontoret for Kviteseid og Nissedal
Telefon:35 06 81 43
Postadresse:Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID
Besøksadresse:Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID

Kontaktpersoner

Navn:Kristi Skare
Tittel:Skatteoppkrevjar
Telefon:35 06 81 43
Epost:kristi.skare@kviteseid.kommune.no

Andre opplysningar

Oppdatert:2018-12-03 09:12
Gyldig fra2011-01-27
Gyldig til2019-06-30