Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Regionalt miljøprogram i jordbruket - tilskott

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Landbruksføretak kan søkje om tilskott knytt til Regionalt miljøprogram. Dette programmet blir utarbeidd for å møte prioriterte miljøutfordringar i fylket, både når det gjeld kulturlandskap og forureining. Målet er betre effekt av miljøinnsatsen. Regionalt miljøprogram godkjennast normalt for fire år, men mindre justeringar kan skje årleg. Fylkesmannen disponerer ei årleg tilskottsramme som blir fastsett i jordbruksoppgjeret.

 

 

 

 

 

 

Målgruppe

Landbruksføretak

 

 

 

 

 

 

Kriterium/vilkår

Landbruksføretak som mottek produksjonstilskott og som oppfyller vilkåra for kvart einskilt tilskott. 

 

 

 

 

 

 

Samarbeidspartnarar

Fylkesmannen utarbeider Regionalt miljøprogram for fylket i samråd med næringsorganisasjonane, fylkespolitikarar og annan miljøfagleg kompetanse. Kommunane får miljøprogrammet til høyring før det blir fastsett. Landbruksdirektoratet godkjenner dei regionale miljøprogramma etter samråd med avtalepartane i jordbruksoppgjeret.

 

 

 

 

 

 

aaa
___

Rettleiing - korleis få utført

Du kan kontakte kommunen for å få meir informasjon om dei ulike tilskottsordningane.

Du kan søke elektronisk eller på papir. Du kan kontakte kommunen for å få meir informasjon om dei ulike tilskottsordningen.

Vedlegg

For mange av ordningane blir det kravt kart som viser tiltaksgjennomføring.

For alle ordningane blir det kravt kart som viser tiltaksgjennomføring.

Søknadsfrist

Søkandsfristen er 20. september kvart år.

Saksbehandling

Kommunen er normalt den instansen som gjer vedtak om tilskott.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Alle søknadane vert handsama i eit elektronisk sakshandsamingssystem hos landbruksdirektoratet. Sentral utsending og utbetaling av vedtak og tilskott i mars kvart år.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Dersom det er Fylkesmannen og ikkje kommunen som har gjort vedtaket, er Landbruksdirektoratet klageinstans.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Landbrukskontoret for Kviteseid og Nissedal
Telefon:35 06 81 22
Epost:peter.rieber-mohn@kviteseid.kommune.no

Andre opplysningar

Oppdatert:2018-12-03 09:12
Gyldig fra2011-01-26
Gyldig til2019-06-30