Etter grundige undersøkingar og fleire boltar i fjellet, opnar rv. 41 mellom Nes og Kyrkjebygda i morgon kl. 06.30.

I morgon tidleg blir sperringane fjerna ved Mjågeto og rv. 41 mellom Nes og Kyrkjerbygda blir igjen open. Foto: Arve Sundbø, Statens vegvesen

Rv. 41 har vore stengt ved Mjågeto sidan torsdag ettermiddag. Då vart vegen stengd etter at det var registrert rørsler i fjellet. Sidan torsdagen og fram til i dag, har Statens vegvesen utført målingar i vegskjeringa.

Gav ingen utslag på rørsle

– Me sette ut fleire målepunkt i fjellpartiet, og me har registrert desse i snart ei veke. Resultatet er at det knapt er målt rørsle i fjellet. Medan rv. 41 har vore stengt har me fått sett inn fleire lange boltar i fjellet, fortel Jon Krogstad Bøe, byggjeleiar i Statens vegvesen.

Bøe fortel at ein geolog har vore på synfaring tidlegare i dag:

– Me har hatt ein geolog ved det den aktuelle skjeringa nord for Mjågeto i dag. Vedkommande gjekk grundig gjennom skjeringane og dei målingane som er gjennomførte. På bakgrunn av dette konkluderte geologen at det no er trygt å opna rv. 41 igjen.

Riksvegen blir no døgnopen

Når rv. 41 no opnar i morgon tidleg kl. 06.30 blir det med lysregulering slik det også var før vegen vart stengd, men no er det slutt med at vegen berre er open delar av døgnet.

– Når me no opnar vegen i morgon tidleg, er det med ei gladnyheit til dei som har brukt omkøyringsvegen. Rv. 41 mellom Nes og Kyrkjebygda blir no ope heile døgnet og ikkje berre morgon, ettermiddag og helgane, seier Bøe.

Medan rv. 41 har vore stengt, har det vorte sett inn fleire boltar inn i fjellskjeringa. I tillegg har ein geolog vore på staden og gjennomført undersøkingar. Foto: Arve Sundbø, Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestfold og Telemark