Eg har gleda meg og sett fram til å starte i stillinga. Eg er utdanna helsefagarbeidar og har jobba i kommunen, eining for velferd,  sidan 2016.
 
I denne stillinga ynskjer eg å bli eit bindeledd for Nissedal omsorgssenter og opp mot nærmiljøet, familiar, frivillige, næringslivet, institusjonar, lokalsamfunnet, skule og barnehage. Eg kjem til å ha fokus på å byggje opp gode relasjonar til lokalsamfunnet i Nissedal og starte frivillig innsats. Dette vil då gi moglegheit for betre utval av aktivitetar og sosialt samvær for dei som ynskjer dette. Der kan ein bruke kvarandre sin kunnskap og omsorg til å fylle kvardagane.  
 
Det er planlagt å skape ein møteplass på Nissedal omsorgssenter i form av ein kafé, og der vil det bli moglegheit for å kunne organisere forskjellige aktivitetar for ulike behov. 
 
Det er bare å ta kontakt med meg om dykk har ynskjer, idear og behov, som kan bidra med å fylle kvardagane dykkar med aktivitetar/sosialt samvær. 
 

Med helsing
 
Kristina Kihle-Vik
Samfunnskontakt
Mobil: 980 75 273