Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Status per 31.03.20:

Ingen bekrefta smitta per i dag i Nissedal kommune.

Les meir her
A A A

Samleside om koronasituasjonen i Nissedal kommune

Oppdatert 31. mars 2020

Nasjonale råd og tiltak

Hald deg oppdatert om koronasituasjonen på desse sidene: 

Råd om korleis du kan hindre smitte
Her finn du råd frå FHI

Lurar du på om du bør testast for koronavirus?
Her finn du kriteria

Heimekarantene og heimeisolasjon
Informasjon om heimekarantene og heimeisolasjon finn du her

31.03.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag i Nissedal kommune.

Statusen i kommunen er framleis stabil. Dette er vi særs glade for, men fylgjer situasjonen tett.

Vi minner om dei gode råda for å unngå smitte elller hindre smittespredning:

  • vask hendene, host i armkroken og hald avstand!

Dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

 

Halvor Homme
ordførar

30.03.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Nissedal kommune fylgjer nasjonale retningsliner og helsemyndigheitene sine råd.  Ingen avgjersler blir fatta av kommunen si kriseleiing utan samråd med kommunelege.

Forbod mot å overnatte i fritidsbustad trådde i kraft 19.03.20. Når det gjeld unntaket, opphald på fritidsbustad i Nissedal kommune dersom eit familiemedlem får påvist Covid-19, vil dette gjelde svært få og det vil difor ikkje svekke kommunen sitt helsetilbod.

Når det gjeld overnatting i campingvogner har Nissedal kommune ved kommunelegen, i dag 30.03.20, fatta vedtak om at same reglane gjeld som forbodet om å overnatte i fritidsbustad. Overnatting i campingvogn er difor heller ikkje lov.


Halvor Homme
ordførar

27.03.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen er bekrefta smitta per 27.03.20 i Nissedal kommune.

Alle kommunale idrettsanlegg er, som følge av koronasituasjonen,  stengt for all aktivitet, både organisert og uorganisert.

Neste statusoppdatering vil kome måndag 30.03.20, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

26.03.20 - Status frå kriseleinga

Ingen bekrefta smitta per 26.03.20 i Nissedal kommune.

Leiinga i kommunen fylgjer situasjonen fortløpande, og har så langt kontroll. Det er lagt gode planar med tiltak, som kan bli iverksett på kort varsel.

Dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon, legg vi det fortløpande ut på heimesida.


Halvor Homme
ordførar

25.03.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per 25.03.20 i Nissedal kommune.

Nissedal kommune følgjer nasjonale råd og føringar. Det var i går avgjort at Regjeringa fører vidare alle tiltaka som blei iverksett for å kjempe mot utbruddet av koronavirus i Norge, fram til over påske, til og med 13. april.

Vi minner også samstundes på at det viktigaste førebyggjande tiltaket for å forhindre smitte er:

  • God, hyppig håndvask med såpe og vatn, spesielt når du har vore ute blant folk, og dette gjeld både sjuke og friske.
  • Personar som er sjuke bør unngå å hoste eller nyse direkte på andre.
  • Ein bør halde 1-2 meters avstand til andre.
  • Ein bør også helst nyse eller hoste i eit papirtørkle (som kan kastast etterpå) eller i armkroken.

Hånddesinfeksjon er eit godt alternativ dersom handvask ikkje er mogleg.

Dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

24.03.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per 24.03.20 i Nissedal kommune.

Det er så langt ingen nye tiltak som er iverksett i kommunen i dag. Kriseleiinga fylgjer fortsatt situasjonen tett og førebur seg best mogleg.

Vi er så langt godt dekt opp med personell og har kontroll på situasjonen. Vi har lister over tilsette i kommunen som kan omdisponerast og bistå, særleg innafor helsesektoren, om det skulle bli naudsynt.

Vi ynskjer også ein oversikt over anna helsepersonell i Nissedal kommune, som vi kan ha i beredskap, og som vi kan kontakte om det skulle bli behov.

Så er du helsepersonell, og kan stille deg tilgjengeleg til å bli kontakta, send gjerne ein epost til postmottak@nissedal.kommune.no med navn, telefonummer og kvalifikasjonar. (td. sjukepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, vernepleiar m.m).

Dersom det skjer endringar, eller kjem anna viktig informasjon, legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

23.03.20 - status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per 23.03.20 i Nissedal kommune.

Den utvida kriseleiinga har i dag hatt møte. Alle einingar melder at førebygging på smittevern har fullt fokus, tiltak er iverksett og det er laga gode planar for at Nissedal kommune skal vere best mogleg rusta for dei utfordringane vi kan kome til å møte.

Det har vore mindre pågang gjennom helga på telefon og post, og dette trur me gjenspeglar seg i at innbyggjarar og hytteturistar tek situasjonen på alvor og rettar seg etter dei nasjonale råd og føringar som er gitt.

For mange kan det bli lange og einsame dagar innandørs. Vi oppmodar difor dei innbyggjararane som har mogleghet til å ta ein tur ut å nyte den flotte naturen vi har i Nissedal. Men hugs god håndhygiene, vis varsamheit, følg råd og anbefalingar og hald god avstand til andre (minst 1 meter).

Det er i desse dagar også blitt ein del tørt i skog og mark så vi minner om å vere særskilt  varsam nå med bruk av open eld.

Alle førespurnadar til kommunen prøver vi å svare så snart som råd.

Dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.


Halvor Homme
ordførar

20.03.20 - status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per 20.03.20 i Nissedal kommune.

Den øvste kriseleiinga har daglege møte og vurderar situasjonen fortløpande. Det er sett i verk ein rekke tiltak for å førebygge smittefare i alle einingar.

Fleire har stilt ein del spørsmål kring det å opphalde seg på fritidseigendom. Det har no kome eit regelverk. Dette kan du lese meir om her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/innforer-hytteforbud/id2694262/

Neste statusoppdatering vil kome måndag 23.03.20, men dersom det skjer endringar eller anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

19.03.20 - status frå kriseleiinga

Status per i dag: Ingen bekrefta smitta i Nissedal kommune.

Alle einingar i kommunen har iverksett tiltak for å forhindre smittespreiing.

Vi oppmodar alle innbyggjarar til å halde avstand til kvarandre, fylgje sentrale råd og unngå å vere for mange samstundes på ein stad.
Kommuneleiinga anbefaler i samråd med kommunelegen ei grense på maks fem personar i grupper.

Dersom det skjer endringar eller anna informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

18.03.20 - status frå kriseleiinga

Status per i dag: Ingen bekrefta smitta i Nissedal kommune.

Den øvste kriseleiinga har daglege møte og vurderar situasjonen fortløpande.

Det er ikkje iverksett nye tiltak eller endringar frå kommunen si side i idag.

Nissedal kommune har ikkje lagt noko føringar på utreise / innreise forbod i kommunen slik vi ser andre kommunar har gjort, men vi oppmodar til å reise minst mogleg.

Vi opplever at hytteturistane våre har vore flinke til å dra til sin heimekommune, og respekterer sentrale føringar. Dette er vi særs glade for i denne tida, for ikkje å skape større belastning i eit allereie pressa helsevesen i ein småkommune. Vi oppmodar også campingturistar og dei som har leigd hytte til det same.

Dersom det skjer endringar eller kjem anna informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Alle forespurnadar til kommunen vil me forsøkje å svare så snart som råd.

Halvor Homme
ordførar

17.03.20 - status frå kriseleiinga

Status per i dag: Ingen bekrefta smitta i Nissedal kommune.

Den øvste kriseleiinga har daglege møte og vurderar situasjonen fortløpande.

Det er ikkje iverksett nye tiltak eller endringar frå kommunen si side i dag.

Alle førespurnadar til kommunen prøvar vi å svare så snart som råd.

Dersom det skjer endringar eller anna informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.


Halvor Homme
ordførar

31.03.20 - Lokale smitteverntiltak for campingplassar og bubilparkering

Campingplassar og stadar tilrettelagt for bubilparkering i Nissedal vert stengd i perioden 01.04 – 13.04.20.

Smittevernoverlegen i Nissedal kommune har gjort følgjande lokalt smitteverntiltak 31.03.20:

LOKALE SMITTEVERNTILTAK - CAMPINGPLASSAR OG BUBILPARKERING.

Regjeringa og helsestyresmaktene har forlenga gjeldande nasjonale smitteverntiltak fram til 13.04.20. Lokale styresmakter kan i medhald av smittevernlova § 4-1, 1 ledd vedta andre tiltak som lokalt vert vurdert som nødvendig for å ivareta smittervernet i kommunen. Kommunelegen/smittevernoverlegen kan i medhald av  SML § 4-1, 5 ledd utøve kommunestyret sitt mynde i hastesaker. 

Med heimel i smittevernlova § 4-1, 1 ledd bokstav a,  jf. § 4-1, 5 ledd, gjer smittevernoverlegen følgjande vedtak:

§ 1.Campingplasser og bobilcamping skal haldast stengt. Unnatak gjeld for dagsbesøk for å ivareta naudsynt tilsyn og vedlikehald.

§ 2.Nissedal kommune tek ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagte tiltak.

§ 3.Forskrifta trer i kraft straks, og gjeld inntil vidare, den vert oppheva så snart det ikkje er behov for avgrensingane, jf. smittevernlova § 4-1, femte ledd.

Bakgrunnen for vedtaket:

Covid-19 smitte er påvist i alle landets fylke. Det er og smitte som ikkje har sitt utgangspunkt i utlandet. Den lokale smitteutbreiinga vert best avgrensa ved å følgje dei nasjonale råd for hygiene, reiser og personleg adferd. Denne avgrensinga kan og styrkast gjennom målretta lokale tiltak.

Regjeringa har innført nasjonalt hytteforbod som og gjeld Nissedal. Campingplassar og bubilparkeringar er ikkje underlagt dette.

Nissedal kan vente seg eit visst innrykk av bubilturistar i påska. Dette kan representere moderat auke i smittepresset lokalt.

Med dei klare reiseråd regjeringa gir og det nasjonale hytteforbodet, finn smittevernoverlegen det rett å avgrense moglegheitene for camping - og bubilovernatting i Nissedal i perioden 01.04 – 13.04.20. Tidsavgrensinga er i samsvar med det regjeringa har sett for sine tiltak. Det må gjerast ny vurdering av tiltaket før 13.04.20, jf. den vurdering regjeringa har varsla den 08.04.20.

Framlegg til forskrift har vore til kort ettersyn hjå lokale campingplassdrivarar i dag, og forskrifta er no sendt til lysing på Lovdata.

16.03.20 - Informasjon frå kriseleiinga om legekontor, opningstider etc.

Kriseleiinga i Nissedal kommune fylgjer situasjonen tett og har jamlege møte.

Det blir fortløpande lagt ut informasjon på heimesida.

Kommunehuset er stengt for publikum, men sentralbordet er tilgjengelig på telefon 35 04 84 00 frå kl. 07.45 til  15.30 kvar vekedag.  

Du kan og sende e-post til: postmottak@nissedal.kommune.no. Innkomne e-postar blir lest både dag, kveld og i helger.

Status per no er at det er ingen stadfesta smitta i Nissedal kommune.

Her er nokre nye punkt sidan sist oppdatering frå kommunen:

Legekontoret:

  • Legekontoret blir stengt for alt anna enn akutt hjelp. Dette gjeld frå og med måndag 16.03.2020, og inntil vidare.
  • Stenginga gjeld også for helsehjelp som blodprøvetaking, blodtrykksmåling og anna.
  • Om du er i tvil, ta kontakt med legekontoret på telefon 35 04 84 20 eller 35 04 84 27.
  • Pasientar med avtalt time møter opp på utsida av legekontoret og blir henta der.
  • Me ber om forståing for at me er inne i ein svært belastande situasjon og har dermed kun moglegheit til å ta oss av akutte behov og førespurnadar.
  • Er du på hytta med påvist smitte – kontakt kommunelege.

Anna:

  • Nissedal kommune gir ingen dispensasjon til å vere på fritidsbustadene. Dette gjeld også utleigehytter og campingvogner.
  • Nissedal kommune fylgjer sentrale råd og har ingen restriksjonar på utreise/innreise i kommunen, men oppmodar til at kvar enkelt ikkje reiser unødvendig. (Særleg gjeld dette tilsette i samfunnskritiske oppgåver og helsepersonell.)
  • For retningsliner til korleis du skal forhalde deg dersom du sit i karantene, isolasjon eller er i nærkontakt til sjuk/karantene sjå informasjon på www.fhi.no
  • Fleire matbutikkar i kommunen tilbyr nå heimkjøring av mat. Om ikkje det er nok kapasitet eller du har anna behov for assistanse/hjelp ber vi deg ta kontakt med kommunen
  • Det kan vere fleire som har behov for å snakke med nokon i denne tida. For elevane vil alle kontaktlærane vere særskilt tilgjengelige, elles er det mogleg å kontakte psykisk helse ved  legekontoret på telefon 35 04 84 20.
  • Ved behov for barnepass for dei som kjem inn under denne ordninga må det gis beskjed 48 timar i forkant (sjå tidlegare skriv på heimesida om ordninga for barnepass).
  • Roberto Soest, leiar i ungdomsklubben, er tilgjengeleg for samtale for deg som er born og ungdom i Nissedal kommune. Ring om det er noko du lurar på, eller berre har behov for nokon å snakke med. Roberto Soerst kan du ta kontakt med på telefon 414 84 478

Nissedal kommune prøvar å legge ut informasjon og svare alle spørsmål snart som mogleg, men håpar alle vil ha litt tolmod og hugse å ta vare på kvarandre som best mogleg nå i denne krevjande tida.


Halvor Homme
ordførar

25.03.20 - Informasjon om tilbod på helsestasjon

Helsedirektoratet har lagt føringar for drift helsestasjon under koronautbrotet. Vi vil følgje opp gravide, dei minste barna, barnevaksinasjonsprogrammet og dei med spesielle behov for oppfølging. Det er svært viktig at vi vaksinerar under koronautbrotet, dette for å unngå at andre sjukdomar skal blusse opp.

Helsestasjonen skal vere en trygg plass å kome til. Vi har stort fokus på hygiene og kjem til å halde avstand der det er mogeleg. Har du time vil du bli henta på utsida av legekontoret.

Gravide:

Gravide med symptom eller påvist covid-19 må ta kontakt på telefon før timen for å avklare ein eventuell endring av møtetidspunkt og vurdering med tanke på om dei skal kome inn til kontroll.
Alle gravide må kome åleine, vi beklagar det, men dette for å redusere smittefaren.
Fleire av dykk vil få telefonkonsultasjon, og du vil då få beskjed.

Alle familiar som nyleg har fått eit barn vil bli oppringt og får oppfølging på helsestasjonen.

Barn:

Helseundersøkingar som kan vente blir utsatt/avlyst inntil vidare og mange får tilbod om telefon-/ videokonsultasjon i staden for oppmøte. Kun heilt nødvendige undersøkingar blir utført i tillegg til vaksinering.

Har barn eller foreldre symptom på forkjøling, også kun lette symptom, skal du ikkje kome til timen. Ta kontakt på telefon:

  • Nissedal legekontor – 35 04 84 20

VIKTIG!

  1. Ingen i karantene pga Covid-19 skal kome.
  2. Ingen sysken skal vere med på helsestasjonen.
  3. Dersom mogeleg, kun ein vaksen fylgjer barnet.
  4. Ta med eigen leike då alle våre er fjerna.
  5. Legeundersøking er eit tilbod kun til 6-vekes barn, og barn med spesielle behov.
  6. Alle som IKKJE skal møte vil få beskjed pr sms eller vil bli ringa til. Så har du ikkje høyrt noko, skal du møte.

Ved spørsmål til jordmor eller helsesjukepleiar kontakt:

  • Helsesjukepleiar; Anita Haugstad Haugsjå 91919123
  • Jordmor; Bettina Suchow - 95815638.

Råd om korona for foreldre, barn og gravide: https://helsenorge.no/koronavirus/barn-og-gravide

20.3.20 - Fjoneferja

Fjoneferja innstiller drifta frå og med laurdag 21.03.20. Passasjergrunnlaget er vekk som følgje av koronaviruset. Ferja startar opp att når vi har ein normal tilstand i samfunnet.

15.03.20 - Pressemelding ang. fritidsbustad

Nissedal kommune får nå fleire spørsmål frå dei som har fritidsbustadar om dispensasjon til å få vere på sine hytter. 
Nissedal kommune gir ingen dispensasjon og ber om at alle fylgjer regjeringas klare beskjed om å reise heim.

Informasjon blir lagt ut fortløpande på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

12.03.20 - Tiltak i Nissedal kommune for å førebygge smitte – Covid – 19

  • Frå og med fredag 13.03.20 til og med 14.04.20 blir alle skular, barnehagar, kulturskule, bibliotek, kino, basseng og all anna aktivitet i fleirbrukshuset stengt.
  • Mila aktivitetssenter stengast frå og med fredag 13.03.20
  • Legekontoret kun tilgjengelig for øyeblikkelig hjelp og smittevernarbeid. Planlagte avtaler hos jordmor / helsesjukepleiar som vanleg om ikkje anna beskjed blir gitt.
  • Nissedal omsorgssenter stengast for besøkande. (I særskilte kan pårørande besøke etter avtale)
  • Nissedal kommunehus stengast for publikum. Kontakt pr. tlf / epost.

Tilsette i Nissedal kommune vil i større grad nytte heimekontorløysingar.

Vi minner om at dette er ein nasjonal dugnad og vi oppmodar alle til å fylgje folkehelseinstituttet sine råd om god håndhygiene som håndvask, nyse i papirlommetørkle evt. albogekrok og bruke handesifeksjon om ikkje du har såpe og vatn tilgjengleg.

Det vil bli teke ny vurdering i løpet av påska om desse tiltaka blir forlenga, og informasjon vil bli lagt ut
fortløpande på heimesida til kommunen. 

13.03.20 - Til deg som er registrert som eigar av fritidsbustad

Vi ber alle som har bustadadresse utanfor Nissedal kommune om å unngå å reise hit nå,  men heller opphalde seg på sin faste bustad.

Dette er i tråd med nasjonale føringar for å avgrense reising og smittespreie.
Grunna kapasitetsutfordringar i helsesektoren i Nissedal på grunn av koronavirus, frårådast spesielt personar i karantene å reise på hytta.

Les meir her: Forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19

Velkomen tilbake når denne vanskelege tida er over!

Nissedal kommune
Halvor Homme
Ordførar

 

14.03.20 - Oppretthalding av dagtilbod til barn med foreldre i samfunnskritiske yrke

Syner til informasjon frå helsedirektoratet om oppretthalding av dagtilbod til barn med foreldre i samfunnskritiske yrke:
https://www.helsedirektoratet.no/nyheter/helsedirektoratet-stenger-alle-barnehager-og-skoler

Tilbodet gjeld for barn i barnehage, elevar i 1.-4. klasse og/eller barn med særlege omsorgsbehov som ikkje blir ivareteke når dagtilbod er stengt.
Tilbodet gjeld der båe føresette arbeidar i nemnde yrker, og eineforsørgarar med slike yrke.

Dersom du meiner at du er innanfor desse kriteria må du sjølv ta kontakt med oss for ei vurdering.
I utgangspunktet vil tilbodet bli gitt på ein plass, med mindre det blir mange barn. Vi ønskjer å ha så små grupper som mogleg.

Vi satsar på å ha tilbodet på plass frå måndag 16.03.
Tilbodet vil gjelde i ordinær opningstid for barnehage og SFO.

Behov for barnepass må meldas seinast 48 timar i forvegen.

For tilbod som gjeld barnehagebarn, kontakt Eli Janne Olimstad, 47 02 64 54
For tilbod som gjeld skulebarn, kontakt Marit Madsen, 40 82 80 99

13.03.20 - Skulearbeid heime

Skulane i Nissedal kommune er stengde i perioden 13.03-14.04.20. Elevane har rett på opplæring, og skulane vil leggje til rette for at elevane skal få så god opplæring som mogleg, forholda tatt i betraktning. Elevane vil få oppgåver dei skal jobbe med heime, med oppstart måndag 16.03.20. 

Kommunikasjonen vil gå føre seg på dei digitale plattformane Showbie (1.-4. trinn), OneNote (5.-10. trinn) og Teams. Det har vore nokre tekniske utfordringar knytt til desse plattformane i dag. Dette håper vi vil løyse seg etter kvart.

Alle elevane må halde seg oppdatert på arbeidsplanen/vekeplanen for klassa si i Showbie/OneNote. Her vil dei finne informasjon om kva ein skal jobbe med i dei ulike faga. Det vil bli lagt opp til noko praktisk arbeid i løpet av dagen. Legg gjerne til rette for fysisk aktivitet i tillegg.

Lærarane vil i denne perioden vere i arbeid, med heimekontor i skuletida. Dei er tilgjengelege på mobil og chat i Showbie og Teams. Mobilnummer til faglærarane vil stå på vekeplanen.

Skuleadministrasjonen vil i stor grad ha heimekontor.

Ta kontakt på kvardagar mellom kl. 08.00-16.00:

  • Einingsleiar skule: Reidun C. Retterholt, mobil  959 21 972

  • Rektor Kyrkjebygda oppvekstsenter: Even Holskar, mobil 473 01 017

  • Rektor Tveit skule/Nissedal ungdomsskule: Julia Volline, mobil 957 53 771

  • Konsulent Tveit skule/Nissedal ungdomskule: Marit Madsen, mobil 408 28 099

  • Miljøterapeut: Runa Vee Tveit, mobil 994 42 639

Det er viktig å halde seg oppdatert på informasjon på kommunen si heimeside og frå myndigheitene (til dømes fhi.no og helsedirektoratet.no).

Heimen må i denne perioden følgje opp skulearbeidet til elevane i endå større grad enn vanleg. Ta gjerne kontakt med lærarane eller administrasjonen dersom de lurer på noko. Det er ein utfordrande situasjon vi er i, men gjennom eit godt heim-skulesamarbeid skal vi få til gode løysingar for elevane i Nissedal kommune.

Mykje nyttig informasjon er å finne på Udir.no

17.03.20 - Treng du nokon å snakke med?

Kjære barn, unge og familiar i Nissedal kommune!

Her finn du samla informasjon og råd om korleis vi kan møte kvarandre og snakke saman i denne spesielle tida.

Ta vare på kvarandre! 

Helsing frå Guro Anna Wyller Odden, psykolog i kommunen

 

Til innbyggjarane i Nissedal kommune

Det er fleire av oss som  har mange spørsmål desse dagane. Koronaviruset som heile verda er ramma av berører også oss i Nissedal.

Har du behov for å snakke med nokon, ikkje nøl med å ringe ein av oss, så vil vi prøve å hjelpe på best mogleg vis.
 

Namn, mobil:                                                                

Elin Fjalestad, psykisk helse, mobil 478 05 042          

Anita H Haugsjå, helsesjukepleiar, mobil 919 19 123

Eilev Erikstein, prostdiakon, mobil 911 13 580                                         

Knut Bjørn Skyttermyr, prest, mobil 907 99368

Roberto Soest, ungdomsklubbleiar, mobil 414 84 478

Runa Vee Tveit, miljøterapeut, mobil 994 42 639

Halvor Homme, ordførar, mobil 907 77 757

Sverre Sæter, rådmann, mobil 993 40 862

19.03.20 - Fritak for foreldrebetaling for barnehage og sfo

Det blir ikkje krevd foreldrebetaling for barnehage og SFO nå som det ikkje er tilbod om desse tenestane. 

Nokre få barnehagebarn og skuleelevar har eit redusert tilbod i dag. Barnepass for dei som har båe foreldra/eineforsørgjar i samfunnskritiske yrke, og barn med særskilte omsorgsbehov. Utdanningsdirektoratet har meldt i frå at det heller ikkje blir krevd betaling for desse gruppene.

Barnehage og SFO stengde frå 13. mars, og er førebels stengt til over påske.
Mars månad har de allereie fått faktura på med frist 20.03, og mange har betalt den.
Vi ber om at denne blir betalt som vanleg innan fristen, dersom det ikkje alt er gjort.
Vi stoppar nå utsending av faktura denne veka, som ville gjelde for april månad.
Dersom tilbodet framleis er stengt utover påske, vil vi halde igjen alle fakturaer inntil tenestetilboda er tilbake som normalt.
Når vi er tilbake i normalsituasjon, vil det bli gjort ei avrekning slik at ein berre har betalt for det tilbodet ein faktisk har fått.

Ber om at alle forheld seg til råd og retningsliner frå styresmaktane i denne vanskelege tida. Ta vare på kvarandre og dei rundt deg.

Les meir her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/foreldre-slepp-a-betale-for-barnehage-og-sfo/id2693855/

Reidun Carol Retterholt
Einingsleiar for skule
Konstituert einingsleiar for barnehage

 

12.03.20 - Skular og barnehagar stengast

Frå og med fredag 13.03.20 til og med 14.04.20 har Nissedal kommune beslutta å stenge alle skular, barnehagar, kulturskule, bibliotek og kino, basseng og all anna aktivitet i fleirbrukshuset.

Pr. idag er det IKKJE påvist smitte, men dette er tiltak vi sett iverk for å førebygge smittespreiing.

  • Alle elevar skal halde seg heime,
  • Tilsette skal nytte heimekontor.

All undervisning vil gå føre seg digitalt på elevane sine læringsbrett. Meir informasjon kring undervisninga vil bli sendt på SMS til alle føresette frå skulen.

Vi presiserer at ingen barn eller andre er plassert i karantene som følge av disse tiltakene.

Det vil bli teke ny vurdering i løpet av påska om desse tiltaka blir forlenga, og informasjon vil bli lagt ut fortløpande på heimesida til kommunen.

Informasjon frå NAV Vest-Telemark, PPT, Iata iks, Feiing og tilsyn

NAV Vest-Telemark
Lokalasjonane i Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Vinje og Tokke er stengt for Drop-inn frå 13.03.2020 og inntil vidare.  

VED AKUTT HJELP FOR KOMMUNALE TENESTER I NAV RING TELEFONNR. 40616218

FRÅ 300320 kan du søkje om økonomisk sosialhjelp digitalt via www.nav.no . Logg deg inn på din side på www.nav.no. Les meir her.

30.03.20: Nå kan du søkje om sosialhjelp digitalt - les meir her

Vest-Telemark PPT
Som følgje av koronautbrudd og tiltak for å hindre smitte er PPT- kontoret stengt  i perioden 16.- 27. mars.
For same periode blir alle møte med skular og barnehagar avlyst.
Sakshandsamarane arbeider frå heimekontor.
I einskilde saker vil det vere mogleg med telefon/digital kontakt.
Ved ev. spørsmål ring dagleg leiar på telefon 35 06 83 00 eller mobil 409 20 833.

Informasjon frå IATA IKS
Les meir her: http://www.iata.no/nyhetsarkiv/reduserte-apningstider-grunnet-koronavirus-covid-19-article279-28.html

Informasjon om feiing og tilsyn
Les meir på heimesida til Vest-Telemark brannvesen

Nyttig informasjon til bedrifter

Telemarks næringshage har laga ein oversikt over kompensasjonsordningar:

https://telemarknh.no/kompensasjonsordninger/

Telemark næringshage har laga ein kort oversikt ang. økonomiutfordringar:

https://telemarknh.no/korona-hvordan-handtere-bedriftens-okonomiske-utfordringer/

Kontakt

Nissedal kommune
Telefon 35 04 84 00
Send e-post

Legekontoret
Telefon 35 04 84 20
Telefon 35 04 84 27

Legevakt
Telefon 116 117

Akutt medisinsk hjelp
Telefon 113

Informasjonstelefon hos Folkehelseinstituttet
Telefon 815 55 015

Alarmtelefonen for barn og unge
Telefon 116 111 
www.116111.no

Kors på halsen
Telefon 800 33 321
www.korspahalsen.no

Mental Helses hjelpetelefon
Telefon 116 123
www.hjelpetelefonen.no

Kirkens SOS
Telefon 22 40 00 40
www.kirkens-sos.no

Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte
Telefon 800 57 000
www.hfsm.no

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker