Nasjonale råd og tiltak

Hald deg oppdatert om koronasituasjonen på desse sidene: 

Råd om korleis du kan hindre smitte
Her finn du råd frå FHI

Lurar du på om du bør testast for koronavirus?
Her finn du kriteria

Heimekarantene og heimeisolasjon
Informasjon om heimekarantene og heimeisolasjon finn du her

For bedrifter
Råd og rettleiing for bedrifter finn du her

Frå politiet
Informasjon frå politiet finn du her

Legekontor, helsestasjon og jordmor

Legekontoret

Frå måndag 20. april vil legekontoret vere opent for publikum att, MEN med nokre forhåndsreglar:

  • Døra vil ikkje vere låst, men maks 5 personar kan opphalde seg på venteromet. Er det fleire enn 5 på venteromet, må du vente ute.
  • Personar som har symptom på luftvegsinfeksjonar skal IKKJE møte opp, men ringe legekontoret på førehand. 
  • Legekontoret har god testkapasitet, og alle med symptom på Covid-19 ber me om å ta kontakt med legekontoret på telefon for å avtale tid for testing. Det er ikkje nødvendig med henvisning frå lege for å teste seg.

    På Folkehelseinstituttet sine nettsider står det at fylgjande personar bør testast:

    1. Alle med akutt luftveisinfeksjon eller andre symptomer på covid-19
    2. Alle som har vært utsatt for smitte med covid-19, enten som nærkontakt eller etter reise i land eller region med høy forekomst de siste 10 dagene
    3. Andre grupper etter vurdering av lege. 
    4. Alle som selv mistenker at de er smittet av covid-19, bør få anledning til å teste seg. 

    Vi vil samstundes minne om at sjølv om du har blitt testa og fått eit negativt prøvesvar på viruset, skal du halde deg heime til du er symptomfri.

    ​For retningsliner til korleis du skal forhalde deg dersom du sit i karantene, isolasjon eller er i nærkontakt til sjuk/karantene sjå informasjon på www.fhi.no

Er du usikker, ta kontakt med legekontoret på telefon 35 04 84 20. 

Helsestasjon 
Nissedal helsestasjonen har opna opp for meir normal drift att. Husk handvask før du kjem inn.

Det er svært viktig at vi vaksinerar under koronautbrotet, dette for å unngå at andre sjukdomar skal blusse opp.
Helsestasjonen skal vere en trygg plass å kome til. Vi har stort fokus på hygiene og kjem til å halde avstand der det er mogeleg. Har barn eller foreldre luftvegsymptom skal dei ikkje møte på helsestasjonen. Ring Nissedal legekontor - 35 04 84 20

Gravide:
Alle gravide må kome åleine, vi beklagar det, men dette for å redusere smittefaren. Gravide med symptom eller påvist covid-19 må ta kontakt på telefon før timen for å avklare ein eventuell endring av møtetidspunkt og vurdering med tanke på om dei skal kome inn til kontroll.
Alle familiar som nyleg har fått eit barn vil bli opp ringt og får oppfølging på helsestasjonen.

Barn:
Helseundersøkingar blir gjennomført som normalt.
Har barn eller foreldre luftvegsymptom som forkjøling, hoste, feber eller tungt for å puste, skal du ikkje kome til timen. Ta kontakt på telefon:

Nissedal legekontor – 35 04 84 20

VIKTIG!

  • Ingen i karantene pga Covid-19 skal kome.
  • Ingen sysken skal vere med på helsestasjonen.
  • Dersom mogeleg, kun ein vaksen fylgjer barnet.
  • Ta med eigen leike då alle våre er fjerna.
  • Legeundersøking er eit tilbod til alle barna, og barn med spesielle behov.

Ved spørsmål til jordmor eller helsesjukepleiar kontakt:

  • Helsesjukepleiar; Anita Haugstad Haugsjå 919 19 123
  • Jordmor; Bettina Suchow - 958 15 638.

Råd om korona for foreldre, barn og gravide: https://helsenorge.no/koronavirus/barn-og-gravide​​

Barnehage og skule

Regjeringa har oppretta ei eiga nettside med informasjon til foreldre om barn og koronavirus: nettsida finn de her

09.09.20 - Informasjon frå kommunelegen

Til alle foreldre med born i skule og barnehage!

Vi er i Nissedal kommune svært glade for at vi hittil ikkje har smitte av covid-19 i kommunen, og alle som har gjort sitt for å hindre smitte fortener ein takk!
No som skule og barnehage har starta opp att, forventar vi ei viss auke av luftvegsinfeksjonar, og mange vil nok lure på kva som er rett å gjere.

Som vedlagde skjema frå FHI vil vise så er det aktuelt å teste både vaksne og born med luftvegsinfeksjon, og etter test vert ein heime til ein har negativt prøvesvar og har god allmentilstand.
Der er to unntak for testing som er presisert i skjemaet.

  1. Det eine unntaket er at barn under 10 år som KUN har rennande nase og ingen andre symptom kan gå i skule og barnehage som vanleg utan å bli testa.
  2. Det andre unntaket er at barn under 10 år med LETTE SYMPTOM kan sjå an formen eit par dagar heime før testing.

Med helsing
Andreas Myklebust, kommuneoverlege

https://www.fhi.no/contentassets/8dd151206b26481698377dbc45f9189f/2020-08-27-flytskjema_nynorsk.pdf

Informasjon om korona og smitteverntiltak i barnehage og skule i Nissedal kommune
 
Regjeringa har sagt at barnehagar og skular startar på såkalla «Gult nivå» i trafikklysmodellen. Ei enkel oversikt over trafikklysmodellen for hhv. Barnehage, barneskule (1-7) og ungdomstrinn finn de under. 
Det betyr at vi har framleis forsterka reinhald, rutiner for god håndhygiene og ingen sjuke må møte i barnehage eller på skule/SFO. Heile avdelingar i barnehagane og klasser på skulen blir rekna som ein kohort. 
 
På grunn av vår heldige situasjon utan smittetilfelle, har kriseleiinga bestemt at vi har ei «gul-grøn» tilnærming. Det betyr at vi strekker oss litt mot det grøne. Det betyr at vi tillet felles utetid i barnehage og friminutt i skule. Vi veit at felleskapet på tvers av klassetrinn skaper trivsel og glede i kvardagen. Dette gir igjen livsmeistring. Vi vil derfor ha dette i fokus ved oppstart av nytt barnehage- og skuleår. Dersom situasjonen endrar seg, eller vi får nye beskjedar frå regjeringa, vil dette kunne bli endra på kort varsel. 
 
Denne informasjonen vil bli oppdatert jamnleg ved endringar. 
 
Eining for oppvekst og kultur

Trafikklys barnehage

Trafikklys barneskule

Trafikklys ungdomsskule

 

Les meir om trafikklysmodellen her: 

Nye smittevernleiarar frå Udir

Les meir her

Generelle retningsliner om smittevern og skuleskyss

Informasjonsbrevet kan du laste ned her

Viktige smittevernsreglar for Nissedalsskulen kan du lese her

Mykje nyttig informasjon er å finne på Udir.no

Les meir på www.helsenorge.no

Kommunehus, omsorgssenter, kultur

Kommunehuset:

Kommunehuset er open for besøk. 

Nissedal omsorgssenter

  • Nissedal omsorgssenter vil gjerne legge til rette for besøk. Ta kontakt med oss i forkant, slik at vi kan vurdere besøket opp mot smittefaktorar. 
    Besøk gjennomførast i tråd med nasjonale retningsliner for smittevern.

    Vi vil også halde oversikt over kven som besøkjer institusjonen, slik at ev. smittesporing kan gjerast effektivt, men det er valfritt for besøkande å gje frå seg personopplysningar. 

    Les meir i den nasjonale rettleiaren​

Mila aktivitetssenter:

  • Mila aktivitetssenter er i normal drift.

Kultur:

Bygdekino - Opnar att i 13.05.20 med omsyn til smittevern slik:

  • Normalt har salen 60-80 sete, det vert lagt ut 30 billettar for sal. Det må vere minst 1 meter mellom kvar person (om du er i familie kan du sitte saman).
  • Det er kun billettsal på nett, ikkje høve til å kjøpe billett på Fleirbrukshuset.
  • Kinokiosk er stengd
  • Den tilsette frå kommunen har ansvar for namneliste på publikum i salen, plassering av publikum etter retningsliner, vask av armlener og punkt det vert tatt på før, etter og mellom framsyningar og at publikum vaskar hender før dei kjem inn i salen.
  • Det er kun eit tilvist toalett tilgjengeleg, dette vert vaska eter retningsliner av teknisk.
  • Publikum har ikkje høve til å opphalde seg i Fleirbrukshuset, dei må kome til tida, og gå etter framsyning.

Kulturskule - Kulturskulen opnar i veke 21, etter retningsliner utarbeida av Norsk kulturskuleråd.

Det er utarbeida eit lokalt skriv som viser kva for ansvar elev, forelder og lærar har. I grove trekk er det dette:

  • Elev skal kome til time til tida, ikkje før. Elev ventar på utsida til lærar kjem og lukker elev inn.
  • Elev må vaske hender før den går inn i øverom.
  • Elev må ha eige instrument/instrumentkabel/mikrofon med på time. Lærar må i størst mogleg grad ikkje berøre elev sitt instrument
  • Etter time må elev vaske hender og gå rett ut av Fleirbrukshuset.
  • Lærar hentar elev til time, og syt for handvask og opnar alle dører.
  • Lærar reingjer alle flater som har vore i bruk etter kvar elev med såpevatn og klut. Retningsliner frå reinhald.
  • Pianoelevar får eit piano til elevar, og så er det eitt til lærar. Elevpianoet vert reingjort mellom kvar elev.
  • Lærar syt for at det er minst ein meter mellom lærar, elev/elev. For songarar skal det vere 2 meter.
  • Forelder har ansvar for å halde barnet borte frå undervisning om det er sjukt
  • Forelder har ansvar for å syte for at barnet har med instrument/får låne

Dette byggjer på rettleiar, og fleire detaljerte reglar er utarbeida lokalt.

Bibliotek
Onsdag 20. mai opna Nissedal folkebibliotek for publikum igjen.
Vi opnar biblioteket innanfor gjeldande rettleiiar for smittevern og bibliotek.
Biblioteket blir ope for utlån, men det er ikkje høve til å opphalde seg i biblioteket ut over det å låne bøker.

Det kan vere maks 10 personar inne av gongen, og for å kunne besøke biblioteket må du vere heilt frisk og vaske deg på hendene/sprite hendene før du kjem inn.

Om du ikkje ynskjer å besøke biblioteket fysisk, tar vi gjerne i mot bestilling frå deg på tlf eller e-post, så kan vi henge ut ein pose med bøker på døra til avtalt tid.
E-post: biblioteket@nissedal.kommune.no
Tlf: 35 04 84 61

Minner om at du kan laste ned appen Bookbites, og låne E-bøkar og lydbøkar på nettbrettet ditt.
Ta gjerne kontakt med oss, om du treng hjelp, eller ynskjer meir informasjon om dette.

I følge helsedirektoratet kjem alminneleg drift av bibliotek ikkje i kategorien kulturarrangement, og omfattast då ikkje av desse.

Frå rettleiar i korte trekk

  • Kunde bør vaske hender/sprite seg før dei går inn på biblioteket.
  • Kunde kan ikkje vere sjuk eller ha symptom i biblioteket
  • Det kan ikkje vere oppsamling av menneske på biblioteket, kan ikkje vere ein opphaldsstad.
  • Det må ikkje oppstå kø, og det må vere ein meter , helst 2 mellom kvar person.
  • Det bør vere eit maks tal på personar i rommet. Kor mange?
  • Risiko for smitte frå bøker er liten, men ein bør legge til rette for ein stad der det kan leverast inn bøker av lånar sjølv.
  • Det må vere eit godt reinhald av kontaktflater, bøker i karantene er ikkje naudsynt.
  • Det bør vere forsterka reinhald på toalett, dørhandtak og bord der ein et mm
  • For skulebibliotek, bør ein prioritere bokkasser til klasser, evt berre ein kohort av gongen i biblioteket.
  • Ein bør begrense bruk av felles utstyr i biblioteket, som pc/nettbrett. Om det skal brukast må brukar sprite seg før bruk, og flater må reingjerast hyppig.
  • Ein bør halde fram med tilbod til risikogrupper, som å ta i mot og levere bøker til kundar som ikkje kan kome til biblioteket.

Ungdomsklubb:

20.08.20: No opnar ungdomsklubben endeleg igjen!

Onsdager frå kl. 14.30 til 18.30 er klubben open  for mellomtrinnet.

Fredag og laurdag er klubben ope for deg som går i ungdomsskulen.

Fredag kl. 17.00-22.00. 
Laurdag kl. 19.00-23.00.


 Ungdommane og tilsette må følgje oppsett prosedyre på smittevern.

Symjebassenget og trening i Fleirbrukshuset

Frå veke 44 (26.oktober) vil aktivitetar og treningar på kveldstid i Fleirbrukshuset, samt symjebassenget opne att.
Meir informasjon vil kome så snart alt er klart i høve til retningsliner når det gjeld reinhald og rutiner.

Anna:

  • Organisert idrett - Helsemyndigheitene presenterte torsdag 28.05.2020 en oppdatert smittevernrettleiar for den organiserte idretten.
    Rettleiaren opnarfor fysisk kontakt mellom utøvarane.
    Sjå meir på regjeringen.no.
  • Frå 15.06.2020 blir det mogleg med arrangement på offentleg stad for inntil 200 personar. Føresetnaden er at det er mogleg å halde ein meters avstand til andre personar på arrangementet, at det er ein ansvarleg arrangør som har oversikt over kven som er til stades, i tillegg til at arrangøren sørger for at smittevernreglar blir følgde.
    Ansvarlege for arrangement i Nissedal kommune skal sende til kommuneoverlegen ei skildring av arrangementet og korleis smittevern er tenkt gjennomført.

    Arrangement utan ein ansvarleg arangør er ikkje tillatt. Les meir her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/rad-og-informasjon-til-andre-sektorer-og-yrkesgrupper/anbefalinger-ved--store-arrangementer-knyttet-til-koronasmitte-i-norge/

Informasjon til born, ungdom og føresette i Nissedal kommune

Våre born og unge har mykje fritid, og nyt tida saman med vener og familie.

Nissedal kommune har i samband med dette ynskje om å kome med nokre råd til born, ungdom og føresette:

  • Frisk luft og fysisk aktivitet er sunt. Send gjerne ungane ut, det er betre å møtas ute enn innandørs men det er framleis viktig å ta omsyn, vaske hender og halde avstand.
  • Anbefalinga frå Helsedirektoratet er at ein ikkje samlas i større grupper enn 20 personar og at ein held minst 1 meter avstand til andre personar.
  • Born ser ut til å tåle sjukdomen koronaviruset betre enn eldre, men born kan smitte andre. Det er difor viktig å halde seg ein heime om ein er sjuk.
  • Ved innkjøp i butikk oppmodas det til at 1 person frå kvar husstand går inn.
  • Bakgrunnen for desse anbefalingane er at risikoen for smitte aukar med tida ein er saman og jo mindre avstanden mellom personar er.
  • Born og ungdom som er i heimeisolasjon eller karantene skal ikkje omgås born eller ungdom utanfor husstanden.

På  https://helsenorge.no/koronavirus/barn-og-gravide står det mange gode råd til korleis det er med born og korona, korleis snakke med borna og korleis ein bør oppføre seg når ein er ute.

Nissedal kommune har eit godt støtteapparat for born, unge og føresette og vi oppmodar til å ta kontakt med helsesjukepleiar Anita H. Haugsjå mob. 919 19 123, psykiatrikoordinator Elin Fjalestad mob. 478 05 042 eller legekontoret på tlf. 35 04 84 20 om det er behov for bistand eller om dykk har spørsmål.

God sommar og ferietid!

Heimkøyring av matvarer

Fleire matbutikkar i kommunen tilbyr nå heimkjøring av mat. Om det ikkje er nok kapasitet i butikkane eller du har anna bruk for assistanse/hjelp ber vi deg ta kontakt med kommunen.

Spar Treungen:
Køyrer som vanleg ut varer til dei som måtte ynskje det. Heimkøyring i nærområdet kostar kr 50,-
Me kan også pakke varer klart for deg, og du kan hente varene på utsida av butikken eller inne i butikken.
Me har både Vipps og bærbar bankterminal.
Ring 35 04 80 00 om behovet er der.

Coop Prix – Treungen:
Me kan pakke varer klart for deg, og du kan hente dei i butikken.
Ring 35 04 51 00 eller 913 59 193 for bestilling.
Coop jobbar med ei løysing for heimkøyring og betaling utanfor butikken.

Nissedal Landhandel:
Me er sjølvsagt behjelpelige med å pakke varer klare til dykk, som de kan hente ved kassa.
Og vi køyrer gjerne ut varer til deg om du sit i heimekarantene, eller ikkje ynskjer å oppsøke butikken av andre grunnar.
Heimkøyring av varer gjeld dei som har postnummer 3854.
Bestilling på tlf. 993 89 827 (ring eller sms) eller e-post: narbutikken.nissedal@narbutikken.no

 

Treng du nokon å snakke med?

Kjære barn, unge og familiar i Nissedal kommune!

Her finn du samla informasjon og råd om korleis vi kan møte kvarandre og snakke saman i denne spesielle tida.

Ta vare på kvarandre! 

Helsing frå Guro Anna Wyller Odden, psykolog i kommunen

 

Til innbyggjarane i Nissedal kommune

Det er fleire av oss som  har mange spørsmål desse dagane. Koronaviruset som heile verda er ramma av berører også oss i Nissedal.

Har du behov for å snakke med nokon, ikkje nøl med å ringe ein av oss, så vil vi prøve å hjelpe på best mogleg vis.
 

Namn, mobil:                                                                

Elin Fjalestad, psykisk helse, mobil 478 05 042          

Anita H Haugsjå, helsesjukepleiar, mobil 919 19 123

Eilev Erikstein, prostdiakon, mobil 911 13 580                                         

Knut Bjørn Skyttermyr, prest, mobil 907 99368

Roberto Soest, ungdomsklubbleiar, mobil 414 84 478

Runa Vee Tveit, miljøterapeut, mobil 994 42 639

Halvor Homme, ordførar, mobil 907 77 757

Sverre Sæter, rådmann, mobil 993 40 862

Smitteverntiltak for campingplassar og bubilparkering

05.05.20: Smitteverntiltak ved norske campingplassar


13.04.20 - Oppheva lokalt smitteverntiltak for campingplassar og bubilparkering

Campingplassar og stadar tilrettelagt for bubilparkering i Nissedal vert stengd i perioden 01.04 – 13.04.20.

Smittevernoverlegen i Nissedal kommune har gjort følgjande lokalt smitteverntiltak 31.03.20:

LOKALE SMITTEVERNTILTAK - CAMPINGPLASSAR OG BUBILPARKERING.

Regjeringa og helsestyresmaktene har forlenga gjeldande nasjonale smitteverntiltak fram til 13.04.20. Lokale styresmakter kan i medhald av smittevernlova § 4-1, 1 ledd vedta andre tiltak som lokalt vert vurdert som nødvendig for å ivareta smittervernet i kommunen. Kommunelegen/smittevernoverlegen kan i medhald av  SML § 4-1, 5 ledd utøve kommunestyret sitt mynde i hastesaker. 

Med heimel i smittevernlova § 4-1, 1 ledd bokstav a,  jf. § 4-1, 5 ledd, gjer smittevernoverlegen følgjande vedtak:

§ 1.Campingplasser og bobilcamping skal haldast stengt. Unnatak gjeld for dagsbesøk for å ivareta naudsynt tilsyn og vedlikehald.

§ 2.Nissedal kommune tek ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagte tiltak.

§ 3.Forskrifta trer i kraft straks, og gjeld inntil vidare, den vert oppheva så snart det ikkje er behov for avgrensingane, jf. smittevernlova § 4-1, femte ledd.

Bakgrunnen for vedtaket:

Covid-19 smitte er påvist i alle landets fylke. Det er og smitte som ikkje har sitt utgangspunkt i utlandet. Den lokale smitteutbreiinga vert best avgrensa ved å følgje dei nasjonale råd for hygiene, reiser og personleg adferd. Denne avgrensinga kan og styrkast gjennom målretta lokale tiltak.

Regjeringa har innført nasjonalt hytteforbod som og gjeld Nissedal. Campingplassar og bubilparkeringar er ikkje underlagt dette.

Nissedal kan vente seg eit visst innrykk av bubilturistar i påska. Dette kan representere moderat auke i smittepresset lokalt.

Med dei klare reiseråd regjeringa gir og det nasjonale hytteforbodet, finn smittevernoverlegen det rett å avgrense moglegheitene for camping - og bubilovernatting i Nissedal i perioden 01.04 – 13.04.20. Tidsavgrensinga er i samsvar med det regjeringa har sett for sine tiltak. Det må gjerast ny vurdering av tiltaket før 13.04.20, jf. den vurdering regjeringa har varsla den 08.04.20.

Framlegg til forskrift har vore til kort ettersyn hjå lokale campingplassdrivarar i dag, og forskrifta er no sendt til lysing på Lovdata.

Fritidseigedomar

21.04.20 - Regjeringas råd om fritidsreiser

"Råd om fritidsreiser innenlands som gjelder fra 21. april:

  • Er du syk, skal du ikke gjennomføre fritidsreiser, heller ikke til hytta. Da skal du være hjemme.
  • Du skal heller ikke reise på hytta når du er i karantene. Det eneste unntaket er når du er uten symptomer og opphold på hytta er eneste måte å unngå nær kontakt med et covid-19-sykt husstandsmedlem.
  • Reis hjem, dersom tilstanden tillater det, hvis du blir syk mens du er på hytta eller på reise.
  • Ikke foreta reiser eller aktiviteter som gir økt risiko for at du får behov for redningstjenesten eller helsetjenesten.
  • Unngå kollektivtransport når det er mulig.
  • Sørg for å overholde helsemyndighetenes oppfordring om 2 meters avstand til andre i dine omgivelser. Vær i størst mulig grad bare sammen med dem du er sammen med til vanlig og er på reise med.
  • Unngå trengsel i butikker som er dimensjonert for færre mennesker. Ta om nødvendig med det du trenger hjemmefra.
  • Sjekk nettsiden til kommunen du skal reise til for å finne ut om de har lokale restriksjoner eller råd som er relevante. Du bør ikke belaste kommunen med å ta kontakt med dem for å sjekke dette ut, eller be om unntak hvis kommunen har lokale restriksjoner eller råd, men forhold deg til disse."

Presisering 17.04.20

Nissedal kommune forheld seg til nasjonale råd og føringar. 

Lova om overnatting på fritidseigedomar, det såkalla hytteforbodet,  går ut 20. april.
Dette vil sei at de har lov til å bruke hytta, men vi oppmodar dykk  til å unngå fritidsreiser i størst mogleg grad.

Det er heller ikkje noko forbod mot å handle i butikkane i kommunen, men også her oppmodar vi om begrensing i størst mogleg grad, og at de fylgjer dei råd som blir gitt i høve til smittevern.

Informasjon frå kriseleiinga 08.04.20

I går tysdag 7. april kom regjeringa med 7 endringar.  Nissedal kommune fylgjer dei råd og tiltak som blir gitt frå nasjonalt hald, og det kjem difor nokre viktige datoar og avklaringar her:

  • 20. april: Forbudet mot å overnatte på fritidseiendom, det såkalte hytteforbudet, oppheves.

Nissedal kommune opphevar også samstundes forbodet som har vore vedteke lokalt i Nissedal om stenging av campingplassar og utleigehytter til 13.april, men oppmodar sterkt til at fritidsreiser unngås i størst mogleg grad både til hytter og campingvogner. Nissedal kommune ynskjer ikkje stor utfart til vår kommune og håpar alle forheld seg til oppmodinga om dette.

Sjekk av hyttefelt - 07.04.20
Jørgen Solberg har sagt seg villig til å sjekke hyttefelta i påska, og han gjer det på dugnad. Det er i utgangspunktet hyttefelta utan bom, men han kan også sjekke andre felt. 
Om nokon vil at han skal ta ein utvendig sjekk av hytta, kan de sende sms på 468 01 124.

Utdrag frå www.regjeringen.no:

" Kommunene har ikke dispensasjonsadgang

Kommunene har ikke adgang til å gi dispensasjon. Det oppfordres derfor om at hyttebeboere ikke tar kontakt med kommunen for å kreve unntak. Unntakene fremkommer tydelig i forskriften. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn for å avverge store materielle skader tillates. Men vi oppfordrer folk til å engasjere lokalt bosatte personer til å utføre slikt arbeid og tilsyn."


15.03.20 - Pressemelding ang. fritidsbustad

Nissedal kommune får nå fleire spørsmål frå dei som har fritidsbustadar om dispensasjon til å få vere på sine hytter. 
Nissedal kommune gir ingen dispensasjon og ber om at alle fylgjer regjeringas klare beskjed om å reise heim.

Informasjon blir lagt ut fortløpande på heimesida.

Halvor Homme
ordførar


13.03.20 - Til deg som er registrert som eigar av fritidsbustad

Vi ber alle som har bustadadresse utanfor Nissedal kommune om å unngå å reise hit nå,  men heller opphalde seg på sin faste bustad.

Dette er i tråd med nasjonale føringar for å avgrense reising og smittespreie.
Grunna kapasitetsutfordringar i helsesektoren i Nissedal på grunn av koronavirus, frårådast spesielt personar i karantene å reise på hytta.

Les meir her: Forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19

Velkomen tilbake når denne vanskelege tida er over!

Nissedal kommune
Halvor Homme
Ordførar

 

Informasjon frå NAV Vest-Telemark, PPT, Iata iks, Feiing og tilsyn

NAV Vest-Telemark

Her finn du meir informasjon

Vest-Telemark PPT
Som følgje av koronautbrudd og tiltak for å hindre smitte er PPT- kontoret stengt  i perioden 16.- 27. mars.
For same periode blir alle møte med skular og barnehagar avlyst.
Sakshandsamarane arbeider frå heimekontor.
I einskilde saker vil det vere mogleg med telefon/digital kontakt.
Ved ev. spørsmål ring dagleg leiar på telefon 35 06 83 00 eller mobil 409 20 833.

Informasjon frå IATA IKS
Les meir her: http://www.iata.no/nyhetsarkiv/reduserte-apningstider-grunnet-koronavirus-covid-19-article279-28.html

Informasjon om feiing og tilsyn
Les meir på heimesida til Vest-Telemark brannvesen