Nasjonale råd og tiltak

Nissedal kommune følgjer nasjonale råd og retningsliner, og det er per i dag ingen lokale tiltak.

Hald deg oppdatert om smittevern, testing, karantene, isolasjon og elles om koronasituasjonen på desse sidene: 

Testing av Covid-19

Testing av Covid-19

Folkehelseinstituttet anbefalar at alle som mistenker at dei er smitta skal testast. Dei vanlege symptoma er hoste, feber, tungpusthet, tap av smak- eller luktesans, sår hals eller sjukdomsfølelse. 

Du kan lese meir om testkriteria frå FHI her.

Legekontoret gjennomfører testing måndag til fredag kl. 11.00.

Ring legekontoret for å avtale tid for testing. Telefon 35 04 84 20. 

Viss du blir sjuk i løpet av helga og treng legehjelp, kontakt legevakta på telefon 116 117. Om du mistenker at du er smitta, men ikkje treng legehjelp, må du halde deg heime og bestille time for testing til måndag.

Vi vil samstundes minne om at sjølv om du har blitt testa og fått eit negativt prøvesvar på viruset, skal du halde deg heime til du er symptomfri.

​For retningsliner til korleis du skal forhalde deg dersom du sit i karantene, isolasjon eller er i nærkontakt til sjuk/karantene sjå informasjon på www.fhi.no

Vaksinering og prioritering

Status vaksinering 04.08.21

  • Det blei sist veke (30) satt 204 vaksinedoser. 170 stk. fekk dose nr. 1 og 34 stk. fekk dose nr. 2.
  • Denne veka (31) blir det satt 108 vaksinedoser fordela på torsdag og fredag. 79 stk. vil få dose nr. 1 og 29 stk. vil få dose nr. 2.
  • Neste veke (32) vil det bli satt 48 vaksinedoser. 34 stk får dose nr. 1 og 14 stk. får dose nr. 2.

Dei fleste innbyggarane i kommunen over 18 år skal no ha fått tilbod om fyrste vaksinedose. Det er likevel nokon som legekontoret ikkje har klart å få tak i. 

Om du er folkeregistrert i kommunen eller har oppheldt deg her over lengre tid, og du ønsker vaksine, må du ta kontakt med legekontoret på telefon 35 04 84 20.

Legekontor, helsestasjon, jordmor og omsorgssenteret

Legekontoret er ope for publikum, men med nokre forhåndsreglar:

  • Maks 5 personar kan opphalde seg på venteromet. Er det fleire enn 5 på venteromet, må du vente ute.
  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon, skal du IKKJE møte opp, men ringe legekontoret på førehand. 

Helsestasjon 

Alle barn og unge skal få tilbud om nødvendig oppfølging under pandemien. Det er svært viktig at vi vaksinerar under koronapandemien, slik at ikkje andre sjukdomar blussar opp.

Nissedal helsestasjon har i utgangspunktet normal drift av helsetenester, samtidig som smitterverntiltak blir opprettholdt.
Om helsestasjonen blir mellombels stengt ned på grunn av smitteutbrot, vil det bli satt i verk kompenserande tiltak for barn og unge.
 
Smittehensyn skal ikkje vere til hinder for at barn til og med barneskulealder med milde restsymtom, skal få oppfølging av helsetenesta. 

Dersom barn/ungdom har time hjå helsestasjon, og samtidig har luftvegssymptom, bør ein ringe til Nissedal legekontor for konsultasjon - 35 04 84 20. Dette gjeld også føresette. 

Gravide:
 
Alle gravide skal få tilbud om nødvendig oppfølging under pandemien.
Alle gravide må kome aleine til jordmor.
Gravide med symptom eller påvist covid-19 må ta kontakt på telefon før timen for å avklare ein eventuell endring av møtetidspunkt og vurdering med tanke på om dei skal kome inn til kontroll.
Alle familiar som nyleg har fått eit barn vil bli ringt opp, og dei vil få oppfølging på helsestasjonen.

VIKTIG!

  • Ingen i karantene pga Covid-19 skal kome.
  • Ingen sysken skal vere med på helsestasjonen.
  • Dersom mogeleg, kun ein vaksen fylgjer barnet.
  • Ta med eigen leike då alle våre er fjerna.
  • Legeundersøking er eit tilbod til alle barna, og barn med spesielle behov.

Ved spørsmål til jordmor eller helsesjukepleiar kontakt:

  • Helsesjukepleiar; Anita Haugstad Haugsjå 919 19 123
  • Jordmor; Bettina Suchow - 958 15 638.

Råd om korona for foreldre, barn og gravide: https://helsenorge.no/koronavirus/barn-og-gravide

Nissedal omsorgssenter

Nissedal omsorgssenter vil gjerne legge til rette for besøk, men har nokre restriksjonar: 

  • Fullvaksinerte og faste besøk kan kome utan å ha avtale på førehand, ved besøk på romma.
  • Ta elles kontakt med oss i forkant, slik at vi kan vurdere besøket opp mot smittefaktorar. 
    • Tlf. somatisk avdeling 35 04 84 60
    • Tlf. skjerma avdeling 35 04 84 65

Vi vil også halde oversikt over kven som besøkjer institusjonen, slik at ev. smittesporing kan gjerast effektivt.

Les meir i den nasjonale rettleiaren​

Heimkøyring av matvarer

Fleire matbutikkar i kommunen tilbyr nå heimkjøring av mat. Om det ikkje er nok kapasitet i butikkane eller du har anna bruk for assistanse/hjelp ber vi deg ta kontakt med kommunen.

Spar Treungen:
Køyrer som vanleg ut varer til dei som måtte ynskje det. Heimkøyring i nærområdet kostar kr 50,-
Me kan også pakke varer klart for deg, og du kan hente varene på utsida av butikken eller inne i butikken.
Me har både Vipps og bærbar bankterminal.
Ring 35 04 80 00 om behovet er der.

Coop Prix – Treungen:
Me kan pakke varer klart for deg, og du kan hente dei i butikken.
Ring 35 04 51 00 eller 913 59 193 for bestilling.
Coop jobbar med ei løysing for heimkøyring og betaling utanfor butikken.

Nissedal Landhandel:
Me er sjølvsagt behjelpelige med å pakke varer klare til dykk, som de kan hente ved kassa.
Og vi køyrer gjerne ut varer til deg om du sit i heimekarantene, eller ikkje ynskjer å oppsøke butikken av andre grunnar.
Heimkøyring av varer gjeld dei som har postnummer 3854.
Bestilling på tlf. 993 89 827 (ring eller sms) eller e-post: narbutikken.nissedal@narbutikken.no

 

Treng du nokon å snakke med?

Kjære barn, unge og familiar i Nissedal kommune!

Her finn du samla informasjon og råd om korleis vi kan møte kvarandre og snakke saman i denne spesielle tida.

Ta vare på kvarandre! 

Helsing frå Guro Anna Wyller Odden, psykolog i kommunen

 

Til innbyggjarane i Nissedal kommune

Det er fleire av oss som  har mange spørsmål desse dagane. Koronaviruset som heile verda er ramma av berører også oss i Nissedal.

Har du behov for å snakke med nokon, ikkje nøl med å ringe ein av oss, så vil vi prøve å hjelpe på best mogleg vis.
 

Namn, mobil:                                                                

Elin Fjalestad, psykisk helse, mobil 478 05 042          

Anita H Haugsjå, helsesjukepleiar, mobil 919 19 123

Eilev Erikstein, prostdiakon, mobil 911 13 580                                         

Knut Bjørn Skyttermyr, prest, mobil 907 99368

Roberto Soest, ungdomsklubbleiar, mobil 414 84 478

Runa Vee Tveit, miljøterapeut, mobil 994 42 639

Halvor Homme, ordførar, mobil 907 77 757

Sverre Sæter, kommunedirektør, mobil 993 40 862