Nissedal kommune er ein kommune med om lag 1420 innbyggjarar. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.
 
Nissedal kommune er ein to-nivå kommune med fire einingar, der eining for velferd er ein av desse. I eining for velferd ligg helseavdelinga, tenesta for funksjonshemma og omsorgstenesta. 
 

Eining for velferd, heimesjukepleia har følgjande ledig stilling:

Sjukepleiar i fast 80 - 100% stilling i heimetenesta/korttid ledig frå 01.02.2023

Då ein av våre tilsette sluttar vil det frå 01.02.2023 bli ledig ei 80% til 100% fast sjukepleiarstilling. 
 
Heimesjukepleia har i dag god dekning av sjukepleiarar med mange faglege utfordringar. I tillegg har me eit godt arbeidsmiljø og ei stabil personalgruppe. 
 
Det vil vere dag- og kveldsvakter samt arbeid kvar 3. helg. Me skal gjere forsøk på turnusar med 4. kvar helg og langvakter hausten/vinter 2023. Me vil og sjå på andre kreative turnusar, som til dømes langvakter, som kan gjere det meir attraktivt å jobbe i heimetenesta.
 

Kvalifikasjonskrav:

  • Den som søkjer må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på norsk
  • Førarkort kl. B
 

Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og kunne takle utfordrande situasjonar
  • Evne til å leie/rettleie og motivere andre
  • Gode samarbeidsevner 
 Me tilbyr:
  • Godt faglig arbeidsmiljø og gode arbeidskollegaer
  • Varierte arbeidsoppgåver der du må arbeide sjølvstendig
  • God opplæring i forkant
  • Vanleg turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg
  • Løn etter avtale 
  • Nyutdanna og personar med ansiennitet opp til 8 år, vil bli omfatta av ein bonusordning. Ta kontakt for nærare informasjon.
  • Det vert kalla inn til intervju
Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar
Ved intern tilsetjing vil andre kvalifiserte søkjarar kunne få tilbod om anna stilling i same tilsetjinga.
 
Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov og kommunen sitt reglement.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25
 
 
Søknadsfrist: 27.11.2022