Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skogplanting - tilskott

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Dette er ei støtteordning til tettare nyplanting og suppleringsplanting etter hogst på eksisterande skogareal. Målet er å auke talet på skogplantar ved forynging av eksisterande skogareal.

    Våren 2021 kan skogeigar få ekstra tilskot for planting. Skogeigar kan få tilskotet som kompensasjon for meirkostnader for arbeidskraft grunna covid-19. Skogeigar kan søkje gjennom tilskotet i forskrift om miljøtiltak i skogbruket. Sjå Midlertidig forskrift om tilskot for å sikre planting av skogplantar våren 2021.

    Målgruppe

    Skogeigarar

    Kriterium/vilkår

    Alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog, og som har oppfylt kravet om minimum utplantingstal, kan søkje om tilskott.

    Pris for tenesta


    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Samarbeidspartnarar


    aaa
  • Lover og forskrifter

    Sjå § 4 i forskrift om miljøtiltak i skogbruket og § 5 i forskrift om berekraftig skogbruk

    Lover

    Forvaltningsloven

    Forskrifter

    Forskrift om berekraftig skogbruk

    Forskrift om miljøtiltak mv. i skogbruket

    Midlertidig forskrift om tilskudd for å sikre planting av skogplanter våren 2021

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Gå til Skogfondssystemet via Altinn, for å søkje. Her blir du bedd om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn.     
    Dersom du ikkje har høve til å søkje digitalt kan du bruke skjema Utbetaling frå skogfond og søknad om tilskot til skogkultur (LDIR-909), for å sende søknad på e-post eller som brev.
     
    Du søkjer om tilskot til tettare planting samtidig og på same måte, anten digitalt eller på skjema, som du søkjer om refusjon av skogfond eller vanleg tilskot til nyplanting og suppleringsplanting. Forutan kravet om kartfesting ved tettare planting, så skal søknaden innehalde dei same opplysingane. Skogfondsystemet reknar sjølv ut om tiltaket kvalifiserer for tilskot til tettare planting.

    Vedlegg


    Søknadsfrist

    Frist for å levere søknad til kommunen er 1. august for vårplanting og 7. november for haustplanting.

  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Når kommunen har motteke søknaden, sjekkar dei opplysingane du har sendt inn. Dersom dei har behov for meir informasjon, kan dei be om dette. 
    Kommunen behandlar søknaden og fattar vedtak.    

    Saksbehandlingstid

    Kommunen/statsforvaltaren skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når ein meiner at vedtaket blir gjort.

    Klagemulighet

    Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er statsforvaltaren for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av statsforvaltaren. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjort vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

    Merknader


  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Landbrukskontoret for Kviteseid og Nissedal
    Telefon:35 06 81 22
    Epost:peter.rieber-mohn@kviteseid.kommune.no

    Kontaktpersoner

    Navn:John Olav Lia
    Tittel:Skogbrukssjef
    Epost:john.olav.lia@kviteseid.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2018-12-03 09:12
    Gyldig fra
    2017-06-01
    Gyldig til
    2019-06-30