Arbeidsliv

Fleire vil fortsatt nytte heimekontor, då avstand og sosial kontakt fortsatt bør reduserast. 

Det er påbud med bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å holde minst 1 meter avstand. 


Nissedal omsorgssenter: 

  • Ope for besøkande, men helst besøk på romma.
  • Anbefaling om munnbind
  • Ved fleire enn 2 personar på besøk, kontakt omsorgssenteret på førehand for avtale.

Skule, barnehage og SFO

Frå 17.01.22 er det ikkje lenger forskriftsfesta kva tiltaksnivå skule, barnehage og SFO skal vere på. Kommunen avgjer sjølv tiltaksnivået i tråd med smitteutviklinga. Kriseleiinga har vurdert at smittetrykket er lågt og vil difor gå over til grønt nivå frå måndag 17.01.22.
 
Tiltak på grønt nivå: 
  1. Ingen sjuke skal møte i skule, barnehage og SFO
  2. God hygiene og normalt reinhald
  3. Kontaktreduserande tiltak: 
    Unngå fysisk kontakt mellom tilsette (handhelse og klemme)
    Vanleg organisering av avdelingar/grupper/klasser og barnehagekvardag/skulekvardag
Informasjon frå Utdanningsdirektoratet (Udir): 

«Kunnskap om smitte i barnehager og skoler
Vi har oppsummert det FHI nå vet om smitte og smitterisiko i barnehager og skoler. Den viser at barnehager og skoler er trygge steder å være, også når smittetallene er høye: 
  • vaksinen gir veldig god beskyttelse mot alvorlig sykdom
  • det er ikke vesentlig mer smitte blant ansatte i barnehager og skoler, enn blant andre voksne
  • barn og unge blir sjelden alvorlig syke av korona
  • jevnlig testing er et effektivt smitteverntiltak 
 

Kultur og fritid

  • Trening for born og ungdom: Alle treningar og aktivitet kan opne. Det er ikkje regel om kohort. 
  • Trening for vaksen: For vaksen som skal trene gjeld regel med 1 meters avstand ved låg intensitet, og 2 meters avstand ved høg intensitet og maks 20 personar.
    Kontaktidrett kan ein ikkje ha enno, dessverre. 
  • Ungdomsklubb: Ungdomsklubben opnar fredag 14. januar kl. 18.00 og varer til kl. 22.00. På laurdag 15. jan har vi ope frå kl. 19.00 – 23.00. 
    Vi opnar ein time seinare enn normalt på fredag, fordi vi har ei overrasking til ungdommen å førebu  
  • Kino: Opnar onsdag 19. januar etter retningsliner om smittevern. Bestill billett på nett.
  • Kulturskule: Har ordinær undervisning frå veke 3, på grønt nivå.
  • Fritidsaktivitetar for vaksne i fleirbrukshuset  - utsettast/avlysast
  • Fritidsaktivitetar for born i fleirbrukshuset - går som normalt, men maks 20. stk
  • Offentleg bading – Bestilling av bading
  • Biblioteket – opent, men med påbod om munnbind