Sporlaus ferdsel

Når du er ute, er det viktig å ta vare på naturen og mangfaldet den representerer. Difor er vi i Topptur Nissedal opptatt av sporlaus ferdsel. Sporlaus ferdsel handlar om å ikkje etterlate seg meir enn sitt eige fotavtrykk i naturen. Ta omsyn til jordsmonn, myr, planter, dyr, fisk og fugl. Hugs at dersom du etterlater deg ting som ikkje høyrer heime i naturen, kan det skade både planter, dyr og menneske. Her er nokon hugsereglar på korleis du kan ferdast sporlaust i naturen:

  1. Etterlat staden finare enn då du kom, ta med eige og andres søppel
  2. Dopapir/tørkepair: Er du på dagstur, tar du papiret med deg heim
  3. Brenn bål berre når det er lov, og bruk gamle bålplassar om det er. Ikkje brenn bål på svaberg.
  4. Ha hunden i band når det er bandtvang. Hundeposar skal alltid i restavfall
  5. Lat steinar ligge i fred. Ikkje bygg vardar eller flytt på steinar. Nye vardar kan villeie, og ein øydelegg urørd natur.
  6. Ta med deg heim alt du tok med deg på tur.