17.01.22 - Status frå kriseleiinga

Status smitte: 
Dagens smittesituasjon i Nissedal er nedgåande. Sidan fredag 14. januar har det blitt registrert 1 ny positiv test av vaksen, knytt til tidlegare smittetilfelle.

Nasjonale råd og reglar frå natt til midnatt 14. 01.22:
Regjeringa har letta på smitteverntiltaka, men det er fortsatt behov for nasjonale tiltak. Det forventast høge smittetal i vekene som kjem, men som samfunn tåler me viruset betre, jf. regjeringas pressemelding. Barn, unge og arbeidsplassar har blitt prioritert i reduseringa av tiltak. 
 
Nissedal kommune fylgjer nasjonale råd og reglar, og for Nissedal vil tiltaka føre til dette: 

Arbeidsliv
Fleire vil fortsatt nytte heimekontor, då avstand og sosial kontakt fortsatt bør reduserast. 
Det er påbud med bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å holde minst 1 meter avstand. 
 
Nissedal omsorgssenter: 
  • Ope for besøkande, men helst besøk på romma.
  • Anbefaling om munnbind
  • Ved fleire enn 2 personar på besøk, kontakt omsorgssenteret på førehand for avtale.
Skule, barnehage og SFO
Frå 17.01.22 er det ikkje lenger forskriftsfesta kva tiltaksnivå skule, barnehage og SFO skal vere på. Kommunen avgjer sjølv tiltaksnivået i tråd med smitteutviklinga. Kriseleiinga har vurdert at smittetrykket er lågt og vil difor gå over til grønt nivå frå måndag 17.01.22.
 
Tiltak på grønt nivå: 
  1.  Ingen sjuke skal møte i skule, barnehage og SFO
  2. God hygiene og normalt reinhald
  3. Kontaktreduserande tiltak:
    Unngå fysisk kontakt mellom tilsette (handhelse og klemme)
    Vanleg organisering av avdelingar/grupper/klasser og barnehagekvardag/skulekvardag
Informasjon frå Utdanningsdirektoratet (Udir): 

«Kunnskap om smitte i barnehager og skoler
Vi har oppsummert det FHI nå vet om smitte og smitterisiko i barnehager og skoler. Den viser at barnehager og skoler er trygge steder å være, også når smittetallene er høye: 
  • vaksinen gir veldig god beskyttelse mot alvorlig sykdom
  • det er ikke vesentlig mer smitte blant ansatte i barnehager og skoler, enn blant andre voksne
  • barn og unge blir sjelden alvorlig syke av korona
  • jevnlig testing er et effektivt smitteverntiltak 
 
Kultur og fritid
  • Trening for born og ungdom: Alle treningar og aktivitet kan opne. Det er ikkje regel om kohort. 
  • Trening for vaksen: For vaksen som skal trene gjeld regel med 1 meters avstand ved låg intensitet, og 2 meters avstand ved høg intensitet og maks 20 personar.
  • Kontaktidrett kan ein ikkje ha enno, dessverre. 
  • Ungdomsklubb:  Opent som vanleg.
  • Kino: Opnar onsdag 19. januar etter retningsliner om smittevern. Bestill billett på nett.
  • Kulturskule: Har ordinær undervisning frå veke 3, på grønt nivå.
  • Fritidsaktivitetar for vaksne i fleirbrukshuset  - utsettast/avlysast
  • Fritidsaktivitetar for born i fleirbrukshuset - går som normalt, men maks 20. stk
  • Offentleg bading – Bestilling av bading
  • Biblioteket – opent, men med påbod om munnbind
Reservepersonell
I einingar som skule, barnehage, helse og omsorg kan det bli behov for ekstra personell dersom mange tilsette blir sjuke eller kjem i karantene. Vi oppmodar difor tidlegare tilsette, studentar, pensjonistar og andre som har vore knytt til Nissedal kommune om å ta kontakt om dei kan stå på liste som reservepersonell.
Kan du stå på liste som ressurs, kontakt Anne Aarak på e-post anne.aarak@nissedal.kommune.no eller mobil 91 58 83 55.
 
Isolasjon, karantene og testing:
  • Personar som er stadfesta smitta av Covid, men ikkje har symptom, skal isolere seg i 6 døgn rekna frå tidspunktet test med positivt resultat for SARS-CoV-2m blei tatt.
  • Personar som er stadfest smitta av Covid og har symptom, skal isolere seg i minimum 6 døgn fra symptoma starta. Isoleringa skal ikkje avbrytast før personen har vore feberfri i minst 24 timar, utan å bruke febernedsettande medisin.
  • Nærkontakter som er hustandsmedlemer eller tilsvarende nær den smitta skal framleis i smittekarantene. Dei bør teste seg så snart som mogleg, og kan teste seg ut etter 7 dagar. Karantena gjeld ikkje dei som har hatt covid siste 3 mnd, eller er vaksinert med 3 doser. Desse kan i staden teste seg annakvar dag med PCR eller dagleg med hurtigtest i 7 dg. 
  • Øvrige nærkontakter, som altså ikkje er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære, skal ikkje lenger i karantene. Desse bør teste seg på dag 3 og 5 etter nærkontakten, og elles følge med på symptom i 10 dagar. Dei kan altså gå på arbeid og leve omtrent som normalt. 
Les meir i pressemeldinga, sjå link øvst i statusen.
 
Viss du får symptom eller er nærkontakt kan du få hurtigtest på legekontoret ved vindauget til ambulanseinngangen.
Hurtigtestar kan også kjøpast på apotek om du ynskjer å ha det heime.
 
Viss du får positiv hurtigtest heime:
• Gå straks i isolasjon
• Informer nærkontaktane dine
• Ta kontakt med legekontoret v/Hild Riseth Fjone på mobil: 404 80 877 
 
Vaksinasjon:
Denne veka kjem kommunen til å få større leveranse av vaksiner enn forventa (186 doser), og kjem fortløpande til å vaksinere alle over 18 år som fekk 2. dose for minimum 4,5 månad sidan. Det er planlagt massevaksinering på Mila torsdag kveld og fredag på dagtid.

Legekontoret kontaktar alle som får tilbod om vaksine.

Har du ikkje tatt vaksine, 1. eller 2. dose, men ynskjer likevel å vaksinere deg, så ta kontakt med legekontoret på telefon 35 04 84 20. 

Det er viktig å vaksinere seg!
 
Meir informasjon vil bli lagt ut her på heimesida ved endringar. 
 
Halvor Homme
ordførar

14.01.22 - Status frå kriseleiinga

Status smitte: 

Dagens smittesituasjon i Nissedal er nedgåande. Sidan 4. januar har det blitt registrert 10 smitta, og blant desse er ingen under 20 år.
 

Nasjonale råd og reglar frå natt til midnatt 14.01.22:

Regjeringa har letta på smitteverntiltaka, men det er fortsatt behov for nasjonale tiltak. Det forventast høge smittetal i vekene som kjem, men som samfunn tåler me viruset betre, jf. regjeringas pressemelding. Barn, unge og arbeidsplassar har blitt prioritert i reduseringa av tiltak. 

Nissedal kommune fylgjer nasjonale råd og reglar, og for Nissedal vil tiltaka føre til dette: 


Arbeidsliv

Fleire vil fortsatt nytte heimekontor, då avstand og sosial kontakt fortsatt bør reduserast. 

Det er påbud med bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å holde minst 1 meter avstand. 


Nissedal omsorgssenter: 

  • Ope for besøkande, men helst besøk på romma.
  • Anbefaling om munnbind
  • Ved fleire enn 2 personar på besøk, kontakt omsorgssenteret på førehand for avtale.

Skule, barnehage og SFO

Jf. regjeringa er det ikkje lenger forskriftsfesta kva tiltaksnivå skule, barnehage og SFO skal vere på. Kommunen avgjer sjølv tiltaksnivået i tråd med smitteutviklinga. Kriseleiinga har vurdert at smittetrykket er lågt og vil difor gå over til grønt nivå frå måndag 17.01.22.
 
Tiltak på grønt nivå: 
  1. Ingen sjuke skal møte i skule, barnehage og SFO
  2. God hygiene og normalt reinhald
  3. Kontaktreduserande tiltak: 
    Unngå fysisk kontakt mellom tilsette (handhelse og klemme)
    Vanleg organisering av avdelingar/grupper/klasser og barnehagekvardag/skulekvardag
Informasjon frå Utdanningsdirektoratet (Udir): 

«Kunnskap om smitte i barnehager og skoler
Vi har oppsummert det FHI nå vet om smitte og smitterisiko i barnehager og skoler. Den viser at barnehager og skoler er trygge steder å være, også når smittetallene er høye: 
  • vaksinen gir veldig god beskyttelse mot alvorlig sykdom
  • det er ikke vesentlig mer smitte blant ansatte i barnehager og skoler, enn blant andre voksne
  • barn og unge blir sjelden alvorlig syke av korona
  • jevnlig testing er et effektivt smitteverntiltak 
 

Kultur og fritid

  • Trening for born og ungdom: Alle treningar og aktivitet kan opne. Det er ikkje regel om kohort. 
  • Trening for vaksen: For vaksen som skal trene gjeld regel med 1 meters avstand ved låg intensitet, og 2 meters avstand ved høg intensitet og maks 20 personar.
    Kontaktidrett kan ein ikkje ha enno, dessverre. 
  • Ungdomsklubb: Ungdomsklubben opnar fredag 14. januar kl. 18.00 og varer til kl. 22.00. På laurdag 15. jan har vi ope frå kl. 19.00 – 23.00. 
    Vi opnar ein time seinare enn normalt på fredag, fordi vi har ei overrasking til ungdommen å førebu  
  • Kino: Opnar onsdag 19. januar etter retningsliner om smittevern. Bestill billett på nett.
  • Kulturskule: Har ordinær undervisning frå veke 3, på grønt nivå.
  • Fritidsaktivitetar for vaksne i fleirbrukshuset  - utsettast/avlysast
  • Fritidsaktivitetar for born i fleirbrukshuset - går som normalt, men maks 20. stk
  • Offentleg bading – Bestilling av bading
  • Biblioteket – opent, men med påbod om munnbind

Reservepersonell

I einingar som skule, barnehage, helse og omsorg kan det bli behov for ekstra personell dersom mange tilsette blir sjuke eller kjem i karantene. Vi oppmodar difor tidlegare tilsette, studentar, pensjonistar og andre som har vore knytt til Nissedal kommune om å ta kontakt om dei kan stå på liste som reservepersonell.
Kan du stå på liste som ressurs, kontakt Anne Aarak på e-post anne.aarak@nissedal.kommune.no eller mobil 91 58 83 55.


Isolasjon, karantene og testing:

  • For personar som er stadfesta smitta av Covid gjeld det som før 6 dagar i isolasjon frå symptoma starta.
  • Nærkontakter som er hustandsmedlemer eller tilsvarende nær den smitta skal framleis i smittekarantene. Dei bør teste seg så snart som mogleg, og kan teste seg ut etter 7 dagar. Karantena gjeld ikkje dei som har hatt covid siste 3 mnd, eller er vaksinert med 3 doser. Desse kan i staden teste seg annakvar dag med PCR eller dagleg med hurtigtest i 7 dg. 
  • Øvrige nærkontakter, som altså ikkje er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære, skal ikkje lenger i karantene. Desse bør teste seg på dag 3 og 5 etter nærkontakten, og elles følge med på symptom i 10 dagar. Dei kan altså gå på arbeid og leve omtrent som normalt. 
Sjå meir informasjon i pressemeldinga, sjå link øvst i statusen.
 
Viss du får positiv hurtigtest heime:
• Gå straks i isolasjon
• Informer nærkontaktane dine
• Ta kontakt med legekontoret v/Hild Riseth Fjone på mobil: 404 80 877 

Viss du får symptom på Covid eller er nærkontakt kan du få hurtigtest på legekontoret ved vindauget til ambulanseinngangen.
 
Hurtigtestar kan også kjøpast på apotek om du ynskjer å ha det heime.
 

Vaksinasjon:

I denne veka blei det sett 144 vaksinedoser. 
Til veka kjem kommunen til å få større leveranse av vaksiner enn forventa (186 doser), og kjem fortløpande til å vaksinere alle over 18 år som fekk 2. dose for minimum 4,5 månad sidan. Det er planlagt massevaksinering på Mila torsdag kveld og fredag på dagtid.
 
Legekontoret kontaktar alle som får tilbod om vaksine.
Har du ikkje tatt vaksine, 1. eller 2. dose, men ynskjer likevel å vaksinere deg, så ta kontakt med legekontoret på telefon 35 04 84 20. 
 
Det er viktig å vaksinere seg!
 
Meir informasjon vil bli lagt ut her på heimesida ved endringar. 
 
Halvor Homme
ordførar

10.01.22 - Status frå kriseleiinga

Status smitte: 
Det har sidan sist måndag blitt meldt om 8 positive PCR testar. 
Fleire av desse nye smittetilfella er knytt til reiser og er i hovudsak vaksne innbyggjarar.
 
Smitteutbrotet som var før jol blant elevar/hustandsmedlemer/nærkontaktar er no på retur. 
 
Råd og reglar:
Regjeringa har innført nasjonale smitteverntiltak for ikkje å overbelaste helse- og omsorgstenesta og for å beskytte kritiske samfunnsfunksjonar. 
 
Nissedal kommune fylgjer nasjonale råd og reglar, desse skal vare til 14. januar i fyrste omgang og dei kan du lese på www.regjeringa.no
I Nissedal er fleire tenesteområde påverka. Fleire tilsette nyttar heimekontor, og avstand og sosial kontakt reduserast. Nokre av desse områda er:

Nissedal omsorgssenter: 
  • Opent for besøkande, men helst besøk på romma.
  • Anbefaling om munnbind
  • Ved fleire enn 2 personar på besøk, kontakt omsorgssenteret på førehand for avtale.
Skule/barnehage i Nissedal er på gult nivå: 
Reglane for dette trådde i kraft torsdag 16. desember. 
Gult nivå for skule og barnehagane kan du lese om her:
 
Kultur:
  • Ungdomsklubb – stengt
  • Kino – oppsatte framsyningar går som normalt, men med påbod om munnbind
  • Kulturskulen – gult nivå, dvs 1/1 undervisning.
  • Fritidsaktivitetar for vaksne i fleirbrukshuset  - utsettast/avlysast
  • Fritidsaktivitar for born i fleirbrukshuset - går som normalt, men maks 20. stk
  • Offentleg bading – stengt (skulesvømming går som normalt)
  • Biblioteket – opent, men med påbod om munnbind
Reservepersonell
I einingar som skule, barnehage, helse og omsorg kan det bli behov for ekstra personell dersom mange tilsette blir sjuke eller kjem i karantene. Vi oppmodar difor tidlegare tilsette, studentar, pensjonistar og andre som har vore knytt til Nissedal kommune om å ta kontakt om dei kan stå på liste som reservepersonell.
Kan du stå på liste som ressurs, kontakt Anne Aarak på epost anne.aarak@nissedal.kommune.no eller mobil 91 58 83 55.
 
Testing:
Det er framleis viktig å teste seg – men dette gjeld kun om du har vore i nærkontakt med smitta, har symptom på smitte, eller er mistenkt smitta. Du kan lese meir om definisjonane på nærkontakt og karantenereglar her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/narkontakter-og-smittekarantene/?term=&h=1
 
I landet har det vore eit stort trykk på bruk av hurtigtestar, vi har difor ikkje så stort lager som tidlegare i Nissedal. Det er difor viktig å kun nytte hurtigtest om du er nærkontakt, har symptom eller mistenker smitte. 
Hurtigtestar kan du få på legekontoret ved vindauget til ambulanseinngangen.
Hurtigtestar kan også kjøpas på apotek om du ynskjer å ha det heime.

Viss du får positiv hurtigtest heime:
Gå straks i isolasjon
• Informer nærkontaktane dine
• Ta kontakt med legekontoret v/Hild Riseth Fjone på mobil: 404 80 877 
 
Vaksine:
Kommunen ventar større leveransar av vaksiner dei neste vekene, og kjem fortløpande til å vaksinere alle over 18 år som fekk 2. dose for minimum 4,5 månad sidan.
 
Legekontoret kontaktar alle som får tilbod om vaksine.
 
Har du ikkje tatt vaksine, 1. eller 2. dose, men ynskjer likevel å vaksinere deg, så ta kontakt med legekontoret på telefon 35 04 84 20. 
Det er viktig å vaksinere seg!
 
Meir informasjon vil bli lagt ut her på heimesida ved endringar. 
 
Halvor Homme
ordførar

04.01.22 - Status frå kriseleiinga

Status smitte: 
 
Det vart gjennomført ei massetesting av alle elevar og tilsette i skule og barnehage før oppstart på nyåret. Denne testinga avdekte 1 positiv hurtigtest på ein elev, og eleven har ikkje møtt på skulen.
 
Råd og reglar:
Regjeringa har innført nasjonale smitteverntiltak for ikkje å overbelaste helse- og omsorgstenesta og for å beskytte kritiske samfunnsfunksjonar. Smitta i Norge aukar kraftig og vi har fått tydelege råd om å innføre nye, strengare tiltak. 
 
Nissedal kommune fylgjer nasjonale råd og reglar, og desse skal vare 4 veker i fyrste omgang, og tredde i kraft ved midnatt, natt til onsdag 15. desember. 
Desse kan du lese på www.regjeringa.no

I Nissedal har fleire tenesteområde blitt ramma. Fleire tilsette nyttar heimekontor og avstand og sosial kontakt må reduserast. Nokre av desse områda er:

Nissedal omsorgssenter: 
  • Opent for besøkande, men helst besøk på romma.
  • Anbefaling om munnbind
  • Ved fleire enn 2 personar på besøk, kontakt omsorgssenteret på førehand for avtale
 
Skulane i Nissedal er på gult nivå: 
Reglane for dette trådde i kraft torsdag 16. desember. 

Gult nivå for skule og barnehagane kan du lese om her:
Kultur:
  • Ungdomsklubb – stengt
  • Kino – oppsatte framsyningar går som normalt, men med påbod om munnbind
  • Kulturskulen – gult nivå, dvs 1/1 undervisning.
  • Fritidsaktivitetar for vaksne i fleirbrukshuset  - utsettast/avlysast
  • Fritidsaktivitar for born i fleirbrukshuset - går som normalt, men maks 20. stk
  • Offentleg bading – stengt (skulesvømming går som normalt)
  • Biblioteket – opent, men med påbod om munnbind
 
I einingar som skule, barnehage, helse og omsorg kan det bli behov for ekstra personell dersom mange tilsette blir sjuke eller kjem i karantene. Vi oppmodar difor tidlegare tilsette, studentar, pensjonistar og andre som har vore knytt til Nissedal kommune om å ta kontakt om dei kan stå på liste som reservepersonell.
Kan du stå på liste som ressurs, kontakt Anne Aarak på epost anne.aarak@nissedal.kommune.no eller mobil 91 58 83 55.
 
Testing:
Det er framleis viktig å teste seg – men dette gjeld kun om du har vore i nærkontakt med smitta, har symptom på smitte, eller er mistenkt smitta. Du kan lese meir om definisjonane på nærkontakt og karantenereglar her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/narkontakter-og-smittekarantene/?term=&h=1
 
I landet har det vore eit stort trykk på bruk av hurtigtestar, vi har difor ikkje så stort lager som tidlegare i Nissedal. Det er difor viktig å kun nytte hurtigtest om du er nærkontakt, har symptom eller mistenker smitte. 
Hurtigtestar kan du få på legekontoret ved vindauget til ambulanseinngangen.
Hurtigtestar kan også kjøpas på apotek om du ynskjer å ha det heime.

Viss du får positiv hurtigtest heime:
  • Gå straks i isolasjon
  • Informer nærkontaktane dine
  • Ta kontakt med legekontoret v/Hild Riseth Fjone på mobil: 40480877 
Vaksine:
Kommunen er godt i gang med vaksinering, og har vaksinert med 3. dose gjennom heile romjola. Målet om å vaksinere alle over 65+ og helsepersonell før jol er nådd. 
 
Kommunen ventar større leveranser av vaksiner dei neste vekene, og vil vaksinere fortløpande alle over 18 år som fekk 2. dose for minimum 4,5 mnd. sidan.
 
Det vil bli massevaksinering 7. januar på Mila. 
 
Alle som vil få vaksine vil bli kontakta av legekontoret for avtale.
 
Har du ikkje tatt vaksine, 1. eller 2. dose men likevel ynskjer å vaksinere deg, kontakt legekontoret på tlf 35 04 84 20. 
Det er viktig å vaksinere seg!
 
Kriseleiinga fylgjer situasjonen tett, har jamnlege møte og meir informasjon vil bli lagt ut her på heimesida ved endringar. 
 
 
Halvor Homme
ordførar

03.01.22 - Status frå kriseleiinga

Status smitte
Det har sidan 28. desember blitt meldt om 16 positive testar. Desse er i hovudsak husstandsmedlemar til tidlegare smitta.
 
Oppstart av skule/barnehage og massetesting
Før oppstart av skule og barnehage i januar vil ein i Nissedal masseteste alle elevane + dei tilsette i skule og barnehage.
 
Utdeling av hurtigtestar for massetesting:
  • Tilsette vil få hurtigtestar før planleggingsdag måndag frå sin leiar.
  • Elevane i Kyrkjebygda kan hente hurtigtest på Kyrkjebygda oppvekstsenter måndag.
  • Elevane ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule kan hente hurtigtest i luka ved ambulanseinngangen på legekontoret måndag.
Det er viktig at testen blir tatt kvelden før, eller om morgon før ein møter opp på skule eller i barnehage.
 
Skulane vil etter nyttår starte opp att på gult nivå tysdag 04.01.
 
Tilbakemelding frå FHI
Kommunelegen har vore i kontakt med FHI, og svara vi får frå (to) rettleiarar på smittevernvakta er at Nissedal verkar å gjort mykje rett, trass smittetala. Dette handlar om «forholdsmessighet» Kor strenge tiltak ein kan leve med over tid i samfunnet når trusselen for folk flest er nokså liten. Gitt at dei fleste er vaksinert er vi i ein annan situasjon no enn då pandemien starta. Då vert strenge tiltak som skulestenging eller strenge sosiale restriksjonar mindre opplagt. 
 
Vi er nøydde til å tole ein del smitte i samfunnet, og korona er ufarleg for dei fleste. Spesielt er det problematisk å ramme born og unge med strenge restriksjonar. Desse aldersgruppene vert som regel lite sjuke, og det er difor ikkje heilt enkelt at dei skal begrensast mykje for å hindre smitte i ei heilt anna gruppe - eldre og sårbare. 
 
Når det kjem til dette med korleis barnefamiliar handterer smitte, er det heilt rett at omsorg for borna går foran smittevernhensyn. Kanskje er det pragmatisk å seie at det er vellukka nok dersom ein klarar å halde smitta innanfor husets fire veggar, og ikkje smitte andre familiar. 
 
Unntak av smittekarantene
I tillegg har det kome nasjonale reglar for unntak av smittekarantene for tilsette i skule og barnehage. Desse trådde i kraft 1. januar 2022 og er slik:
«Endringene innebærer at ansatte i barnehage og skole er unntatt fra smittekarantene i arbeidstiden. Unntaket gjelder ikke dersom den ansatte er i samme husstand eller tilsvarende nær den som er smittet.
Unntaket gjelder fra første dag etter nærkontakten, men forutsetter at den ansatte tester negativt med antigen hurtigtest tatt døgn 3 og 7 etter nærkontakten.
Videre er dagens unntak fra smittekarantene for barn og unge under 18 år som ikke er i samme husstand eller tilsvarende nær den som er smittet, utvidet til også å gjelde elever i videregående skole som har fylt 18 år.» 
 
Råd og reglar:
Regjeringa har innført nasjonale smitteverntiltak for ikkje å overbelaste helse- og omsorgstenesta og for å beskytte kritiske samfunnsfunksjonar. Smitta i Norge aukar kraftig og vi har fått tydelege råd om å innføre nye, strengare tiltak. 
 
Nissedal kommune fylgjer nasjonale råd og reglar, desse skal vare 4 veker i fyrste omgang, og trer i kraft ved midnatt, natt til onsdag 15. desember. 
Desse kan du lese på www.regjeringa.no.
 
I Nissedal vil fleire tenesteområde bli ramma. Fleire tilsette vil nytte heimekontor og avstand og sosial kontakt må begrensast. Nokre av desse områda er:

Nissedal omsorgssenter: 
  • Opent for besøkande, men helst besøk på romma.
  • Anbefaling om munnbind
  • Ved fleire enn 2 personar på besøk, kontakt omsorgssenteret på førehand for avtale.
 
Skulane i Nissedal er på gult nivå: 
Reglane for dette trådde i kraft torsdag 16. desember. 
Gult nivå for skule og barnehagane kan du lese om her:
 
Kultur:
  • Ungdomsklubb – stengt
  • Kino – oppsatte framsyningar går som normalt, men med påbod om munnbind
  • Kulturskulen – gult nivå, dvs 1/1 undervisning.
  • Fritidsaktivitetar for vaksne i fleirbrukshuset  - utsettast/avlysast
  • Fritidsaktivitar for born i fleirbrukshuset - går som normalt, men maks 20. stk
  • Offentleg bading – stengt (skulesvømming går som normalt)
  • Biblioteket – opent, men med påbod om munnbind
 
I einingar som skule, barnehage, helse og omsorg kan det bli behov for ekstra personell dersom mange tilsette blir sjuke eller kjem i karantene. Vi oppmodar difor tidlegare tilsette, studentar, pensjonistar og andre som har vore knytt til Nissedal kommune om å ta kontakt om dei kan stå på liste som reservepersonell.
Kan du stå på liste som ressurs, kontakt Anne Aarak på epost anne.aarak@nissedal.kommune.no eller mobil 91 58 83 55.
 
Testing:
Det er framleis viktig å teste seg – men dette gjeld kun om du har vore i nærkontakt med smitta, har symptom på smitte, eller er mistenkt smitta. Du kan lese meir om definisjonane på nærkontakt og karantenereglar her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/narkontakter-og-smittekarantene/?term=&h=1
 
I landet har det vore eit stort trykk på bruk av hurtigtestar, vi vil difor ikkje lenger få så store leveransar som tidlegare til Nissedal. Det er difor viktig å kun nytte hurtigtest om du er nærkontakt, har symptom eller mistenker smitte. 
Hurtigtestar kan du få på legekontoret ved vindauget til ambulanseinngangen.
Hurtigtestar kan også kjøpas på apotek om du ynskjer å ha det heime.

Viss du får positiv test heime:
• Gå straks i isolasjon
• Informer nærkontaktane dine
• Ta kontakt med legekontoret v/Hild Riseth Fjone på mobil: 40480877 
 
Vaksine:
Kommunen er godt i gang med vaksinering, og har vaksinert med 3. dose gjennom heile romjola. Målet om å vaksinere alle over 65+ og helsepersonell før jol er nådd. 
 
Det vil også bli massevaksinering 7. januar på Mila. 
Alle som vil få vaksine vil bli kontakta av legekontoret for avtale.
 
Har du ikkje tatt vaksine, 1. eller 2. dose men likevel ynskjer å vaksinere deg, kontakt legekontoret på tlf 35 04 84 20. 
Det er viktig å vaksinere seg!
 
Kriseleiinga fylgjer situasjonen tett, har jamlege møte og meir informasjon vil bli lagt ut her på heimesida ved endringar. 
 
 
Halvor Homme
ordførar