Vaksinering: 
  • No skal alle som er fødd i 2003 og tidlegare ha fått tilbod om vaksine og vere fullvaksinert med dose 1 og 2 i Nissedal.
  • Alle 16 og 17 åringar skal ha fått tilbod om vaksine anten på sin skule eller i Nissedal. (Det er likevel nokon som legekontoret ikkje har klart å få tak i. Om du er folkeregistrert i kommunen eller har opphalde deg her over lengre tid og ønsker vaksine, må du ta kontakt med legekontoret på telefon 35 04 84 20. Det er også viktig å møte opp til avtalt tid.)
  • Regjeringa har bestemt at 12-15-åringer skal få tilbod om koronavaksine, slik Folkehelseinstituttet anbefalar. Aldersgruppa vil i fyrste omgang tilbys ei vaksinedose. Nissedal kommune tek sikte på å kome i gang med dette i løpet av dei fyrstkomande vekene. Meir informasjon vil bli sendt ut til alle føresette, samt at begge føresette må skriftleg samtykke til vaksinering av sitt born.
 
Fortløpande vil vaksinasjon gå føre seg etter prioriteringsliste og i tråd med reglane og anbefalingane som kjem frå sentralt hald. 
 
Du kan lese meir om prioriteringslistene på nettsidene til FHI her: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/
 
Det er elles ikkje naudsynt å bestille time for vaksinering. Alle vil bli kontakta av legekontoret med informasjon og tidspunkt for vaksinasjon så snart vaksine er på plass. Legekontoret vil ringe kvar enkelt frå telefonnummer 35 04 84 20 eller 35 04 84 00.
 
Råd og tiltak:
Nissedal kommune fylgjer nasjonale råd og tiltak. Landet er framleis på trinn 3 i gjenopningsplanen med nokre få justeringar.
 
Her er oversikta over nasjonale tiltak, som gjeld for heile landet frå 13. august: https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/oversikt-over-nasjonale-tiltak/id2826828/
 
Hald 1 meter avstand. Hald hendande reine. Hald deg heime om du er sjuk.
 
Meir informasjon vil bli lagt ut her på heimesida ved endringar. 
 
Halvor Homme
ordførar