Vaksine:

  • 411 personer har fått 1. dose
  • 289 personer har fått 2. dose (fullvaksinerte)
  • Totalt 700 doser satt.

Vaksinering dei komande vekene:

  •  Veke 23 – Totalt 10 glas, 4 glas til 1. dose og 6 glas til 2. dose.
    - Oppstart prioriteringsgruppe 5
  • Veke 24 – Totalt 10 glas, 6 glas til 1. dose og 4 glas til 2. dose.
    - Prioriteringsgruppe 5 og 6

I veke 23 til 28 vil vi få ca. 30 % færre vaksiner, då kommunar med høgare smittetrykk skal få auka antal. Desse vaksinene vil vi få igjen i veke 29-31. Legekontoret vil ha god kapasitet til å vaksinere også i ferietida.

Fortløpande vil vaksinasjon gå føre seg etter prioriteringsliste og i tråd med reglane og anbefalingane som kjem frå sentralt hald.

Du kan lese meir om prioriteringslistene på nettsidene til FHI her: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

Det er ikkje nødvendig å bestille time for vaksinering. Alle vil bli kontakta av legekontoret med informasjon og tidspunkt for vaksinasjon så snart vaksine er på plass. Legekontoret vil ringe kvar enkelt frå telefonnummer 35 04 84 20 eller 35 04 84 00.

Testing:

Det nærmar seg skuleferie. Legekontoret har god testkapasitet og vi oppmodar alle vidaregåande elevar og studentar som kjem heim til sommaren om å teste seg.

Råd og tiltak:

Nissedal kommune fylgjer nasjonale råd og tiltak.

Hald 1 meter avstand. Hald hendande reine. Hald deg heime om du er sjuk.


Meir informasjon vil bli lagt ut her på heimesida ved endringar.

Halvor Homme
ordførar