I fyrste omgang har Nissedal fått 5 doser. Desse vart gitt til bebuarar på omsorgssenteret førre veke. I løpet av denne veka vil vi truleg få 5 nye doser.

Fortløpande vil vaksinasjon gå føre seg etter prioriteringsliste og i tråd med reglane og anbefalingane som kjem frå sentralt hald.

Du kan lese meir om prioriteringslistene på nettsidene til FHI her: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

Per i dag veit vi ikkje nøyaktig kor mange doser vi vil få, og når dei vil kome, men helseavdelinga i Nissedal er godt førebudd. Det er utarbeida ein plan for massevaksinasjon, og ein tek utgangspunkt i å fylgje noko av dei same rutinane som ved den årlege influensavaksinasjonen.

Dersom det kjem mange vaksinedoser på ein gong vil ein nytte Mila som vaksinasjonsstad. Kjem det færre vaksiner i kvar omgang vil legekontoret bli nytta som vaksinasjonsstad.

Vaksina vil vere gratis og frivillig.

Det vil ikkje bli naudsynt å bestille time for vaksinering.

Alle vil bli kontakta med informasjon og tidspunkt for vaksinasjon så snart vaksine er på plass.

Meir informasjon vil bli lagt ut fortløpande her på heimesida ved endringar.

 

Halvor Homme
ordførar