Nissedal kommune fekk i dag melding om at det var blitt påvist smitte på ein folkeregistrert innbyggjar, men denne personen oppheld seg ikkje i kommunen for tida.

Etter kort tid kom kontrabeskjed og det er gjort ein feil frå FHI.  Prøva som var teke var likevel negativ – og Nissedal kommune har framleis ingen smitta.

Meir informasjon og status vil bli lagt ut på heimesida ved endringar.

Halvor Homme
ordførar