Nasjonale råd og reglar frå natt til midnatt 14. 01.22:

Regjeringa har letta på smitteverntiltaka, men det er fortsatt behov for nasjonale tiltak. Det forventast høge smittetal i vekene som kjem, men som samfunn tåler me viruset betre, jf. regjeringas pressemelding. Barn, unge og arbeidsplassar har blitt prioritert i reduseringa av tiltak. 

Nissedal kommune fylgjer nasjonale råd og reglar, og for Nissedal vil tiltaka føre til dette: 


Arbeidsliv

Fleire vil fortsatt nytte heimekontor, då avstand og sosial kontakt fortsatt bør reduserast. 

Det er påbud med bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å holde minst 1 meter avstand. 


Nissedal omsorgssenter: 

  • Ope for besøkande, men helst besøk på romma.
  • Anbefaling om munnbind
  • Ved fleire enn 2 personar på besøk, kontakt omsorgssenteret på førehand for avtale.

Skule, barnehage og SFO

Jf. regjeringa er det ikkje lenger forskriftsfesta kva tiltaksnivå skule, barnehage og SFO skal vere på. Kommunen avgjer sjølv tiltaksnivået i tråd med smitteutviklinga. Kriseleiinga har vurdert at smittetrykket er lågt og vil difor gå over til grønt nivå frå måndag 17.01.22.
 
Tiltak på grønt nivå: 
  1. Ingen sjuke skal møte i skule, barnehage og SFO
  2. God hygiene og normalt reinhald
  3. Kontaktreduserande tiltak: 
    Unngå fysisk kontakt mellom tilsette (handhelse og klemme)
    Vanleg organisering av avdelingar/grupper/klasser og barnehagekvardag/skulekvardag
Informasjon frå Utdanningsdirektoratet (Udir): 

«Kunnskap om smitte i barnehager og skoler:
Vi har oppsummert det FHI nå vet om smitte og smitterisiko i barnehager og skoler. Den viser at barnehager og skoler er trygge steder å være, også når smittetallene er høye: 
  • vaksinen gir veldig god beskyttelse mot alvorlig sykdom
  • det er ikke vesentlig mer smitte blant ansatte i barnehager og skoler, enn blant andre voksne
  • barn og unge blir sjelden alvorlig syke av korona
  • jevnlig testing er et effektivt smitteverntiltak 
 

Kultur og fritid

  • Trening for born og ungdom: Alle treningar og aktivitet kan opne. Det er ikkje regel om kohort. 
  • Trening for vaksen: For vaksen som skal trene gjeld regel med 1 meters avstand ved låg intensitet, og 2 meters avstand ved høg intensitet og maks 20 personar.
    Kontaktidrett kan ein ikkje ha enno, dessverre. 
  • Ungdomsklubb: Ungdomsklubben opnar fredag 14. januar kl. 18.00 og varer til kl. 22.00. På laurdag 15. jan har vi ope frå kl. 19.00 – 23.00. 
    Vi opnar ein time seinare enn normalt på fredag, fordi vi har ei overrasking til ungdommen å førebu  
  • Kino: Opnar onsdag 19. januar etter retningsliner om smittevern. Bestill billett på nett.
  • Kulturskule: Har ordinær undervisning frå veke 3, på grønt nivå.
  • Fritidsaktivitetar for vaksne i fleirbrukshuset  - utsettast/avlysast
  • Fritidsaktivitetar for born i fleirbrukshuset - går som normalt, men maks 20. stk
  • Offentleg bading – Bestilling av bading
  • Biblioteket – opent, men med påbod om munnbind

Reservepersonell

I einingar som skule, barnehage, helse og omsorg kan det bli behov for ekstra personell dersom mange tilsette blir sjuke eller kjem i karantene. Vi oppmodar difor tidlegare tilsette, studentar, pensjonistar og andre som har vore knytt til Nissedal kommune om å ta kontakt om dei kan stå på liste som reservepersonell.
Kan du stå på liste som ressurs, kontakt Anne Aarak på e-post anne.aarak@nissedal.kommune.no eller mobil 91 58 83 55.


Isolasjon, karantene og testing:

  • For personar som er stadfesta smitta av Covid gjeld det som før 6 dagar i isolasjon frå symptoma starta
  • Nærkontakter som er hustandsmedlemer eller tilsvarende nær den smitta skal framleis i smittekarantene. Dei bør teste seg så snart som mogleg, og kan teste seg ut etter 7 dagar. Karantena gjeld ikkje dei som har hatt covid siste 3 mnd, eller er vaksinert med 3 doser. Desse kan i staden teste seg annakvar dag med PCR eller dagleg med hurtigtest i 7 dg. 
  • Øvrige nærkontakter, som altså ikkje er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære, skal ikkje lenger i karantene. Desse bør teste seg på dag 3 og 5 etter nærkontakten, og elles følge med på symptom i 10 dagar. Dei kan altså gå på arbeid og leve omtrent som normalt. 
Sjå meir informasjon i pressemeldinga, sjå link øvst i statusen.
 
Viss du får positiv hurtigtest heime:
• Gå straks i isolasjon
• Informer nærkontaktane dine
• Ta kontakt med legekontoret v/Hild Riseth Fjone på mobil: 404 80 877 

Viss du får symptom på Covid eller er nærkontakt kan du få hurtigtest på legekontoret ved vindauget til ambulanseinngangen.
 
Hurtigtestar kan også kjøpast på apotek om du ynskjer å ha det heime.

Vaksinasjon:

I denne veka blei det sett 144 vaksinedoser. 
Til veka kjem kommunen til å få større leveranse av vaksiner enn forventa (186 doser), og kjem fortløpande til å vaksinere alle over 18 år som fekk 2. dose for minimum 4,5 månad sidan. Det er planlagt massevaksinering på Mila torsdag kveld og fredag på dagtid.
 
Legekontoret kontaktar alle som får tilbod om vaksine.
Har du ikkje tatt vaksine, 1. eller 2. dose, men ynskjer likevel å vaksinere deg, så ta kontakt med legekontoret på telefon 35 04 84 20. 
 
Det er viktig å vaksinere seg!
 
Meir informasjon vil bli lagt ut her på heimesida ved endringar. 
 
Halvor Homme
ordførar