Det nærmar seg desember og fleire er nå i gang med å tenke på jolehandel og innkjøp. Av smittevernomsyn oppmodar vi difor i år til:

  • Handle lokalt, gjerne på tidspunkt og dagar det ikkje er mykje kundar i butikkane.
  • Å handle på nett er også ei god løysing.
  • Reiser du på jolehandel eller har andre ærend i kommunar med mykje smitte, kan det vere ein god ide å gå inn på heimesida til den kommunen du skal til for å sjå om dei har særskilte tiltak eller føringar enn dei nasjonale råda.

Meir informasjon og status vil bli lagt ut på heimesida ved endringar.

Halvor Homme
ordførar