Arrangement i kommunen
Ansvarlege for arrangement skal sende til kommuneoverlegen ei skildring av arrangementet og korleis smittevern er tenkt gjennomført.

Raude delar av landet
Kriseleiinga innfører ikkje karantene for innbyggarar kjem frå såkalla røde kommunar. Likeeins ikkje restriksjonar for jobbpendlarar.

Julebord
Kriseleiinga ber om at næringslivsleiarar tenkjer seg nøye om ved planlegging av julebord i år, og oppmodar om at det i år blir eit alternativt arrangement

Halloween
Kriseleiinga legg seg på FHI sine smittevernråd, https://www.fhi.no/nyheter/halloween-rad/

Svømmeopplæring for fem-åringar
Kriseleiinga meiner at svømmeopplæring for born er svært viktig, og dette må prioriterast. Born er relativt lite utsett for smitte. Det vert difor gjeve lovnad om å arrangere felles svømmeopplæring for alle fem-åringar i kommunen på dagtid.

Meir informasjon og status vil bli lagt ut på heimesida ved endringar.

Halvor Homme
ordførar