Vaksine:

Til nå har 307 personar fått første dose og 100 personer har også fått dose 2. Totalt er det satt 407 vaksinedoser.

I løpet av denne veka  (veke 17) vil vi få 9 glass vaksiner (54 doser).
- Prioriteringsgruppe 4 – (Personar 65 – 74 år OG risikopasientar 18 – 16 år med sjukdommar/tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp) - vaksinering på Mila.

Neste veke (veke 18) vil vi få 8 glass vaksiner (48 doser).
- Prioriteringsgruppe 4 – vaksinering på Mila.

Dei dette gjeld har fått informasjon og innkalling. Fleire vil bli kalla inn etterkvart som vaksinene kjem til kommunen.

Fortløpande vil vaksinasjon gå føre seg etter prioriteringsliste og i tråd med reglane og anbefalingane som kjem frå sentralt hald.

Du kan lese meir om prioriteringslistene på nettsidene til FHI her: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

Det er ikkje nødvendig  å bestille time for vaksinering. Alle vil bli kontakta av legekontoret med informasjon og tidspunkt for vaksinasjon så snart vaksine er på plass. Legekontoret vil ringe kvar enkelt frå telefonnummer 35 04 84 20 eller 35 04 84 00.

Nasjonale råd og tiltak:

Nissedal kommune fylgjer nasjonale råd og tiltak.

17. mai:

Det har no kome nasjonale råd for 17. mai, komiteane må difor legge til grunn retningslinene som gjeld for gjennomføring av arrangement.

 

Hald 1 meter avstand. Hald hendande reine. Hald deg heime om du er sjuk.

 

Meir informasjon vil bli lagt ut her på heimesida ved endringar.

Halvor Homme
ordførar