Vaksine:

  • 388 personer har fått 1. dose
  • 246 personer har fått 2. dose (fullvaksinerte)
  • Totalt 634 doser satt

Vaksinering dei komande vekene:

- Veke 22 (denne veka) – Totalt 11 glas, 4 glas til første dose og 7 glas til 2. dose. Alle i prioriteringsgruppe 4 skal ha fått tilbod om 1. dose. Ta kontakt med legekontoret dersom du ikkje er kontakta.

- Veke 23 – Totalt 10 glas, 4 glas til første dose og 6 glas til 2. dose. Oppstart prioriteringsgruppe 5.

I veke 23 til 28 vil vi få ca. 30 % færre vaksiner, då kommunar med høgare smittetrykk skal få auka antal. Desse vaksinene vil vi få igjen i veke 29-31. Legekontoret vil ha god kapasitet til å vaksinere også i ferietida.

Fortløpande vil vaksinasjon gå føre seg etter prioriteringsliste og i tråd med reglane og anbefalingane som kjem frå sentralt hald.

Du kan lese meir om prioriteringslistene på nettsidene til FHI her: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

Det er ikkje nødvendig å bestille time for vaksinering. Alle vil bli kontakta av legekontoret med informasjon og tidspunkt for vaksinasjon så snart vaksine er på plass. Legekontoret vil ringe kvar enkelt frå telefonnummer 35 04 84 20 eller 35 04 84 00.

Testing:

Det nærmar seg skuleferie og legekontoret har god testkapasitet. Vi  oppmodar difor alle vidaregåande elevar og studentar som kjem heim til sommaren om å teste seg.

Råd og tiltak:

Nissedal kommune fylgjer nasjonale råd og tiltak.

Hald 1 meter avstand. Hald hendande reine. Hald deg heime om du er sjuk.

Meir informasjon vil bli lagt ut her på heimesida ved endringar.

 

Halvor Homme
ordførar