Det er så langt ingen nye tiltak som er iverksett i kommunen i dag. Kriseleiinga fylgjer fortsatt situasjonen tett og førebur seg best mogleg.

Vi er så langt godt dekt opp med personell og har kontroll på situasjonen. Vi har lister over tilsette i kommunen som kan omdisponerast og bistå, særleg innafor helsesektoren, om det skulle bli naudsynt.

Vi ynskjer også ein oversikt over anna helsepersonell i Nissedal kommune, som vi kan ha i beredskap, og som vi kan kontakte om det skulle bli behov.

Så er du helsepersonell, og kan stille deg tilgjengeleg til å bli kontakta, send gjerne ein epost til postmottak@nissedal.kommune.no med navn, telefonummer og kvalifikasjonar. (td. sjukepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, vernepleiar m.m).

Dersom det skjer endringar, eller kjem anna viktig informasjon, legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar