11.08.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Det er teke 78 testar - alle negative

Sommaren går mot hell og snart ventar kvardagen og hausten.

I dag har det vore møte i kommunen si kriseleiing, og det vil frå no av bli faste møte kvar veke i beredskapsleiinga. Informasjon og status frå møta vil bli publisert på heimesida.

Tema for møte i dag var status gjennom sommaren, planlegging av skulestart og aktivitetar, samt tiltak og planar framover både innan skule, barnehage, kultur og velferd.

Det har vore ein sommar med mykje turistar i kommunen, særleg i Treungen sentrum. Dette ser ut til å ha gått bra til trass for stor pågang i butikkane og på campingplassane. Det har ikkje blitt meldt om smittetilfelle i vår kommune, og etterspurnad etter testing er framleis låg.

Regjeringa rådar norske borgarar til å unngå ikkje naudsynte reiser til utlandet.

Nasjonale råd er no at alle tilsette i helsetenesta, som har vore i utlandet dei siste 10 dagar, bes ta prøve for Covid-19 før dei startar i jobb att. Dei må ha negativt prøvesvar før dei startar i jobben.

Nissedal kommune ynskjer også at tilsette i skule og barnehage likedan testar seg for Covid-19 før dei startar i jobb, dersom dei har vore i utlandet dei siste 10 dagar.

På landsbasis er det no ei auke i smittetilfelle og vi oppmodar alle til å fortsette dugnaden med å vaske hender, halde god avstand og halde deg heime om du er sjuk.


Halvor Homme
ordførar

16.07.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Det har i dag vore møte mellom kriseleiinga og arrangør av Treungen mikrocamp og sommarfest.

Kriseleiinga har etter ei heilskapleg vurdering, og med råd frå smittevernlegen, funne det rett at vi ikkje kan tilrå at det blir halde festivalcamp og konsertar frå 29.07 til 02.08 i Nissedal kommune.

Smittesituasjonen i landet er framleis uviss, og med eit slikt arrangement i tillegg til at kommunen allereie opplever eit stort påtrykk av tilreisande/turistar ser vi det diverre naudsynt å ikkje tillate eit slikt arrangement. Dette for å ta vare på tryggleiken på best mogleg måte.

Neste statusoppdatering kjem i august, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

30.06.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

I samband med at Treungenfestivalen i år er avlyst, planlegg no festivalleiinga v/Jørgen Solberg Sommarcamp 2020 og konsertar frå onsdag 29.07 til 02.08.

For å kunne gjennomføre arrangement og utandørskonsertar er det reglar i høve til smittevern, avstand og antal deltakarar. Kriseleiinga er difor i dialog med arrangør for å ivareta at råda om smittevern vert fylgt opp på ein god måte, og at det ikkje vil skape ei tilstrøyming til sentrum av andre enn dei som har førehandskjøpt billettar til arrangementet.

Treungenfestivalen v/ Jørgen informerte at dei legg opp til festivalcamping med maks antal 200 gjester.

Samstundes vert det lagt opp til 3 konsertar torsdag, fredag og laurdag på Sommarsletta.

(kl. 17.00, kl. 20.30 og kl. 23.30) Her vil det bli sluser inn og ut og maks 200 personar på kvar konsert.

Både kommunen og arrangør er opne på at det er mykje som er uvisst i samband med viruset. Stoda i kommunen og Norge er framleis uviss om ein månad, og ein må vere førebudd på at arrangementa kan bli avlyst på kort varsel dersom smittesituasjonen aukar eller reglar om smittevern ikkje kan oppfyllast.

Meir om regelverk kring arrangement finn du her: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus/idrett-kultur-fornoyelsesparker-og-frivillige-organisasjoner/forbud-mot-enkelte-kultur-og-idrettsarrangementer

Arrangør og kriseleiinga vil halde jamnleg kontakt fram mot festivalcamp 2020 og vurdere situasjonen fortløpande.

Neste statusoppdatering kjem ikkje før i august, men dersom det skjer endringar eller anna informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Vi ynskjer alle samstundes ein riktig god sommar!


Halvor Homme
ordførar

22.06.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Kriseleiinga vil i juli kun halde møte ved behov, og stiller opp på kort varsel om situasjonen rundt Covid 19 vert endra for vår kommune.

Smittesituasjonen i Nissedal er framleis stabil, men i takt med at samfunnet gradvis opnar opp att er det viktig å hugse desse råda frå Helsedirektoratet:

Vask hendene, hold avstand, hold deg hjemme om du er syk.

Neste statusoppdatering kjem ikkje før i august, men dersom det skjer endringar eller kjem anna informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Vi ynskjer alle samstundes ein riktig god sommar!

Halvor Homme
ordførar

08.06.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.
Det er tatt 36 smitteprøver i kommunen –  35 negative, 1 ventar vi resultatet på.
 
Smittesituasjonen i Nissedal er framleis stabil, men i takt med at samfunnet gradvis opnar opp att er det viktig å hugse desse viktige råda frå Helsedirektoratet:
Bilde som viser korleis ein kan forebygge smitte

Neste statusoppdatering kjem måndag 16.06.20, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

02.06.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.
Det er tatt 35 smitteprøver i kommunen – alle negative.
 
Smittesituasjonen i Nissedal er framleis stabil, men i takt med at samfunnet gradvis opnar opp att er det viktig å hugse desse råda frå Helsedirektoratet:
Bilde som viser korleis ein kan forebygge smitte

Neste statusoppdatering kjem måndag 08.06.20, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

25.05.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.
Det er tatt 33 smitteprøver i kommunen – alle negative.

Smittesituasjonen i Nissedal er framleis stabil, men i takt med at samfunnet gradvis opnar opp att er det viktig å hugse desse råda frå Helsedirektoratet:

Vask hendene, hold avstand, hold deg hjemme om du er syk

Bilde som viser korleis ein kan forebygge smitte

Neste statusoppdatering kjem tysdag 02.06.20, men dersom det skjer endringar eller anna informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

18.05.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag. Det er tatt 31 smitteprøver i kommunen – alle negative.

Smittesituasjonen i Nissedal er framleis stabil. Skular og barnehagar melder om god oppstart og kommunen er i gang med å gradvis opne opp att aktivitetar som har vore stengt. Kriseleiinga har no møte 1 gong i veka og evaluerer situasjonen fortløpande.

Neste statusoppdatering kjem måndag 25.05.20, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

 

Halvor Homme
ordførar

14.05.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Det er tatt 30 smitteprøver i kommunen – alle negative.

Informasjon frå eining for kultur:

Bygdekino
Opnar att i dag med omsyn til smittevern slik:

  • Normalt har salen 60-80 sete, det vert lagt ut 30 billettar for sal. Det må vere minst 1 meter mellom kvar person (om du er i familie kan du sitte saman).
  • Det er kun billettsal på nett, ikkje høve til å kjøpe billett på Fleirbrukshuset.
  • Kinokiosk er stengd
  • Den tilsette frå kommunen har ansvar for namneliste på publikum i salen, plassering av publikum etter retningsliner, vask av armlener og punkt det vert tatt på før, etter og mellom framsyningar og at publikum vaskar hender før dei kjem inn i salen.
  • Det er kun eit tilvist toalett tilgjengeleg, dette vert vaska eter retningsliner av teknisk.
  • Publikum har ikkje høve til å opphalde seg i Fleirbrukshuset, dei må kome til tida, og gå etter framsyning.

Kulturskule
Kulturskulen opnar i veke 21, etter retningsliner utarbeida av Norsk kulturskuleråd.

Det er utarbeida eit lokalt skriv som viser kva for ansvar elev, forelder og lærar har. I grove trekk er det dette:

  • Elev skal kome til time til tida, ikkje før. Elev ventar på utsida til lærar kjem og lukker elev inn.
  • Elev må vaske hender før den går inn i øverom.
  • Elev må ha eige instrument/instrumentkabel/mikrofon med på time. Lærar må i størst mogleg grad ikkje berøre elev sitt instrument
  • Etter time må elev vaske hender og gå rett ut av Fleirbrukshuset.
  • Lærar hentar elev til time, og syt for handvask og opnar alle dører.
  • Lærar reingjer alle flater som har vore i bruk etter kvar elev med såpevatn og klut. Retningsliner frå reinhald.
  • Pianoelevar får eit piano til elevar, og så er det eitt til lærar. Elevpianoet vert reingjort mellom kvar elev.
  • Lærar syt for at det er minst ein meter mellom lærar, elev/elev. For songarar skal det vere 2 meter.
  • Forelder har ansvar for å halde barnet borte frå undervisning om det er sjukt
  • Forelder har ansvar for å syte for at barnet har med instrument/får låne

Dette byggjer på rettleiar, og fleire detaljerte reglar er utarbeida lokalt.

Bibliotek – opnar onsdag 20. mai.
I følge helsedirektoratet kjem alminneleg drift av bibliotek ikkje i kategorien kulturarrangement, og omfattast då ikkje av desse.

Frå rettleiar i korte trekk

  • Kunde bør vaske hender/sprite seg før dei går inn på biblioteket.
  • Kunde kan ikkje vere sjuk eller ha symptom i biblioteket
  • Det kan ikkje vere oppsamling av menneske på biblioteket, kan ikkje vere ein opphaldsstad.
  • Det må ikkje oppstå kø, og det må vere ein meter , helst 2 mellom kvar person.
  • Det bør vere eit maks tal på personar i rommet. Kor mange?
  • Risiko for smitte frå bøker er liten, men ein bør legge til rette for ein stad der det kan leverast inn bøker av lånar sjølv.
  • Det må vere eit godt reinhald av kontaktflater, bøker i karantene er ikkje naudsynt.
  • Det bør vere forsterka reinhald på toalett, dørhandtak og bord der ein et mm
  • For skulebibliotek, bør ein prioritere bokkasser til klasser, evt berre ein kohort av gongen i biblioteket.
  • Ein bør begrense bruk av felles utstyr i biblioteket, som pc/nettbrett. Om det skal brukast må brukar sprite seg før bruk, og flater må reingjerast hyppig.
  • Ein bør halde fram med tilbod til risikogrupper, som å ta i mot og levere bøker til kundar som ikkje kan kome til biblioteket.

Ungdomsklubb:

Ein ser det ikkje som mogleg å opne ungdomsklubb innanfor gjeldande reglar for smittevern, maks 20 personar med 1 meters mellomrom. Det vil bli teke ny vurdering på om ungdomsklubben kan opne til skulestart att i haust.

Vi vil samstundes nytte høve til å ynskje alle ein god 17. mai !

Neste statusoppdatering kjem måndag 18.05.20, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.


Halvor Homme
ordførar

11.05.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Det er tatt 30 smitteprøver i kommunen – alle negative.

Kriseleiinga har i dag hatt nytt møte. Møta er nå redusert til 2 gonger i veka. (Eventuelt fleire etter behov).

Nissedal kommune er no i gang med ei gradvis opning av nedstengte aktivitetar, og vi har framleis fokus på smittevern og nasjonale føringar. Dette er på lik line med resten av samfunnet.

Planane som ligg føre så langt er:

  • Alle barnehagane i kommunen er i gang for fullt.
  • Alle elevar på Kyrkjebygda oppvekstsenter er på plass.
  • På Tveit skule/Nissedal ungdomsskule er 1.-4. klasse i gang og 5. -10. klasse startar onsdag 13.05.
  • Vaksenopplæringa starta opp att i dag.
  • Kino vil starte opp denne veka.
  • Kommunehuset vil opne for publikum onsdag 13.05 og fleire tilsette vil kome attende frå heimekontor.
  • Politiske møter, slik som formannskap, kommunestyre og interne møte, som tidlegare har gått føre seg digitalt vil frå denne veka starte opp att med fysiske møte.
  • 17. mai i kommunen vil gå føre seg på ein litt anna måte i år. Informasjon og program vil kome i VTB og på heimeside før helga.
  • Når det gjeld aktivitetar som kulturskule, ungdomsklubb, bibliotek m.m vil det kome meir informasjon torsdag 14.05.

Vi opplever at alle innbyggjarar og gjester i kommunen er flinke til å halde avstand, vise varsomheit og ta smittevernråd på alvor og vi set pris på at alle viser tolmod i denne tida. Det tek tid å opne ulike aktivitetar att. Det er viktig med ei gradvis gjenopning slik at det blir gjort gode tiltak og planar i høve til reinhald, rettleiarar m.m

Folkehelseinstituttet lanserte i april ein smittestopp app. Denne har heile 32% av kommunens innbyggjarar lasta ned til sin mobiltelefon. Dette er vi særs glade for, og vi oppmodar også fleire til å gjere det same.

Neste statusoppdatering kjem torsdag 14.05.20, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon, legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

07.05.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Det er tatt 27 smitteprøver i kommunen – alle negative.

I dag la regjeringa fram ein plan for opning av samfunnet att. Det blei lagt særleg vekt på at opninga må skje kontrollert og gradvis, og at alle framleis må ha god handhygiene, halde avstand og fylgje smittevernsråda.

Når det gjeld Nissedal kommune, så fylgjer vi nasjonale råd og føringar. Det vil kome meir informasjon på heimesida måndag 11.05 over alle aktivitetar/tilbod som opnar att og datoar som gjeld Nissedal kommune.

Men det som er heilt klart no er at alle elevane skal tilbake på Nissedalsskulen i løpet av neste veke.

  • I Kyrkjebygda startar alle elevane måndag 11.05 og
  • På Tveit skule/Nissedal ungdomsskule startar alle elevane onsdag 13.05.

Meir informasjon om dette vil bli sendt til føresette, samt bli lagt ut fortløpande på heimesida.

Planen til regjeringa ligg lista opp under her:

Fra og med 7. mai gjøres følgende endringer:

Anbefalt størrelse på grupper i private sammenhenger økes fra fem til maksimalt 20 personer, forutsatt at man kan holde minst én meter avstand.

Dette innebærer også at treninger og annen organisert idrettsaktivitet kan gjennomføres for inntil 20 personer som holder minst én meter avstand. Her er det Helsedirektoratets anbefalinger og idrettens egne retningslinjer som gjelder. Disse bør følges.

Idrettshaller kan åpne. Det er forbud mot bruk av garderober i idrettshaller.

Det tillates arrangementer med inntil 50 deltakerne på offentlig sted, der deltakerne kan holde minst én meter avstand til hverandre og der det er en ansvarlig arrangør. Dette gjelder alle typer arrangementer, også idrettsarrangementer som stevner, cuper og kamper. Ansatte eller oppdragstakere som står for gjennomføringen av arrangement på offentlig sted skal ikke regnes som en del av arrangementet. Deres rolle bør avklares i egne bransjestandarder.

Forbudet mot utenlandsreiser for helsepersonell oppheves. Utenlandsreiser frarådes fortsatt. Personer som har vært i utlandet, må i karantene ved hjemkomst.

Befolkningen må være forberedt på at reisekarantene kan vare over sommeren.

Karanteneplikten endres fra 14 til 10 døgn. Personer som har hatt nærkontakt inntil 48 timer før en bekreftet smittet person fikk de første symptomene, skal i karantene. Man skal fortsatt i karantene hvis man har vært i kontakt med smittede personer med mindre enn to meters avstand i mer enn 15 minutter. Det gis unntak fra karanteneplikten i seks måneder for personer som har gjennomgått infeksjon med SARS-CoV-2.

Arbeidsgivere bør sikre at de ansatte kan holde en avstand på minst én meter i hele arbeidstiden. I områder av landet der de ansatte er avhengig av å bruke offentlig transport, oppfordres arbeidsgivere å legge til rette for hjemmekontor og elektronisk møtevirksomhet i så stor grad som mulig, med fysisk tilstedeværelse på arbeidsplassen bare når det er nødvendig. Dette gjelder særlig i Oslo-området og i andre byer med press i kollektivtrafikken.

Fra og med 11. mai gjøres følgende endringer:

Alle grunnskoler og videregående skoler skal åpne for alle trinn i løpet av uke 20. Smittevernreglene skal følges, noe som kan bety at ikke alle kan være på skolen samtidig.

Voksenopplæringen og opplæringsordningene i introduksjonsloven for flyktninger kan også åpne i uke 20.

Folkehøgskoler holdes stengt ut skoleåret, med unntak av kortkursene.

Kjøreskoler kan åpnes. De skal følge smittevernkravene som gjelder for andre virksomheter med en-til-en-kontakt.

Det tas sikte på at bingohaller og lignende kan åpne.

Universiteter, høgskoler og fagskoler skal fortsette fjernundervisning. Studenter som må være på lærestedet for å opprettholde studieprogresjonen, kan få tilgang. Lærestedene skal følge kravene til smittevernfaglig forsvarlig drift.

Kursaktivitet under studieforbund og Kompetansepluss skal fortsette med fjernundervisning. Studenter som må være på lærestedet for å opprettholde studieprogresjonen, kan få tilgang. Lærestedene skal følge kravene til smittevernfaglig forsvarlig drift.

Det publiseres en veileder for idretten, med vekt på barne- og ungdomsidretter som innebærer fysisk kontakt, slik som for eksempel fotball. Målet er at barn og unge i noe større grad kan drive med idretten sin på mer normal måte enn i dag, for eksempel spille kamp mot de andre på laget sitt. Dette skal skje på en smittevernfaglig trygg måte.

Fra og med 1. juni tas det sikte på å gjøre følgende endringer:

Serveringssteder som ikke selger mat kan åpne, så lenge de kan holde regelen om avstand på minst én meter. Det skal stilles krav i forskrift om sitteplasser og bordservering.

Fornøyelsesparker kan åpne.

Det åpnes for organisert svømming, inkludert skolesvømming.

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet utarbeider nye fritidsreiseråd senest 15. mai. Rådene skal gjelde fra 1. juni.

Fra og med 15. juni tas det sikte på å gjøre følgende:

Det åpnes for arrangementer med opptil 200 personer.

Intensjon om å åpne treningssentre, forutsatt at helsemyndighetene i samarbeid med bransjen har kommet fram til forsvarlige smitteverntiltak.

Intensjon om å åpne badeland og svømmehaller generelt for publikum, forutsatt at helsemyndighetene i samarbeid med bransjen har kommet fram til forsvarlige smitteverntiltak.

Seriespill i toppfotballen blir tillatt fra 16. juni, etter unntak i covid-19-forskriften.

Neste statusoppdatering kjem måndag 11.05.20, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

 

Halvor Homme
ordførar

04.05.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Det er tatt 27 smitteprøver i kommunen – alle negative.

Det vart torsdag 30.04. sendt ut ein SMS til alle i Nissedal kommune, med link til informasjon og råd til besøkande i kommunen på heimesida. Vi forventa auka trafikk til bygda i samband med langhelg, og oppmoda alle til å fylgje med på heimesida vår.

Koronasituasjonen i landet er forventa å bli langvarig, og det er difor viktig for Nissedal kommune at vi alle får ein påminning om å fylgje nasjonale råd og retningsliner til god håndhygiene, avstand og framleis vere ein del av den nasjonale dugnaden.

Neste statusoppdatering kjem torsdag 07.05.20, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig  informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
Ordførar

29.04.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Det er tatt  25 smitteprøver i kommunen – alle negative.

Det nærmar seg fri og langhelg for mange, og vi kan nok forvente ei auke av tal på personar i kommunen også komande helg. Vi har derfor vurdert situasjonen, og satt i verk fleire tiltak for å førebyggje smitte, slik at innbyggjarar, turistar og det lokale næringsliv best mogleg blir trygga.

Vi ynsker alle ei god helg, og tek med seg råda om god håndhygiene og god avstand!

Neste statusoppdatering kjem måndag 04.05.20, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.


Halvor Homme
ordførar

27.04.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

  • Det er tatt  25 smitteprøver i kommunen – alle negative.
  • I løpet av helga såg vi ei uventa stor auke av besøkande til kommunen, trass oppmodinga om avgrensing av fritidsreiser i størst mogleg grad. Vi har stor forståing for at mange ynskjer å reise til fritidsbustadane sine og nyte etterlengta fridagar. Vi er veldig glade i turistane våre, men oppmodar alle til å fylgje råda om smittevern.
  • Kriseleiinga er i dialog med matbutikkane i kommunen for å sjå på tiltak som kan settast i verk, slik at alle skal føle seg trygge og velkomne til å handle på butikkane. Tiltaka som kan trygge handelen for å unngå trengsel er mellom anna å unngå kø ved kassene, ha eit viss antal kundar inne i butikkane m.m., slik at smittevernomsynet blir best mogleg ivareteke. Butikkane har allereie gjort ein flott og god innsats, og vi trur at vi saman kan finne gode løysingar slik at både det lokale næringslivet og kundane skal føle seg trygge.
  • I dag var fyrste skuledag att for 1-4. klasse. Skulane i kommunen melder om glade born, og gode tiltak som er innført for at alle skal ha ein trygg og god skule.
  • Regjeringa har i dag varsla at det vil kome meir informasjon og ny avgjersle i løpet av neste veke på når elevar frå 5.-10. klasse kan kome attende til skulen.
  • Kommunehuset vil framleis vere stengt for publikum t.o.m 10. mai i fyrste omgang.

Neste statusoppdatering kjem onsdag  29.04.20, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

 

Halvor Homme

ordførar

25.04.20 - Status frå kriseleiina

Nissedal kommune sender i dag ut ein SMS til alle i Nissedal kommune som lyder slik:

Nissedal kommune registrerer det er mange besøkande i vår kommune. Vi oppmodar til minst mogleg fritidsreiser, unngå butikkane, hald avstand og følg smittevernråd!

Årsaken til dette er at kriseleiinga har fått informasjon om stor utfart til hytter og pågang på butikkane i kommunen. Vi set pris på at alle støttar opp om det lokale næringslivet, men akkurat no i denne situasjonen vi er i er det særs viktig at alle fylgjer smittevernråd og fylgjer dei nasjonale reiseråda.

Råd om fritidsreiser innenlands som gjelder fra 21. april:

  • Er du syk, skal du ikke gjennomføre fritidsreiser, heller ikke til hytta. Da skal du være hjemme.
  • Du skal heller ikke reise på hytta når du er i karantene. Det eneste unntaket er når du er uten symptomer og opphold på hytta er eneste måte å unngå nær kontakt med et covid-19-sykt husstandsmedlem.
  • Reis hjem, dersom tilstanden tillater det, hvis du blir syk mens du er på hytta eller på reise.
  • Ikke foreta reiser eller aktiviteter som gir økt risiko for at du får behov for redningstjenesten eller helsetjenesten.
  • Unngå kollektivtransport når det er mulig.
  • Sørg for å overholde helsemyndighetenes oppfordring om 2 meters avstand til andre i dine omgivelser. Vær i størst mulig grad bare sammen med dem du er sammen med til vanlig og er på reise med.
  • Unngå trengsel i butikker som er dimensjonert for færre mennesker. Ta om nødvendig med det du trenger hjemmefra.
  • Sjekk nettsiden til kommunen du skal reise til for å finne ut om de har lokale restriksjoner eller råd som er relevante. Du bør ikke belaste kommunen med å ta kontakt med dem for å sjekke dette ut, eller be om unntak hvis kommunen har lokale restriksjoner eller råd, men forhold deg til disse.

 

 

Halvor Homme

ordførar

24.04.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per  i dag.

Det er tatt 25 smitteprøver i kommunen – alle negative.

I går la Regjeringa fram melding om at verksemder, som mellom anna frisørar, fotpleiarar, hudpleiarar og tatovørar, kan opne att 27. april. Det er laga ei ny forskriftsendring som stiller krav til kva tiltak som må overhaldast. Helsedirektoratet har utvikla ein rettleiar som viser til korleis desse verksemdene skal etterleve krava og førebyggje smitte.

Denne rettleiaren kan du lese her. https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/smittevernfaglig-forsvarlig-drift-i-virksomheter-med-en-til-en-kontakt-som-frisorer-kroppspleie-mv-covid-19

Neste statusoppdatering kjem måndag 27.04.20, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

 

Halvor Homme
ordførar

22.04.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Det er tatt  23 smitteprøver i kommunen – alle negative.

Barnehagane opna i kommunen måndag 20.04. Så langt har alle barnehagane hatt ein god start og det er sett i verk ein rekke tiltak slik at tilsette, born og føresette skal vere trygge på at råd om smittevern vert fylgd.

Nå førebur eining for skule seg på å ta i mot 1.-4. klasse frå måndag 27.04. Også her er gode planar lagt slik at alle elevar, lærarar og føresette skal takast i mot på ein sikker og god måte.

I går la regjeringa fram nye reiseråd.

"Råd om fritidsreiser innenlands som gjelder fra 21. april:

  • Er du syk, skal du ikke gjennomføre fritidsreiser, heller ikke til hytta. Da skal du være hjemme.
  • Du skal heller ikke reise på hytta når du er i karantene. Det eneste unntaket er når du er uten symptomer og opphold på hytta er eneste måte å unngå nær kontakt med et covid-19-sykt husstandsmedlem.
  • Reis hjem, dersom tilstanden tillater det, hvis du blir syk mens du er på hytta eller på reise.
  • Ikke foreta reiser eller aktiviteter som gir økt risiko for at du får behov for redningstjenesten eller helsetjenesten.
  • Unngå kollektivtransport når det er mulig.
  • Sørg for å overholde helsemyndighetenes oppfordring om 2 meters avstand til andre i dine omgivelser. Vær i størst mulig grad bare sammen med dem du er sammen med til vanlig og er på reise med.
  • Unngå trengsel i butikker som er dimensjonert for færre mennesker. Ta om nødvendig med det du trenger hjemmefra.
  • Sjekk nettsiden til kommunen du skal reise til for å finne ut om de har lokale restriksjoner eller råd som er relevante. Du bør ikke belaste kommunen med å ta kontakt med dem for å sjekke dette ut, eller be om unntak hvis kommunen har lokale restriksjoner eller råd, men forhold deg til disse."

Neste statusoppdatering kjem fredag 24.04.20, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

 

Halvor Homme
ordførar

20.04.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Det er tatt  23 smitteprøver i kommunen – alle negative.

Kriseleiinga har no redusert sine daglege møte til 3 møter i veka, då situasjonen i kommunen for tida er stabil. Kriseleiinga har møte måndag, onsdag og fredag, men ein er klar til å endre dette og stille på kort varsel om det skulle bli naudsynt.

Kommunehuset vil framleis vere stengt for publikum førebels t.o.m måndag 27. april, men er tilgjengeleg på telefon 35 04 84 00 eller postmottak@nissedal.kommune.no

Neste statusoppdatering kjem onsdag 22.04.20, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

17.04.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Det er tatt  23 smitteprøver i kommunen – alle negative.

Frå måndag 20. april vil legekontoret vere opent for publikum att, MEN med nokre forhåndsreglar:

Døra vil ikkje vere låst, men maks 5 personar kan opphalde seg på venteromet. Er det fleire enn 5 på venteromet, må du vente ute.
Personar som har symptom på luftvegsinfeksjonar skal IKKJE møte opp men ringe legekontoret på førehand.

Er du usikker, ta kontakt med legekontoret på telefon 35 04 84 20.

Dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

15.04.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Det er tatt ca. 20 smitteprøver i kommunen – alle negative.

Det er også tatt 3 nye smitteprøver – ikkje fått svar enda.

Dersom det skjer endringar eller kjem anna informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

14.04.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Det er tatt 3 nye smitteprøver i dag – ikkje fått svar på desse.

Totalt er det tatt om lag 20 smitteprøver i kommunen – alle negative.

Kriseleiinga i Nissedal kommune fylgjer framleis situasjonen tett. Det har vore ei roleg påske, og status i kommunen er uendra.

Nå førebur eining for skule og barnehage seg på ei forsiktig opning av barnehagane 20. april, og 1-4. klasse i skulen til start 27. april. Alle føresette vil få nærare informasjon om dette.

Det kan bli bruk for ekstra vikarar i barnehagane i denne perioden, og dersom du kan tenke deg å vere vikar, oppmodar vi deg til å ta direkte kontakt med einingsleiar Reidun C. Retterholt på e-post reidun.retterholt@nissedal.kommune.no

Ny statusoppdatering og informasjon vil no bli lagt ut dagleg på heimesida.

 

Halvor Homme
ordførar

08.04.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Kriseleiinga i Nissedal kommune har i dag hatt nye møter og fylgjer situasjonen rundt Covid 19 tett. Dette vil vi også gjere i løpet av påska, men det vil ikkje kome statusoppdateringar på heimesida like ofte og dagleg som nå. Men skjer det endringar og kjem viktig informasjon vil det bli lagt ut fortløpande, også i påska.

I går tysdag 7. april kom regjeringa med 7 endringar.  Nissedal kommune fylgjer dei råd og tiltak som blir gitt frå nasjonalt hald, og det kjem difor nokre viktige datoar og avklaringar her:

  • 20. april: Barnehager åpner. De som trenger mer tid, kan vente til 27. april.

Nissedal kommune opnar sine barnehagar att 20.april, og vil fylgje dei råd og smittevernstiltak som vert lagt fram slik at alle tilsette, barn og familiar skal vere trygge på at det skal vere trygt å opphalde seg i barnehagen. For born i risikogruppa og born som er sjuke vert det anbefalt at desse haldast heime lenger. Informasjon til tilsette i eining for barnehage og familiar med born i barnehage vil bli sendt ut så snart som råd. Det vil seinast 16. april kome ein nasjonal rettleiar til korleis smitteførebygging i barnehage skal ivaretakast. Det blir samstundes også satt inn ekstra reinhald i barnehagane.

  • 27. april: Elever på 1.–4. trinn i grunnskolen kan komme tilbake på skolen og skolefritidsordningen åpner.

Nissedal kommune opnar sine skular att 27.april, for elevar til 1-4.klasse. Skulane vil fylgje dei råd og smittevernstiltak som vert lagt fram slik at alle tilsette, elevar og familiar skal vere trygge på at det skal vere trygt å opphalde seg på skulen. For born i risikogruppa og born som er sjuke vert det anbefalt at desse haldast heime lenger. For desse elevane vil det fortsatt vere tilbod om fjernundervisning. Informasjon til tilsette i eining for skule og familiar med born i skule/SFO vil bli sendt ut så snart som råd. Det vil seinast 20. april kome ein nasjonal rettleiar til korleis smitteførebygging i skulen skal ivaretakast. Det vil også bli omdisponering av klasserom, slik at færrast mogleg er samla, og fokus på reinhald i større grad på skulane.

  • 20. april: Forbudet mot å overnatte på fritidseiendom, det såkalte hytteforbudet, oppheves.

Nissedal kommune opphevar også samstundes forbodet som har vore vedteke lokalt i Nissedal om stenging av campingplassar og utleigehytter til 13.april, men oppmodar sterkt til at fritidsreiser unngås i størst mogleg grad både til hytter og campingvogner. Nissedal kommune ynskjer ikkje stor utfart til vår kommune og håpar alle forheld seg til oppmodinga om dette.

  • 20. april: Helsefaglige virksomheter med én-til-én-kontakt, som fysioterapeuter og psykologer, kan gjenoppta en større del av virksomheten, men må følge nye smittevernstandarder.

Her vil vi også fylgje råda gitt frå nasjonalt hald og desse virksomheitane vil bli opna i samråd med veiledaren som kjem og med råd frå kommunelege. Det vil framleis vere begrensa besøk på omsorgssenter, legekontor, dagsenter m.m

  • Senest 27. april: Andre tjenester med én-til-én-kontakt, som frisører og hudpleiere, kan gjenåpne om de oppfyller krav om smitteverntiltak og den nye bransjestandarden.

Nissedal kommune har nokre virksomheitar i denne kategorien, og oppmodar desse til å ta kontakt med kommunelegen for råd og veiledning slik at desse kan opne att 27. april for å trygge alle på at smittevernråda blir ivareteke.

  • 27. april: Videregående skoler åpner for yrkesfagelever på VG2 og VG3.

Ikkje så aktuelt for Nissedal sin del som ikkje har videregåande skular i kommunen

  • 27. april: Universiteter, høyskoler og fagskoler åpner for studenter og ansatte som er i sluttfasen av studier og prosjekter, og som er helt avhengige av utstyr på lærestedet.

Ikkje så aktuelt for Nissedal sin del som ikkje har universitet eller høgskular i kommunen

Dette blir ei annleis og spesiell påskehøgtid for oss alle, men kriseleiinga i Nissedal kommune ynskjer å trygge alle innbyggarar på at me gjer det beste vi kan og vi står akkurat no i ein stor verdsomspennande dugnad, basert på å halde avstand, opphalde oss heime og være grundige med hygienetiltak. Og denne dugnaden vil gje resultat!

God påske!

Halvor Homme
ordførar

07.04.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Ca. 20 smitteprøver er teke så langt i kommunen – alle negative.

Kl 16.00 i dag held regjeringa pressekonferanse. Vi kjenner ikkje til kva regjeringa legg opp til av tiltak etter påske, og på bakgrunn av det som kjem fram under denne pressekonferansen vil vi legge ut informasjon i løpet av morgodagen om eventuelle tiltak knytt til Nissedal kommune.

Jørgen Solberg har sagt seg villig til å sjekke hyttefelta i påska, og han gjer det på dugnad. Det er i utgangspunktet hyttefelta utan bom, men han kan også sjekke andre felt. 
Om nokon vil at han skal ta ein utvendig sjekk av hytta, kan de sende sms på 468 01 124.

Dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.


Halvor Homme
ordførar

06.04.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Ca. 20 smitteprøver er teke så langt i kommunen – alle negative.

Det er eit strålande påskevær og vi oppmodar alle til å ut å nyte det fine været, men hugs råda om god håndhygiene og god avstand til andre.

Dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

03.04.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Ca. 20 smitteprøver er teke så langt i kommunen – alle negative.

Grunna stor skogbrannfare fleire stader oppmodar vi alle til å ikkje fyre bål eller brenne bråte.

Dersom det skjer endringar eller kjem anna  viktig informasjon,  legg vi det fortløpande ut på heimesida.

 

Halvor Homme

ordførar

02.04.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Det har kome spørsmål til kriseleiinga i høve til stengte fotballbanar i kommunen. I samråd med kommunelegen vil det ikkje vere stengt for eigentrening, men det er viktig at det kun er ei lita gruppe, maks 5 personar og god avstand. Det bør også vere ein vaksen tilstade slik at smittevernråda blir fylgt.

Legekontoret i Nissedal er opent for øyeblikkeleg hjelp, men er du som innbyggjar usikker på om du bør oppsøke legehjelp er det bare å ta kontakt på telefon 35048420 eller 35048427.

Dersom det skjer endringar eller anna informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

01.04.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Det har kome spørsmål til kriseleiinga i høve til stengte fotballbanar i kommunen. I samråd med kommunelegen vil det ikkje vere stengt for eigentrening, men det er viktig at det kun er ei lita gruppe, maks 5 personar og god avstand. Det bør også vere ein vaksen tilstade slik at smittevernråda blir fylgt.

Legekontoret i Nissedal er opent for øyeblikkeleg hjelp, men er du som innbyggjar usikker på om du bør oppsøke legehjelp er det bare å ta kontakt på telefon 35048420 eller 35048427.

Dersom det skjer endringar eller anna informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme

ordførar

31.03.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag i Nissedal kommune.

Statusen i kommunen er framleis stabil. Dette er vi særs glade for, men fylgjer situasjonen tett.

Vi minner om dei gode råda for å unngå smitte elller hindre smittespredning:

  • vask hendene, host i armkroken og hald avstand!

Dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

 

Halvor Homme
ordførar

30.03.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Nissedal kommune fylgjer nasjonale retningsliner og helsemyndigheitene sine råd.  Ingen avgjersler blir fatta av kommunen si kriseleiing utan samråd med kommunelege.

Forbod mot å overnatte i fritidsbustad trådde i kraft 19.03.20. Når det gjeld unntaket, opphald på fritidsbustad i Nissedal kommune dersom eit familiemedlem får påvist Covid-19, vil dette gjelde svært få og det vil difor ikkje svekke kommunen sitt helsetilbod.

Når det gjeld overnatting i campingvogner har Nissedal kommune ved kommunelegen, i dag 30.03.20, fatta vedtak om at same reglane gjeld som forbodet om å overnatte i fritidsbustad. Overnatting i campingvogn er difor heller ikkje lov.


Halvor Homme
ordførar

27.03.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen er bekrefta smitta per 27.03.20 i Nissedal kommune.

Alle kommunale idrettsanlegg er, som følge av koronasituasjonen,  stengt for all aktivitet, både organisert og uorganisert.

Neste statusoppdatering vil kome måndag 30.03.20, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

26.03.20 - Status frå kriseleinga

Ingen bekrefta smitta per 26.03.20 i Nissedal kommune.

Leiinga i kommunen fylgjer situasjonen fortløpande, og har så langt kontroll. Det er lagt gode planar med tiltak, som kan bli iverksett på kort varsel.

Dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon, legg vi det fortløpande ut på heimesida.


Halvor Homme
ordførar

25.03.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per 25.03.20 i Nissedal kommune.

Nissedal kommune følgjer nasjonale råd og føringar. Det var i går avgjort at Regjeringa fører vidare alle tiltaka som blei iverksett for å kjempe mot utbruddet av koronavirus i Norge, fram til over påske, til og med 13. april.

Vi minner også samstundes på at det viktigaste førebyggjande tiltaket for å forhindre smitte er:

  • God, hyppig håndvask med såpe og vatn, spesielt når du har vore ute blant folk, og dette gjeld både sjuke og friske.
  • Personar som er sjuke bør unngå å hoste eller nyse direkte på andre.
  • Ein bør halde 1-2 meters avstand til andre.
  • Ein bør også helst nyse eller hoste i eit papirtørkle (som kan kastast etterpå) eller i armkroken.

Hånddesinfeksjon er eit godt alternativ dersom handvask ikkje er mogleg.

Dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

24.03.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per 24.03.20 i Nissedal kommune.

Det er så langt ingen nye tiltak som er iverksett i kommunen i dag. Kriseleiinga fylgjer fortsatt situasjonen tett og førebur seg best mogleg.

Vi er så langt godt dekt opp med personell og har kontroll på situasjonen. Vi har lister over tilsette i kommunen som kan omdisponerast og bistå, særleg innafor helsesektoren, om det skulle bli naudsynt.

Vi ynskjer også ein oversikt over anna helsepersonell i Nissedal kommune, som vi kan ha i beredskap, og som vi kan kontakte om det skulle bli behov.

Så er du helsepersonell, og kan stille deg tilgjengeleg til å bli kontakta, send gjerne ein epost til postmottak@nissedal.kommune.no med navn, telefonummer og kvalifikasjonar. (td. sjukepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, vernepleiar m.m).

Dersom det skjer endringar, eller kjem anna viktig informasjon, legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

23.03.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per 23.03.20 i Nissedal kommune.

Den utvida kriseleiinga har i dag hatt møte. Alle einingar melder at førebygging på smittevern har fullt fokus, tiltak er iverksett og det er laga gode planar for at Nissedal kommune skal vere best mogleg rusta for dei utfordringane vi kan kome til å møte.

Det har vore mindre pågang gjennom helga på telefon og post, og dette trur me gjenspeglar seg i at innbyggjarar og hytteturistar tek situasjonen på alvor og rettar seg etter dei nasjonale råd og føringar som er gitt.

For mange kan det bli lange og einsame dagar innandørs. Vi oppmodar difor dei innbyggjararane som har mogleghet til å ta ein tur ut å nyte den flotte naturen vi har i Nissedal. Men hugs god håndhygiene, vis varsamheit, følg råd og anbefalingar og hald god avstand til andre (minst 1 meter).

Det er i desse dagar også blitt ein del tørt i skog og mark så vi minner om å vere særskilt  varsam nå med bruk av open eld.

Alle førespurnadar til kommunen prøver vi å svare så snart som råd.

Dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.


Halvor Homme
ordførar

20.03.20 - Status frå kriseleiinga

Ingen bekrefta smitta per 20.03.20 i Nissedal kommune.

Den øvste kriseleiinga har daglege møte og vurderar situasjonen fortløpande. Det er sett i verk ein rekke tiltak for å førebygge smittefare i alle einingar.

Fleire har stilt ein del spørsmål kring det å opphalde seg på fritidseigendom. Det har no kome eit regelverk. Dette kan du lese meir om her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/innforer-hytteforbud/id2694262/

Neste statusoppdatering vil kome måndag 23.03.20, men dersom det skjer endringar eller anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

19.03.20 - Status frå kriseleiinga

Status per i dag: Ingen bekrefta smitta i Nissedal kommune.

Alle einingar i kommunen har iverksett tiltak for å forhindre smittespreiing.

Vi oppmodar alle innbyggjarar til å halde avstand til kvarandre, fylgje sentrale råd og unngå å vere for mange samstundes på ein stad.
Kommuneleiinga anbefaler i samråd med kommunelegen ei grense på maks fem personar i grupper.

Dersom det skjer endringar eller anna informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar

18.03.20 - Status frå kriseleiinga

Status per i dag: Ingen bekrefta smitta i Nissedal kommune.

Den øvste kriseleiinga har daglege møte og vurderar situasjonen fortløpande.

Det er ikkje iverksett nye tiltak eller endringar frå kommunen si side i idag.

Nissedal kommune har ikkje lagt noko føringar på utreise / innreise forbod i kommunen slik vi ser andre kommunar har gjort, men vi oppmodar til å reise minst mogleg.

Vi opplever at hytteturistane våre har vore flinke til å dra til sin heimekommune, og respekterer sentrale føringar. Dette er vi særs glade for i denne tida, for ikkje å skape større belastning i eit allereie pressa helsevesen i ein småkommune. Vi oppmodar også campingturistar og dei som har leigd hytte til det same.

Dersom det skjer endringar eller kjem anna informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Alle forespurnadar til kommunen vil me forsøkje å svare så snart som råd.

Halvor Homme
ordførar

17.03.20 - Status frå kriseleiinga

Status per i dag: Ingen bekrefta smitta i Nissedal kommune.

Den øvste kriseleiinga har daglege møte og vurderar situasjonen fortløpande.

Det er ikkje iverksett nye tiltak eller endringar frå kommunen si side i dag.

Alle førespurnadar til kommunen prøvar vi å svare så snart som råd.

Dersom det skjer endringar eller anna informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.


Halvor Homme
ordførar

16.03.20 - Informasjon frå kriseleiinga om legekontor, opningstider etc.

Kriseleiinga i Nissedal kommune fylgjer situasjonen tett og har jamlege møte.

Det blir fortløpande lagt ut informasjon på heimesida.

Kommunehuset er stengt for publikum, men sentralbordet er tilgjengelig på telefon 35 04 84 00 frå kl. 07.45 til  15.30 kvar vekedag.  

Du kan og sende e-post til: postmottak@nissedal.kommune.no. Innkomne e-postar blir lest både dag, kveld og i helger.

Status per no er at det er ingen stadfesta smitta i Nissedal kommune.

Her er nokre nye punkt sidan sist oppdatering frå kommunen:

Legekontoret:

  • Legekontoret blir stengt for alt anna enn akutt hjelp. Dette gjeld frå og med måndag 16.03.2020, og inntil vidare.
  • Stenginga gjeld også for helsehjelp som blodprøvetaking, blodtrykksmåling og anna.
  • Om du er i tvil, ta kontakt med legekontoret på telefon 35 04 84 20 eller 35 04 84 27.
  • Pasientar med avtalt time møter opp på utsida av legekontoret og blir henta der.
  • Me ber om forståing for at me er inne i ein svært belastande situasjon og har dermed kun moglegheit til å ta oss av akutte behov og førespurnadar.
  • Er du på hytta med påvist smitte – kontakt kommunelege.

Anna:

  • Nissedal kommune gir ingen dispensasjon til å vere på fritidsbustadene. Dette gjeld også utleigehytter og campingvogner.
  • Nissedal kommune fylgjer sentrale råd og har ingen restriksjonar på utreise/innreise i kommunen, men oppmodar til at kvar enkelt ikkje reiser unødvendig. (Særleg gjeld dette tilsette i samfunnskritiske oppgåver og helsepersonell.)
  • For retningsliner til korleis du skal forhalde deg dersom du sit i karantene, isolasjon eller er i nærkontakt til sjuk/karantene sjå informasjon på www.fhi.no
  • Fleire matbutikkar i kommunen tilbyr nå heimkjøring av mat. Om ikkje det er nok kapasitet eller du har anna behov for assistanse/hjelp ber vi deg ta kontakt med kommunen
  • Det kan vere fleire som har behov for å snakke med nokon i denne tida. For elevane vil alle kontaktlærane vere særskilt tilgjengelige, elles er det mogleg å kontakte psykisk helse ved  legekontoret på telefon 35 04 84 20.
  • Ved behov for barnepass for dei som kjem inn under denne ordninga må det gis beskjed 48 timar i forkant (sjå tidlegare skriv på heimesida om ordninga for barnepass).
  • Roberto Soest, leiar i ungdomsklubben, er tilgjengeleg for samtale for deg som er born og ungdom i Nissedal kommune. Ring om det er noko du lurar på, eller berre har behov for nokon å snakke med. Roberto Soerst kan du ta kontakt med på telefon 414 84 478

Nissedal kommune prøvar å legge ut informasjon og svare alle spørsmål snart som mogleg, men håpar alle vil ha litt tolmod og hugse å ta vare på kvarandre som best mogleg nå i denne krevjande tida.


Halvor Homme
ordførar

12.03.20 - Status frå kriseleiinga - tiltak

  • Frå og med fredag 13.03.20 til og med 14.04.20 blir alle skular, barnehagar, kulturskule, bibliotek, kino, basseng og all anna aktivitet i fleirbrukshuset stengt.
  • Mila aktivitetssenter stengast frå og med fredag 13.03.20
  • Legekontoret kun tilgjengelig for øyeblikkelig hjelp og smittevernarbeid. Planlagte avtaler hos jordmor / helsesjukepleiar som vanleg om ikkje anna beskjed blir gitt.
  • Nissedal omsorgssenter stengast for besøkande. (I særskilte kan pårørande besøke etter avtale)
  • Nissedal kommunehus stengast for publikum. Kontakt pr. tlf / epost.

Tilsette i Nissedal kommune vil i større grad nytte heimekontorløysingar.

Vi minner om at dette er ein nasjonal dugnad og vi oppmodar alle til å fylgje folkehelseinstituttet sine råd om god håndhygiene som håndvask, nyse i papirlommetørkle evt. albogekrok og bruke handesifeksjon om ikkje du har såpe og vatn tilgjengleg.

Det vil bli teke ny vurdering i løpet av påska om desse tiltaka blir forlenga, og informasjon vil bli lagt ut
fortløpande på heimesida til kommunen.