Viss du på grunn av sjukdom eller uførleik er hindra frå å møte på vallokalet eller førehandsstemmelokalet, kan du søke om å få stemme heime eller der du oppheld deg. Det er ikkje nødvendig å søke viss du oppheld deg på ein institusjon der det blir arrangert førehandsstemming*.
I førespurnaden må du oppgi fullt namn, fødselsdato og -år og kva adresse du oppheld deg på den siste veka før valet. Du må også oppgi eit telefonnummer som vi kan nå deg på.
Ta kontakt kommunen viss du har spørsmål eller ynskjer hjelp til å søke om å få stemme heime. Fristen for å søke er 6. september. Send søknaden til valstyret.
Kontaktinformasjon:
Valstyret i Nissedal kommune
Treungvegen 398
3855 Treungen
E-post: postmottak@nissedal.kommune.no
Telefon: 35 04 84 00