Tenestekontoret sakshandsamar alle søknader om omsorgstenester, tryggleiksalarmar og hjelpemidlar. Det er om lag 180 aktive brukarar som har hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral. Vidare syter tenestekontoret for ein del interne system og rutinar, spesielt innanfor datasikkerhet og personvern, internopplæring, kvalitetssikring og avvikshandtering.

Opningstider

Kommunen vil frå 11.04.23 innføre nye opningstider på tenestekontoret.
Kontoret vil vere stengt for publikum tysdagar og torsdagar.

Dersom du ringer frå legekontor eller sjukehus kan du ta kontakt på tlf. 35 04 85 60. Du vil då bli direkte sett over til sentralbordet på kommunehuset. 
Konsulenten i resepsjonen vil sette deg over til tenestekontorets privattelefonar.

Ordninga vil gjelde frå veke 15.

Oversikt over opningstider:

  • Måndag: 08.00 – 15.00 
  • Tysdag: Stengt for publikum
  • Onsdag: 08.00 – 15.00
  • Torsdag: Stengt for publikum
  • Fredag: 08.00 – 15.00

Dersom du ynskjer samtale med ein av sakshandsamarane ber vi om at du kontaktar tenestekontoret på førehand for timebestilling.