Tiltak eigar sjølv kan søkje om
Det er mange tiltak ein kan søkje om sjølv. Det er imidlertid viktig å merke seg at krav i Plan- og bygningslova med tilhøyrande føresegner gjeld fullt ut, tiltakshavar vil i desse tilfella sjølv vere ansvarleg for at tiltaket tilfredsstiller gjeldande krav.
Eksempel på slike tiltak kan vere
- Mindre tiltak på eigedom som alt er bebygd med eit bustad/fritidsbustad:
- Eitt enkelt tilbygg inntil 50 kvm BRA/BYA.
- Ein enkelt frittliggande bygning som ikkje skal nyttas til å bu i, inntil 70 kvm BRA/BYA (døme garasje, bod).
- Bruksendring fra tilleggsdel til hoveddel (eller omvendt) innanfor ei brukseining (døme innreiing av kjellar, bodar).
- Oppføring av skilt- og reklmaeinnretning inntil 6.5 kvm montera flatt på vegg eller med høgde inntil 3,5 m og breidde 1,5 m frittståande på terreng.
- Vanlege driftsbygningar i landbruket (gjeld både oppføring, plassering vesentleg endring, reparasjon, riving av eller bruksendring til driftsbygning inntil 1000 kvm BRA. Gjeld òg tilbygg til slik driftsbygning inntil totalt 1000 kvm BRA.
- Midlertidige bygningar, konstruksjonar og anlegg som ikkje skal stå lengre enn 2 år.
Søknad m/vedlegg
Søknadsskjema for tillatelse til tiltak utan ansvarsrett (blankett 5153) samt alle andre nødvendige vedlegg (sjå nedanfor). Skjema kan du finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Vil du heller søke digitalt kan du gjera det her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Her finn du òg ein oversikt over byggereglane Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Søknaden blir rekna som fullstendig når følgjande vedlegg er med:
- Skjema for nabovarsel (blankett 5155 og 5156). Blankett 5154 skal sendast til aktuelle naboar.
- Situasjonskart i målestokk 1:500 evt. 1:1000 der tiltaket er innteikna.
- Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar i målestokk 1:100 evt. 1:50 (gamal og nye).
- Dersom tiltaket er avhengig av dispensasjon/uttale/vedtak frå anna myndigheit, bør denne vere avklart på førehand.
- Skjema for bustadspesifikasjon i matrikkelen (blankett 5176) dersom tiltaket omfattar bustader.
Når tiltaket er ferdig
Merk: Når tiltaket er ferdig, må det sendast inn søknad om ferdigattest, blankett 5167. Skjemaet kan du finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE