Vassmålaravlesing

Abonnentar som har vassmålar skal lesa av og melda inn målarstand og avlesingsdato ein gong pr. år. Det vert sendt ut melding på SMS eller målaravlesingskort i desember.

Sjekk alltid at vassmålar nr stemmer med det du har fått på SMS eller avlesingskort. Det er viktig at ein les av riktig målar. Avlesing frå venstre mot høgre. Ein skal lese av dei 5 svarte tala, ikkje ta med raude tal.

Dersom ein svarar på SMS skal ein bare skrive målarstand. Det er viktig at ein ikkje skriv mellomrom, punktum eller bokstavar som svar på SMS. Avsendar får då ein kvittering på SMS med forbruk sidan førre avlesing.

Abonnentar som får avlesingskort i posten, kan enten registrera målarstand og avlesingsdato på www.leseav.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. eller senda kortet i posten. Ønskjer ein SMS han ein registrere mobilnr sitt ved registrering av målarstand.

Ein kan rapportere vassmålarstanden på tre måter:

NB! Ikkje alle vassmålarar har desimalar i teljeverket

Eksempel på målar utan desimalar

Eksempel på målar med desimalar

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?