Høyrsel og audiograf
Sjukehuset i Telemark og kommunane i Vest-Telemark har ei ordning med ambulerande audiograf om lag ein gong i månaden.
Audiografen held til på kommunehuset.
Det er mogleg å få utført:
- Audiogram (høyrselstest)
- Avtrykk til propp
- Tilpasssing og oppfylging av høyreapparat
Bestilling av timeavtale:
Dersom du ikkje har høyreapparat frå før må du fyrst kontakte legekontoret. Fastlegen rekvirerar time hjå audiograf.
Har du allereie høyreapparat kan du kontakte Telemark sjukehus, poliklinikk for øyre/nase/hals, for timebestilling.
Kontaktinformasjon finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE