Fysioterapi
Fysioterapeuttenesta
Fysioterapitenesta er ein del av helsetilbodet i Nissedal kommune.
Fysioterapeutar kan både førebygge og behandle sjukdom eller skade, og arbeider med funksjon og rørsle for å redusere kroppslege plager og fremme helse.
Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og blir òg tilbode i sjukeheim
I Nissedal har vi to fysioterapeutar, ein kommunalt tilsett og ein med driftsavtale med kommunen.
Kommunal fysioterapeut
Kommunefysioterapeuten dekker m.a. helsestasjon, skulehelseteneste, førebyggjande helsearbeid, heimebesøk og rehabillitering av pasientar ved Nissedal omsorgssenter.
Kommunefysioterapeuten held til på kommunehuset i Treungen, og deler venterom med legekontoret.
Nisser Fysioterapi
Nisser Fysioterapi er ein privat klinikk med driftstilskot frå kommunen. Klinikken drivast av Herdis Gautefald, spesialist i allmennfysioterapi.
Her kan ein bl.a. få tilbod om rettleiing og trening, aleine eller i gruppe, og artroseskule for hofte og kne etter nasjonalt prosjekt.
Korleis få time
Du kan ta direkte kontakt med fysioterapeuten for å få time. Ein treng altså ikkje henvisning frå fastlegen.
Informasjon om eigenandel og frikort finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Physiothérapie
- العلاج الفيزيائي
- Physiotherapy
- Fysioterapi
- Fysioterapi
- Fizik tedavisi
- Физиотерапия
- Fysioterapiija
- الخدمات الصحية المدرسية
- Accident Insurance for Primary School Students
- School Health Service
- Ulykkesforsikring for elever i grunnskolen
- Service de santé scolaire
- Skolehelsetjeneste
- Ulykkesforsikring for elevar i grunnskulen
- Skulehelseteneste
- Okul sağlık hizmeti
- Медицинский кабинет при школе
- Skuvladearvvašvuođabálvalus
- Velkomen til Nissedal helsestasjon
- Program for undersøking
- 0-1 år
- 2-3 år
- 4-5 år
- Skulehelsetenesta frå 1.-10. klasse
- Kva er "helse" sitt ansvar?
- Tildelingskontor
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE