2-3 år

Nissedal helsestasjon innkallar alle barn ved 2-3 års alder for ein konsultasjon. Vi ynskjer å kartleggja barnets vekt og trivsel, og leggja til rette for at dykk som foreldre kan ta opp tema som dykk har spørsmål om eller er uroa for.

Innhald i 2 års konsultasjonen:

  • Vekt og høgde
  • Syn og hørsel observeras
  • Språkobservasjon (SATS)
  • Motorikk og koordinasjon
  • Kontaktevne, aktivitetsnivå, temperament og samspel
  • Kosthold og tannhelse

Det du kan fortelja oss om barnet ditt er viktig:

  • Kva positive sider har barnet ditt?
  • Gjer barnet god kontakt? Tar det initiativ til å leike med andre barn?
  • Kan barnet springe, hoppe og gå i trapper? Går det med hælen fyrst?
  • Kan barnet eta med skei\drikka av kopp?
  • Set barnet saman ord til små setningar, seiar namn på kroppsdelar?
  • Kva slag mat – og søvnvanar har barnet?
  • Viser det interesse for å gå på do\potte?

Å vere bestemte foreldre på ein konsekvent og positiv måte:

Tilrettelegging for at barnet etter kvart får til mest mogeleg sjølv i kvardag situasjonen, for eksempel ved å kle på seg og forsyna seg med mat. 

Sett ord på korleis barnet kan gjere ting for å lukkas.

  1. Barnet likar og treng tydelege og klare grenser
  2. Barnet lærar positiv åtferd ved å få støtte og ros, og ved og etterlikna andre sin tilsvarande åtferd.

Barnet vil gradvis bli kjent med kjensla sine (sinne, redsel, sorg…) og nokon gonger kan kjenslene opplevast som voldeleg. Det er viktig at du som vaksen setter ord på desse kjenslene og viser barnet måtar å takle dei på. Dette kan vi gjerne snakka meir om når dykk kjem på helsestasjonen.

Barnet møter både lege og helsesjukepleiar. Ingen vaksinasjon

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?