4-5 år

4 års-kontroll

Det vert teke synstest på 4-års kontrollen.
Sjølv om denne er normal, veit vi at nokon barn blir nærsynte i barne- og ungdomskulealder. Då vert synet fort dårleg og barnet må ha briller.

Barn kan og utvikle det motsette – bli langsynt. Barnet vil då klage over hovudverk, svie og renning frå augo og at det blir fort trøtt når det les.

Dersom barnet utviklar nokon av desse plagene, eller de trur at barnet ser dårleg, er det viktig å få barnet undersøkt.

Innhald i 4 års kontrollen:

  • Vekt og høgde
  • Synstest
  • Hørselstest
  • Språkutviklingstest (SPRÅK 4)
  • Motorikk og koordinering via leik
  • Aktivitetsnivå, sjølvstende og meistring
  • Koshald, søvnvanar og tannhelse

Når barnet ditt går i 1. klasse blir det neste gong kalla inn til 1. klasse undersøking med helsesjukepleiar, fysioterapeut og lege på småskulen.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?