Nissedal legekontor

Legekontoret er ope kvardagar frå kl. 08.00-15.00.
Opningstider
Kvardagar frå kl. 08.00-15.00
Telefonnummer
35 04 84 20 (telefonen er open kl. 08.00-15.00)
Legevakt
Arendal legevakt - tlf. 116 117 (tilgjengeleg kvar dag etter legekontoret si stengetid, samt helg og heilagdagar)
Tilsette ved kontoret:
- Andreas Myklebust, kommuneoverlege og fastlege
- Camilla Kjeldgaard Samuelsen, fastlege (vikar)
- Turnuslege/ LIS1
- Anniken Eilefstjønn Grimstveit, legesekretær
- Hild Riseth Fjone, avdelingsleiar helse
Telefonkonsultasjon
Har du behov for telefonkonsultasjon med lege? Send forespurnad digitalt på Helsenorge.no eller ring legekontoret. NB! Telefonkonsultasjonar blir taksta som ein vanleg konsultasjon. Faktura vil bli ettersendt.
Reseptar, timebestillingar o.a
Sjekk gjerne "din side" på www.helsenorge.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. eller apoteket om du allereie har reseptar, før du ringer legekontoret. Last gjerne ned appen, så blir det enklare.
Apotek
Telefon Åmli Apotek: 37 08 11 52.
Telefon Kviteseid Apotek: 35 06 88 80.
Avbestilling av konsultasjon
Dersom du ikkje møter opp til avtalt konsultasjon, og ikkje gjev beskjed innan kl. 14 dagen før, må du likevel betale for timen.
Faktura blir sendt inkl. administrasjonsgebyr.
Blodprøver
- Måndag til onsdag frå kl. 08.00 – 14.00
- Torsdag frå kl. 08.00 – 11.00.
Du må ha rekvisisjon frå lege for å ta blodprøver.
Transport til sjukehus og spesialistar
Når du ikkje kan nytte rutegåande transport eller køyre eigen bil, kontakt køyrekontoret/pasientreiser på telefon 05515.
Ved medisinsk grunnlag, kontakt oss.
Her finn du meir informasjon om transport til sjukehus og spesialistar: https://www.helsenorge.no/pasientreiser/ Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE