Nissedal bibliotek

Nissedal folkebibliotek ligg ved Nissedal ungdomsskule. Biblioteket er eit tilbygg til skulen, og er organisert som eit kombinasjonsbibliotek.

Velkomen

Vi har eit godt utval av aviser, blad, filmar og sjølvsagt mange gode bøker.
Om ikkje vi har boka du er ute etter, så kan vi låne bøker frå andre bibliotek. Heilt gratis.

Bok og Prat med Margit Kiland på Nissedal folkebibliotek i haust

Bok og Prat er eit ope tilbod til alle, og baserer seg på Shared reading-modellen, der ein leseleiar les ei novelle og eit dikt for dei som er til stades.

Leseleiaren tar pauser innimellom for å diskutere teksten.

Den som deltek, vel om den ynskjer å vere med i diskusjonen eller høyre på. Aktiviteten krev ikkje førebuing.

Bok og Prat er på Nissedal folkebiblioteket, ein onsdag i månaden frå kl. 10.30 til kl. 12.00.

Det er Margit Kiland som er leseleiar. Margit er leseleiar på dugnad for biblioteket og det er ho som plukkar ut tekstane som blir lest.

Margit har i si yrkeskarriere vore biblioteksjef og kultursjef, og vi er svært heldige som får ha ho som leseleiar i Bok og Prat.

I vår har vi desse datoane for Bok og Prat:

  • 7. januar
  • 4. februar
  • 4. mars
  • 8. april
  • 29. april

Barseltreff på biblioteket

Anita H Haugsjå, helsesjukepleiar i Nissedal, inviterer til barseltreff på biblioteket ein gong i månaden frå september.

Velkomen til barselgruppe for alle som har fått og skal ha barn i 2025/2026!

Vi treffast på måndagar ein gong i månaden på biblioteket ved Tveit skule kl.11.00-12.30.

Formål med gruppa er at foreldre skal dele erfaringar, gje kvardagstips til kvarandre og byggja nettverk. Tilbodet er gratis!

Håpar dykk har lyst og anledning til å vere med. Av erfaring kjem det flest mødre, men det er triveleg om også fedre kjem.

Søsken kan også vere med, men blir det mange kan det ta noko fokus vekk frå dei minste. Uansett skal ikkje mangel på barnepass hindre dykk i å kome.

Datoar:

  • Måndag 22. september (oppstart)
  • Måndag 20. oktober (verdensdag for ph)
  • Måndag 10. november (førstehjelp)
  • Måndag 8. desember (juleavslutning)
  • Måndag 19. januar (babymassasje)
  • Måndag 09. februar (tannpleie)
  • Måndag 16. mars (m/bibliotekar)
  • Måndag 20. april (avslutning m/besøk av ordfører)

Det kan bli forandring på programmet. Då får dykk ev. beskjed på facebook!

Ta med niste. Det blir ordnar frukt og drikke.

Det blir lagt fram matter. Ta gjerne med eit teppe og eit par leiker til å ha på golvet.

Ta kontakt om de lurer på noko, Eg håpar vi sjåast!

Med venleg helsing

Anita Haugstad Haugsjå
Mob: 919 19 123
Helsesjukepleiar
Nissedal kommune

Sjakklubb

Sjakklubb for 1.-10. klasse måndagar kl. 17.00-19.00 på biblioteket i Treungen. Ta kontakt med Grzegorz Bialecki mob. 947 94 680 for meir informasjon og før ein eventuell oppstart.

Lånekort
Er du ikkje låner kan du registrere deg her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. eller ta kontakt , så kan me hjelpe deg.
Sjekk om vi har boka du ynskjer her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

E-bøker
Om du vil låne bøker digitalt kan du laste ned appen Bookbites og få tilgang til mykje god litteratur og lydbøker.
BookBites kan brukas av alle målgrupper, vaksne og barn, og har ein rekke funksjonar som støttar opp under den gode leseopplevinga og vil motivere deg til å lese vidare.
Appen har også integrerte hjelpemidlar for ulike lesevanskar, til dømes dysleksi, og eit brukarvenleg, universelt utforma design.
Last ned appen Bookbites, og følg instruksjonar for pålogging.
Vi kan hjelpe deg til å få tilgang. Er du ikkje låner kan du registrere deg her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Er du låner, men treng pinkode kan du sende e-post til biblioteket@nissedal.kommune.no.

Les meir om bookbites her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Her kan du sjå brukarrettleiing på film Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

PressReader
Om du lastar ned appen PressReader på biblioteket, kan du lese ufatteleg mange aviser og tidsskrifter. Etter at du har opna appen kan du lese vidare i 7 dagar heime.

Ta ein tur innom og få ein god kopp kaffe/te og  ta ein pust i bakken, på biblioteket finn du garantert noko som passar for deg.  

Hendingar og nyheitar blir ofte lagt ut på Facebook

Facebook finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?