Kulturskulen

Søknadsfrist for skuleåret er kvart år 15. mai.

Om kulturskulen

Nissedal kulturskule er eit populært tilbod for elevar i grunnskulen. Eleven skal få grunnleggjande opplæring og ferdigheit til eigen hobby, eller som plattform for vidaregåande skule i retning kultur-uttrykk.

Fleirbrukshuset er hovudsentrum for kulturskulen, men vi vil forsøkje å leggje til rette for undervisning ved Kyrkjebygda oppvekstsenter.

Kulturskulen følgjer hovudsakleg skuleruta.

Frist for oppseiing av tildela plass er vårhalvåret er 1. desember.

Tilbod

For skuleåret 2025/2026 tilbyr me desse tilboda:

  • Gitar/bass
  • Trommer
  • Piano/keyboard
  • Song 
  • Låtskriving - lage melodiar og tekstar, og spele inn enkle demoar. Det er ein fordel om eleven beherskar eit akkordinstrument, eller har lyst til å lære.
  • Teater ( i samarbeid med dei andre tilboda, planlegg vi ein stor musikal til jul)

Vi har dessverre ikkje klart å få eit fast tilbod på dans førebels, men vi håpar å få til dans neste skuleår. Det vil eventuelt komme eigen påmelding til dette seinare.

Tilboda er gebyrregulert.

Opptak - prioritet

  • Tidlegare kulturskuleelevar
  • Dei eldste elevane i grunnskulen

Elevar får berre tilbod om ein elevplass i fyrste omgang, men kan få to plassar dersom det er plass.

Av erfaring har vi sett at nokre instrument krev meir koordinasjon enn andre, og derfor har vi satt ned passandes aldersgrenser. 
Vi tek inn elevar frå 1. klasse på alle instrument, dersom det er plass.

Aldersgrenser:

  • Piano – frå 1. klasse
  • Song – frå 1. klasse
  • Gitar – frå 3. klasse
  • Bass – frå 3. klasse
  • Trommer – frå 3. klasse
  • Låtskriving – frå mellomtrinn/ungdomsskule
  • Dans – frå 2. klasse til ungdomsskule
  • Teater – for mellomtrinn/ungdomsskule

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?