Symjebassenget

I Fleirbrukshuset i Treungen har vi eit symjebasseng som er ope i vinterhalvåret, frå veke 42 til og med veke 15 (minus påske).

Symjebassenget "Jettegrytene" er 12,5 meter langt og held ein temperatur mellom 28-30 grader.

Bassenget har maks kapasitet på 20 personar av gongen.

Badetider

  • Torsdagar:
    • 16:30 – 19:15 Familiebading
    • 19:15 – 20:30: Vaksenbading/trening
    På torsdagar er det berre å møte opp, ingen førehandsbestilling naudsynt.
  • Laurdagar i 2025 veke 42,43,44.45,47, 48, 49 og 50. Laurdagar i 2026, veke 1, 2, 3, 4, 5, 7, 8, 9, 10, 11, 13 og 15
    • kl. 09:30 – 11:00: Vaksenbading/trening, drop-in
    • kl. 11:00 – 16:15: Familiebading med førehandsbestilling
    For å reservere tid på laurdagar, send ei melding til tlf: 904 79 426. Ved førehandsbestilling er du sikra plass og slepp å vente dersom det er fullt. Badetida er 1 time, men du kan bade lenger dersom det er ledig kapasitet.

Viktig informasjon

  • Born under 5. klasse må ha følgje av ein vaksen i bassenget. Frå 5. klasse kan born bade åleine dersom dei er symjedyktige.
  • Vi har ein kiosk der du kan kjøpe mat, og du er hjarteleg velkomen til å spele sjakk, bordtennis og shuffleboard.
  • For å sjekke kapasiteten i bassenget på torsdagar og laurdagar, ring +47 902 36 907.
  • Vi har ei badstove som kan brukast når du er i bassenget. Gje beskjed når du kjøper billett, så blir den sett på (den er varm på 15 minutt). Ein badebillett gjev 30 minutt i badstova. Born kan berre bruke badstova saman med ein vaksen. Ønskjer du å bruke badstova lenger, må du kjøpe ein ny billett for kvar 30 minutt.

Prisar

  • Born: kr 20 per time
  • Vaksne: kr 40 per time
  • Klippekort (10 klipp): kr 180 for born, kr 360 for vaksne
  • Badst: kr 20 per 30 min

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?