Kultur- og prosjektmidlar

Søknadsfrist for kultur- og prosjektmidlar er 15. mai

Kommunen har ein pott på kr 250.000 i kulturmidlar/prosjektmidlar i støtte til drift av lag og organisasjonar i kommunen. Midlane ligg på budsjettet til eining for oppvekst- og kultur.

Det må søkjast på eige skjema, som du finn nedst på sida, eller på e-post til postmottak@nissedal.kommune.no.

Det er eit vilkår at utdrag av rekneskap og årsmelding fylgjer med søknaden, ellers blir den ikkje behandla.

Retningsliner:

  1. Lag og organisasjonar må vere opne for ålmenta for å kunne få tilskot.
  2. Arbeid med tiltak for barn og ungdom blir prioritert.
  3. Kring 1/4 av midlane blir sett av til prosjektmidlar som lag og organisasjonar kan søkje på. Ein ev. rest av prosjektmidlane blir fordelt som drift/oppstartstilskot.
  4. Det kan søkjast på driftstilskot og prosjektmidlar.
  5. Søknadsfrist er 15. mai.
  6. Formannskapet deler ut midlane.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?