Poesistien

Poesistien er ein del av Treungenbanen tur- og sykkelveg. Denne delen av stien er aldersvenleg og universelt utforma. 

Her kan du laste ned brosjyre om stien pdf, 829 kB, åpnes i nytt vindu.

På kvar benk står det eit utdrag av eit dikt skreve av Ruth Lillegraven. Bøkene til Ruth Lillegraven finn du på biblioteket.

Inn i skogen

eg
stansar
i ein sving
langs vegen
klyv over
ei grøft

løftar
eit grønt slør
av bjørkeblad

her startar stien

her forlèt eg
bråk og støy

går inn 
i ei stillare
mjukare
verd

Ruth Lillegraven. Skogen den grøne


Foto: © Agnete Brun
Design: © M8
 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?