Lislehei (487 moh.)

Lislehei ligg like ovanfor Treungen kyrkje og er ein fin liten tur på under timen tur/retur.
Last ned kart her pdf, 213 kB, åpnes i nytt vindu.
Ein kan parkere ved den gamle skulen i Heimdalskrysset, for så å gå ca 100 m mot kyrkja igjen. Ein vil då sjå ein sti opp til høgre. I starten er den merka med små vardar og etter kvart er det ein god sti ein kan fylgje til toppen. Ein må klatre i ein stige eller eit tau undervegs, så turen er ikkje egna for større hundar. Enkelte parti er og litt bratte, så vær obs med små born. Undervegs har ein fint utsyn mot Heimdal og kyrkja.
Lengde: 1 time tur/ retur
Merking: God
Anna: Bratt stige/ taug
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE