Ungdomsklubb
Ungdomsklubben er ope heile året med unnatak av juli, jol, påske og heilgdagar.
Ungdomsklubben stenger i Fleirbrukshuset om det vert arrangert turarar eller arrangement andre stader.
Hovudmål: Ungdomsklubben skal vere ein trygg stad der du trivst og kan vere deg sjølv. Vi ønskjer deg velkomen til ein klubb som er open for alle og som jobbar for eit inkluderande, rusfritt, hyggeleg, leikande og aksepterande miljø.
Aktivitetar: Vi tilbyr mange ulike aktivitetar, som bordtennis, biljard, disco, aktivitetar i gymsalen, dart, sjakk, baking, gode samtalar, leik og mykje meir.
Reglar:
- Alle er inkluderte og aksepterte
- Nulltoleranse for mobbing og hærverk
- Rusfri sone, energidrikker er ikkje tillate
Bemanning: Det er alltid to tilsette på jobb, og nokre gonger har vi vaksne i språkpraksis. Ungdomsklubben samarbeider aktivt med prosjekta Ung i Nissedal, Binders og SLT-koordinator, samt skule og helse. Vi arrangerer også turar og konsertar saman.
Overgangsperiode på ungdomsklubben frå 1. juni:
Frå 1. juni startar overgangsperioden på ungdomsklubben. Det betyr at dei komande elevane er velkomne til å prøve klubben på følgjande dagar:
🔹 4. klassingane er velkomne onsdagar frå kl. 13.00 til 17.30.
🔹 6. klassingane kan kome fredagar frå kl. 17.00 til 20.00.
🔹 7. klassingane er velkomne på laurdag!
Vi gler oss til å bli kjende med dykk og ønskjer alle velkomne til klubben!
Medlemskap: Ved å betale kontingent blir du medlem i ungdomsklubben og får fordelar gjennom året.
- Mellomtrinn: kr 50 per skuleår
- Ungdomstrinn og VGS: kr 100 per skuleår
Følg oss på Snapchat: Søk etter KEMFU Nissedal for påminningar om opningstider og oppdateringar om aktivitetar.
Tilsette på ungdomsklubben
Dette er dei tilsette i ungdomsklubben:
- Grzegorz: Er leiar på ungdomsklubben og jobbar også i skulen. Han kjem frå Polen, men er i dag busett på Tjønnefoss med familien sin. Han er utdanna journalist og har jobba i polsk TV. Gregor er opptatt av sport og sjakk og er MOT coach.
- Oleh: Er utdanna dataingeniør og jobbar og på Multicom i Åmli. Oleh kjem frå Ukraina og starta i ungdomsklubben i språkpraksis, og fekk seinare fast jobb. Oleh er interessert i å reise og gaming.
- Iryna: Er utdanna sosionom frå Ukraina. Ho har vore i språkpraksis i ungdomsklubben og har no fått fast jobb. Iryna bur i Treungen og er opptatt av menneske og å reise, fotografere, teater og musikk.
- Marjan: Er utdanna frisør frå Nederland, her jobbar ho i heimesjukepleia, på Kåsa, som badevakt og på ungdomsklubben. Marjan har lang erfarimng frå ungdomslubben, då ho jobba der tidlegare. Marjan bur i Treungen og er interessert i hund og er glad i å pusse opp.
Ynskjer du å ta kontakt? Er det noko du lurar på? Treng ditt barn tilrettelegging?
Ta kontakt med leiar Grzegorz Bialecki på tlf: 947 94 680 om det er noko du vil ta opp eller spørje om.
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE