Betalingssatsar for barnehageplass
Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Maksprisen blir fastsatt av Stortinget, men kommunestyret kan tilby lågare pris enn maksprisen. Det kan bli endringar i satsane i løpet av eit barnehageår.
| Foreldrebetaling | Beløp |
5 dagar i veka | kr 700 |
4 dagar i veka | kr 560 |
3 dagar i veka | kr 420 |
2 dagar i veka | kr 280 |
Matpengar kjem i tillegg og er rekna ut etter sjølvkostprinsippet. Betalingssats mat for full barnehageplass per mnd.: Kr 505
Kjøp av enkeltdagar kr 177.
Søskenmoderasjon
Det er 30% søskenmoderasjon for barn nr. 2. For barn nr. 3 er barnehageplassen gratis.
Du treng ikkje å søkje om syskenmoderasjon. Vi har oversikt i vårt datasystem for å kunne fakturere med prisreduksjon for sysken. Ved kombinasjon av barn i både SFO og barnehage, vil moderasjon alltid byrje i barnehage.
Eksempel kombinasjon barnehage og SFO:
Full pris for barn 1 i barnehage.
30% moderasjon for barn nr. 2 i SFO eller barnehage.
Vidare 50% moderasjon for andre sysken.
Moderasjonsordningar
Det er to ulike moderasjonsordningar i barnehagen, båe avhengig av foreldra si samla brutto inntekt:
- Moderasjonsordning der foreldrebetaling for ein barnehageplass maksimalt skal utgjere 6 % av familien si samla person- og kapitalinntekt. Dette blir rekna ut individuelt. Moderasjonsordningar, avhengig av foreldra si samla brutto inntekt, blir innvilga etter søknad. Betalingssatsen vil av denne årsak vere ulike for kvar og ein.
- Ordning med gratis kjernetid på 20 timar/veka for 2-, 3-, 4- og 5-åringar i familiar med brutto inntekt mindre enn kr 669 050,-.
Betaling - faktura
Foreldrebetalinga blir ordna slik at kommunen ein gong pr. mnd. sender faktura til heimane.
Med bakgrunn i lækjarattest blir det ikkje kravd betaling for barn som grunna sjukdom har vore borte frå barnehagen samanhengande meir enn 1 mnd.
Innbetalingsfrist - den 20. kvar månad.
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Kindergarten Placement
- مقعد روضة الأطفال
- Place en garderie
- Детский сад
- Mánáidgárdesadji
- Anaokulu yeri
- Kva er barnehagen sitt ansvar?
- Søk eller endre barnehageplass
- Fellesinformasjon for barnehagane
- Treungen barnehage
- Hovudopptak til barnehage for 2026-2027
- Dispensasjon frå utdanningskravet og kravet om norskferdigheitar for styrar og pedagogisk leiar
- Rettleiing av barnehagar
- Er du ikkje nøgd med tilbodet i barnehagen?
- Tilsyn av barnehagane
- Godkjenning av barnehagane
- Dispensasjon frå norm for grunnbemanning
- Dispensasjon frå pedagognorm
- Hovudopptak til barnehage for 2025-2026
- Helse og miljø i barnehagen, skulen og SFO
- Kva er barnehagemyndigheit?
- Felle barnehage
- Kyrkjebygda barnehage
- Fjone barnehage
- Einingsleiar oppvekst og kultur
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE