Rettleiing av barnehagar
Som barnehagemynde har kommunen blant anna ansvar for godkjenning, tilsyn og rettleiing av barnehagar for å sjå til at barnehagane følgjer regelverket. Ansvaret gjelder for både kommunale og private barnehagar. I merknader til barnehageloven § 10, Barnehagemynde sitt ansvar, står følgjande om rettleiing:
Kommunen skal gje rettleiing og sjå til at barnehagane blir drive i samsvar med gjeldande regelverk.
Kommunen skal ved godkjenninga, og gjennom aktiv rettleiing og tilsyn, sjå til at barnehagane i kommunen blir drivei tråd med de krava som er fastsatt i barnehageloven med tilhøyrande forskrifter
Aktiv og god rettleiing er eit viktig verkemiddel for å oppnå gode barnehagar, og effektiv etablering og drift.
For Nissedal kommune betyr dette å arbeide aktiv inn mot barnehagane og syte for eit godt samarbeid mellom barnehagemynde og barnehageeigar. Med utgangspunkt i dei opplysningane kommunen får kjennskap til, skal Barnehagemynde rettleie barnehageeigarar og barnehagane til å etterleve regelverket. Gjennom risikoanalyser – og vurderingar skal det bli teke avgjersle på kor og når det kan være formålstenleg å gå inn med rettleiing. Rettleiing har alltid som mål å sikre god etterleving av regelverk. I dei tilfella barnehagemynde har vald å bruke rettleiing som verkemiddel, og dette ikkje fører til regelverksetterleving, er det naudsynt å nytte tilsyn som verkemiddel. Det er likevel kkje eit vilkår for tilsyn at barnehagemyndigheten først har prøvd rettleiing.
Å sjå til regelverksetterleving inneber både ein aktivitet for å vurdere risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og ein plikt til å bruke verkemidla slik at praksisen til barnehageeigar er i samsvar med regelverket.
Plan for myndigheitsoppgåver knyta til rettleiing og tilsyn (kjem ny hausten 2022)
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Tilsyn av barnehagane
- Godkjenning av barnehagane
- Dispensasjon frå norm for grunnbemanning
- Dispensasjon frå pedagognorm
- Dispensasjon frå utdanningskravet og kravet om norskferdigheitar for styrar og pedagogisk leiar
- Er du ikkje nøgd med tilbodet i barnehagen?
- Kva er barnehagemyndigheit?
- Felle barnehage
- Kyrkjebygda barnehage
- Fjone barnehage
- Place en garderie
- Kindergarten Placement
- مقعد روضة الأطفال
- Anaokulu yeri
- Mánáidgárdesadji
- Детский сад
- Kva er barnehagen sitt ansvar?
- Søk eller endre barnehageplass
- Fellesinformasjon for barnehagane
- Treungen barnehage
- Hovudopptak til barnehage for 2025-2026
- Hovudopptak til barnehage for 2026-2027
- Helse og miljø i barnehagen, skulen og SFO
- Einingsleiar oppvekst og kultur
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE