Tilsyn av barnehagane i Nissedal kommune
Som lokal barnehagemynde har kommunen ansvar for tilsyn og rettleiing av barnehagane i kommunen, for å sjå til at barnehagane følgjer regelverket. Ansvaret gjeld for både kommunale og private barnehagar. Dette inneber at kommunen også fører tilsyn med barnehagar som den sjølv driv. For å syte for rettstryggleiken til alle barnehageeigarar i Nissedal kommune og sikre legitimiteten av tilsyns- og rettleiingsarbeidet, er eigarrolla til kommunen i barnehagesektoren åtskilt frå myndigheitsrollen. Einingsleiar for oppvekst og kultur er barnehageeigar og rolla som barnehagemynde ligg i stillinga til pedagogisk konsulent. Tilsyn kan førast gjennom skriftlig dokumentasjon frå barnehagane og gjennom tilsynsbesøk. Det er ikkje lovpålagt kor ofte og korleis tilsyn skal gjerast.
Barnehagemynde sitt ansvar avgrensar seg til å føre tilsyn etter Lov om barnehagar med forskrifter. Dersom det blir oppdaga brot på andre lovar og forskrifter skal dette bli meldt til gjeldande instans. Barnehagelova set skilje mellom ansvar og oppgåver til barnehageeigar, og ansvar og oppgåver kommunen har som barnehagemynde. Eigar har et sjølvstendig ansvar for at barnehagelova med forskrifter blir oppfylt, medan det er kommunen som barnehagemynde som har ansvar for å sjå til barnehagane blir drive i samsvar med gjeldande regelverk.
Å syte for etterleving av regelverk inneber både ein aktivitet for å vurdere risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og ein pliktar til å bruke verkemidla slik at praksisen til barnehageeigar er i samsvar med regelverket.
Tilsyn med barnehager Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. (udir.no)
Nissedal kommune sin plan for myndigheitsoppgåver tilknytt til rettleiing og tilsyn (vedlegg 1- ikkje ferdig)
Rettleier/ metodebok om tilsyn i barnehagen Metodehåndbok for tilsyn Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. (udir.no)
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Godkjenning av barnehagane
- Dispensasjon frå norm for grunnbemanning
- Dispensasjon frå pedagognorm
- Dispensasjon frå utdanningskravet og kravet om norskferdigheitar for styrar og pedagogisk leiar
- Rettleiing av barnehagar
- Er du ikkje nøgd med tilbodet i barnehagen?
- Kva er barnehagemyndigheit?
- Felle barnehage
- Kyrkjebygda barnehage
- Fjone barnehage
- Kva er barnehagen sitt ansvar?
- Søk eller endre barnehageplass
- Fellesinformasjon for barnehagane
- مقعد روضة الأطفال
- Place en garderie
- Kindergarten Placement
- Детский сад
- Mánáidgárdesadji
- Anaokulu yeri
- Treungen barnehage
- Hovudopptak til barnehage for 2025-2026
- Hovudopptak til barnehage for 2026-2027
- Helse og miljø i barnehagen, skulen og SFO
- Einingsleiar oppvekst og kultur
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE