Fellesinformasjon
Me har ein desentralisert barnehagestruktur med barnehagetilbod i Treungen, Felle, Fjone og Kyrkjebygda.
Barnehagane samarbeider tett om å gje innbyggjerane eit best mogleg tilbod gjennom felles satsingsområder, felles kompetanseheving for tilsette og gjennom samordna opptak.
Orientering om barnehagetilbodet
Me har eit hovudopptak i mars, og har fortløpande opptak gjennom året ved ledige plassar.
Føresette kan velje mellom 2, 3, 4 eller 5 dagars tilbod.
Barnehagane samarbeider tverrfagleg med helsestasjon, skule, ppt og barneverntenesta.
Barn som får fast barnehageplass, har plassen til dei tek til på skulen, plassen blir endra eller sagt opp.
Foreldre kan søkje om endring av tilbodet.
Barnehagen har 5 planleggingsdagar i året. Planleggingsdagane er felles for alle tilsette i barnehagane. Barnehagane er stengt desse dagane.
Frist for oppseiing av barnehageplass er ein månad. Alle nye som ynskjer barnehageplass ved nytt barnehageår må søke innan 1. mars.
Dei som har barnehageplass treng ikkje å søke på nytt. De må søkje på nytt dersom: - du vil søkje endring av noverande tilbod - bytte barnehage - du har søkt tidlegare, men ikkje fått plass
«Det gode liv» - Plan for det gode oppvekstmiljø i Nissedal
Lov om barnehagar og Opplæringslova forpiktar oss til å ha ein plan for korleis vi arbeidar med barnehage- og skulemiljø. Vi må synleggjere korleis vi arbeidar førebyggande, samtidig som vi må synleggjere korleis vi agerer einskildsaker, og følger opp.
Dette syner vi gjennom denne digitale planen: Det gode liv» - Plan for det gode oppvekstmiljø i Nissedal Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Søk eller endre barnehageplass
- Place en garderie
- Kindergarten Placement
- Kva er barnehagen sitt ansvar?
- مقعد روضة الأطفال
- Детский сад
- Anaokulu yeri
- Mánáidgárdesadji
- Treungen barnehage
- Hovudopptak til barnehage for 2025-2026
- Hovudopptak til barnehage for 2026-2027
- Tilsyn av barnehagane
- Godkjenning av barnehagane
- Dispensasjon frå norm for grunnbemanning
- Dispensasjon frå pedagognorm
- Dispensasjon frå utdanningskravet og kravet om norskferdigheitar for styrar og pedagogisk leiar
- Rettleiing av barnehagar
- Er du ikkje nøgd med tilbodet i barnehagen?
- Helse og miljø i barnehagen, skulen og SFO
- Kva er barnehagemyndigheit?
- Felle barnehage
- Kyrkjebygda barnehage
- Fjone barnehage
- Einingsleiar oppvekst og kultur
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE