Kva er vårt ansvar?

Kva er barnehagen sitt ansvar?
Barnehagen har ansvar for å gjennomføre oppstartsamtale før barnet begynner i barnehage. I samtala skal barnehagen jobbe for å etablere god relasjon til foreldra. Dei skal invitere til ein open dialog om heimeforhalda og gje beskjed om at barnehagen ynskjer informasjon om forhald i heimen som påverkar barnet. Alle foreldre må møte. Referat frå samtalane blir dokumenterte og arkiverte.
Barnehagen har ansvar for å gjennomføre foreldresamtalar to gonger i året. I samtalane skal barnehagen jobbe for å etablere god relasjon til foreldra. Dei skal invitere til ein open dialog om heimeforhalda og gje beskjed om at barnehagen ynskjer informasjon om forhald i heimen som påverkar barnet. Alle foreldre må møte. Referat frå samtalane blir dokumenterte og arkiverte.
På foreldremøte om hausten skal barnehagen gje informasjon om korleis vi arbeider med barn og unge i Nissedal kommune.
Barnehagen skal samarbeide med andre innstansar i kommunen om å utarbeide ei felles forståing og tverretatleg kompetanse på å identifisere og følgje opp barn i målgruppa.
Leiar i barnehagen skal bidra i styringsgruppa til prosjektet.
Ansatt i barnehagen skal delta i arbeidsgruppa for modellkommuneprosjektet.
Kva er dei tilsette i barnehagen sitt ansvar?
- Alle tilsette i barnehagen skal vere på vakt ovanfor forhald som bør vekke bekymring. Det kan vere bekymring for barn, for foreldre eller samspelet dei i mellom.
- Ved bekymringsfulle observasjonar har alle tilsette ansvar for å:
- Konkretisere observasjonane
- Drøfte observasjonane med kollega eller leiar
- Vurdere om observasjonane gjev grunnlag for bekymring
- Ved bekymring for eit barn skal det vurderas
- Handterer vi dette i eigen eining
- Treng vi hjelp til å vurdere?
- Skal dette meldas til barnevern/ Politi
- Barnehagen skal i samarbeid med føresette sjå på kva for tiltak dei kan sette inn for å avhjelpe ein vanskeleg situasjon. Tiltaka skal evalueras jevnleg.
- Barnehagen skal i møte med barn i utsette familiar vere tilgjengelege, sjå barnet, prate med barnet, bidra til meistring og sosial utfaldelse.
- Barnehagen skal i møte med foreldre vere tilgjengelege, ha fokus på barnet og samarbeide med andre instansar der det er føremålsteneleg.
- Barnehagen skal ha kunnskap om samarbeidande instansar. Dei skal be om samtykke og ta kontakt med samarbeidspartar dersom dei meiner at det er hensiktsmessig i forhold til å vurdere bekymring eller følgje opp nokon i familien.
- Tilsette i barnehagen skal delta i ansvarsgrupper og bidra til å utarbeide IP der et er aktuelt.
- Alle tilsette har lovfesta plikt til å gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt. Opplysningsplikta går før lovbestemt teieplikt. Det inneber at teieplikta blir sett til side der vilkåra for opplysningsplikt er oppfylt.
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Place en garderie
- Kindergarten Placement
- مقعد روضة الأطفال
- Anaokulu yeri
- Mánáidgárdesadji
- Детский сад
- Søk eller endre barnehageplass
- Fellesinformasjon for barnehagane
- Treungen barnehage
- Hovudopptak til barnehage for 2025-2026
- Hovudopptak til barnehage for 2026-2027
- Tilsyn av barnehagane
- Godkjenning av barnehagane
- Dispensasjon frå norm for grunnbemanning
- Dispensasjon frå pedagognorm
- Dispensasjon frå utdanningskravet og kravet om norskferdigheitar for styrar og pedagogisk leiar
- Rettleiing av barnehagar
- Er du ikkje nøgd med tilbodet i barnehagen?
- Helse og miljø i barnehagen, skulen og SFO
- Kva er barnehagemyndigheit?
- Felle barnehage
- Kyrkjebygda barnehage
- Fjone barnehage
- Einingsleiar oppvekst og kultur
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE