Kva er vårt ansvar?

Helseavdelinga skal samarbeide med andre instansar i kommunen om å utarbeide ei felles forståing og tverretatleg kompetanse på å identifisere og følgje opp barn i målgruppa.

Leiar i helse og habilitering skal bidra i styringsgruppa til prosjektet.

Tilsette i psykisk helseteneste og helsestasjon skal delta i arbeidsgruppa for modellkommuneprosjektet.

  • Alle tilsette i helseavdelinga skal vere på vakt ovanfor forhald som bør vekke bekymring. Det kan vere bekymring for barn, for foreldre eller samspelet dei imellom. 
  • I møte med personar som har utfordringar i fht psykisk helse, rus og vald skal vi alltid undersøke om vedkommande har barn, kven andre som er ressurspersonar for barna og korleis helseproblema til den vaksne påverkar barna.
  • Ved bekymringsfulle observasjonar har alle tilsette ansvar for å: 
  1. Konkretisere observasjonane
  2. Drøfte  observasjonane med kollega eller leiar
  3. Vurdere om observasjonane gjev grunnlag for bekymring
  •  Ved bekymring for eit barn skal det vurderas
  1. Handterer vi dette i eigen eining
  2. Treng vi hjelp til å vurdere?
  3. Skal dette meldast til barnevern/ Politi
  • Tilsette i helseavdelinga skal i samarbeid med føresette sjå på kva for tiltak dei kan sette inn for å avhjelpe ein vanskeleg situasjon.  Tiltaka skal evalueras jevnleg. 
  • Tilsette skal i møte med barn i utsette familiar vere tilgjengelege, sjå barnet, prate med barnet, bidra til meistring og sosial utfaldelse. 
  • Tilsette skal i møte med foreldre vere tilgjengelege, ha fokus på barnet og samarbeide med andre instansar der det er føremålsteneleg.
  • Alle tilsette i helseavdelinga skal ha kunnskap om samarbeidande instansar. Dei skal be om samtykke og ta kontakt med samarbeidspartar dersom dei meiner at det er hensiktsmessig i forhold til  å vurdere bekymring eller følgje opp nokon i familien. 
  • Tilsette innanfor helse skal delta i ansvarsgrupper og bidra til å utarbeide IP der et er aktuelt. 
  • Alle tilsette har lovfesta plikt til å gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt. Opplysningsplikta går før lovbestemt teieplikt. Det inneber at teieplikta blir sett til side der vilkåra for opplysningsplikt er oppfylt. 
  • Tilsette skal i samarbeid med barnet og/ eller familien evaluere alle tiltak som er sett i gang. 
  • Tilsette skal sørge for at andre tek over oppfølginga dersom ein sjølv trekker seg ut og familien framleis har behov for oppfølging. Dette skal dokumenteras. 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?