Nissedal PPT

Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT) er ei uavhengig lovpålagt teneste. PPT hjelper born, unge og vaksne som har behov for særskild tilrettelegging. Tenesta støttar også barnehagar og skular i å tilretteleggje for eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

PPT er tilgjengeleg for alle med særskilde behov, inkludert språk- og talevanskar, konsentrasjonsvanskar, sosiale og emosjonelle vanskar, reguleringssvanskar, syns- og høyrselsvanskar, samt generelle lærevanskar.

Korleis få hjelp?

Tilvising til PPT kan gjerast av foreldre, barnehagar, skular, helse- og omsorgstenesta, eller andre relevante instansar. Elevar over 15 år kan sjølv ta kontakt med PP-tenesta.

Nissedal PP-teneste er ei rettleiingsteneste som skal bidra med kompetanse i barnehage og skule med tanke på å skape gode og stimulerande utviklings- og opplæringsmiljø gjennom tilpassa og inkluderande opplæringstilbod til barn og elevar med særlege behov.

Førebyggjande arbeid

PPT støttar barnehagar og skular i å vurdere behov for tilrettelegging og setje inn tiltak tidleg.

Kompetanseutvikling

PPT hjelper med organisasjons- og kompetanseutvikling for å tilretteleggje for born og unge med særskilde behov.

PPT skal óg sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering når lova krev det. PP-tenesta vurderer om det er behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehage, Individuelt tilrettelagd opplæring i grunnskule, og for vaksne med rett til spesialundervisning.

Sakkyndige vurderingar

PPT utarbeider sakkyndige vurderingar som grunnlag for enkeltvedtak etter barnehagelova og opplæringslova.

Tidleg eller utsett skulestart. PP-tenesta kan i samråd med føresette og andre instansar familien samarbeider med, ta ei fagleg og begrunna avgjersle basera på Opplæringslova § 2-4 om det søkjast om tidleg eller utsett skulestart. PPT vil då utarbeide ei sakkyndig vurdering.

Samarbeid med andre fagmiljø

PPT deltar i ulike fora for tverrfagleg samarbeid i Nissedal kommune. Målet med møta er å drøfte aktuelle saker og førebyggjande tiltak. Desse møta er i tillegg ein arena for informasjonsutveksling og etablering av strukturar og samarbeid på tvers av verksemder og tenester. PPT samarbeider med blant anna;

PPT har taushetsplikt

Opplysningar om barnet eller eleven er unnateke offentlegheit, og vil ikkje bli gitt vidare utan samtykkje.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?