Skulefritidsordning - SFO

Me har tilbod om SFO på Kyrkjebygda oppvekstsenter, Tveit skule, Felle barnehage og Fjone barnehage.

Om SFO

Skulefritidsordninga (SFO) er eit omsorgs- og fritidstilbod utanom den vanlege skuledagen, der leksehjelp, leik og sosial læring er viktige element. God og sunn mat som gjev god helse blir servert på SFO avdelingane. 

SFO er primært eit tilbod til barn i 1.-4. klasse, men føresette til elevar i 5.-7. klasse kan søkje om opptak. Barn med særskilte behov har rett til plass til og med 7. klasse.

Regjeringa har innført ordning med 12 timar pr. veke gratis SFO for elevar på 1.- 3.trinn. Kommunestyret har vedtatt at ordninga skal også gjelde for 4. trinn frå 01.08.2024.  Dette legg vi inn som trekk i fakturagrunnlaget.

Grunnskulane i Nissedal kommune tilbyr SFO.

Talet på vaksne er avhengig av talet på born i ordninga. Vedtektene seier at det skal vere 1 vaksen per 11-13 born.

Vedtekter SFO

Vedtektene for SFO vil bli endra hausten 2026 grunna avslutting av SFO-tilbodet på Felle og Fjone.

Det vil bli ei behovsprøvd ordning for familiar på Felle som grunna arbeidssituasjon motsatt veg ikkje kan rekke å levere eller hente på Tveit SFO.

Inntil vidare kan spørsmål om dette bli retta til Kommunalsjef for oppvekst og kultur.

E-post: reidun.retterholt@nissedal.kommune.no

Her kan du laste ned vedtekter for SFO pdf, 755 kB, åpnes i nytt vindu.

SFO følgjer skuleruta og held ope dei 190 dagane det er skule. 

SFO Tveit:
Måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag kl. 07.30 – 08.30
Måndag, tysdag, torsdag kl. 14.15 - 16.30
Onsdag kl. 12.30 – 16.30
Fredag kl. 13.45 – 16.30

SFO Kyrkjebygda:
Morgon alle dagar kl. 7.30-8.10
Ettermiddag måndag, tysdag, torsdag og fredag og kl. 13.50-16.30
Onsdag kl. 13.00-16.30.

Felles for barna i SFO alle dagar:
Ha med nisteboks til frukost

SFO tilbod i feriar: 
Har dykk behov for SFO i haust, vinter eller sommarferie kan dykk nytte tilbodet ved Tveit småskule / Kyrkjebygda oppvekstsenter. 
I feriar blir 2 av 5 dagar gitt gratis.

I jole- og påskeferiar er SFO alltid stengt. 

Meld elevane på i god tid.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?